Endetarmsfremfall, nynorsk
Endetarmen, saman med dei andre bekkenorgana som livmor og urinblære, blir halde oppe og på plass av musklane og bindeveva til bekkenbotnen. Når desse blir slappe, kan for eksempel endetarmen falle ned og ut av analopninga.
Vi skil mellom indre og ytre endetarmsframfall. Når større delar av endetarmen kjem ut av analopninga, snakkar vi om ytre framfall. Det er ingen vanleg tilstand og førekjem oftast hos kvinner.
Dei fleste med indre framfall har ingen plager med det. Dei som blir plaga, kan oppleve treig avføring og problem med å tømme tarmen, og iblant inkontinens, smerter og kløe. For pasientar med mykje plager og som blir hemma av dette, kan det vere aktuelt med operasjon.
Tilvising og vurdering
Fastlegen din kan undersøke deg og tilvise deg til oss for vurdering av planlagt operasjon. For at vi skal kunne gi den rette behandlinga, er det nødvendig med fleire undersøkingar, som blir utført på sjukehus.
Før
Utgreiinga på sjukehus inneber vanlegvis fleire undersøkingar:
- Ano-rektoskopi (undersøking av endetarmen med eit lite skop)
- Dostol-test
- Røntgen Defekografi (for å vurdere tarmtømming og utelukke andre typar framfall)
- Røntgen Colon transittid (for å vurdere forstoppingsplager)
Under
Du må møte fastande om morgonen og kan reise heim etter eit kort opphald på sjukehuset. Spesielle forhold kan gjere at nokre pasientar må vere innlagt både før og etter operasjonen.
Ulike operasjonsalternativ
Det finst ulike operasjonar som eignar seg for ulike pasientgrupper. Alder og den generelle helsa er viktige moment når ein vurderer metode. For pasientar som har ein høg alder og dårlegare generell helse, kan det vere aktuelt med eit lokalt inngrep som blir gjort gjennom analopninga. For dei fleste vil operasjonen bli gjort med kikkholskirurgi og robotkirurgi.
Fremre rectopexi
Denne operasjonen blir rutinemessig utført med kikkholsmetode/robotkirurgi i narkose. I praksis vil ein sy eit nett framfor endetarmen, heise den opp, og dermed førebygge nye framfall.
Delormes operasjon for rektalprolaps
Dette inngrepet blir gjort gjennom analopninga og er ein mindre, lokal operasjon.
Etter
Det er ingen rutinemessig kontroll hos kirurg etter operasjon, men du får individuell oppfølging tilpassa dine behov. Før du reiser heim, får du informasjon om korleis inngrepet gjekk, og du får med deg smertestillande tablettar og eventuelt resept og sjukemelding.
Ver merksam
Oppsøk sjukehuset dersom du opplever sterke magesmerter og feber dei første dagane etter operasjon.
Kontakt
Sentralblokka
Gastrokirurgisk avdeling
Ventetid: 26 - 54 uker
Ventetid: 26 - 54 uker
Kontakt Gastrokirurgisk avdelingOppmøtestad
Kirurgisk ekspedisjon i 5. etasje i Sentralblokka.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen