Behandling

Fleirfamiliegruppe med undervisnings- og samtaletilbod

Fleirfamiliegruppe er eit behandlingstilbod til personar med psykisk liding og deira næraste familie. Tilbodet inneber at du og familien din, andre familiar i same situasjon og to gruppeleiarar møtest regelmessig i inntil to år. Gjennom samtalar, undervisning og problemløysing er målet å gi deg best mogleg støtte og hjelp i kvardagen.

Hjelp til deg og familien

Skulle du ønskje at dykk som familie fekk hjelp til å halde oppe kontakten i ei vanskeleg tid? Lurer familiemedlemmar på korleis dei best kan hjelpe deg? Ønskjer du å bli kjent med andre som har liknande erfaringar?

Når du har psykiske utfordringar kan det vere vanskeleg å uttrykkje korleis du har det, overfor dei som står deg nærast. Du kan også vere usikker på kor mykje og kva slags kontakt du ønskjer å ha med familien.

Familien din er bekymra, og vil prøve å hjelpe deg på ulike måtar. I møte med krise og sjukdom hos ein familiemedlem, er det vanleg å reagere både med redsel, sinne og uro. Det gjer at dei ikkje alltid klarer å møte deg på den måten du treng. Mange familiemedlemmar opplever dessutan at dei ikkje veit nok om den psykiske lidinga di.

Tilvising og vurdering

Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på om fleirfamiliegruppe er noko for deg og familien din. Vi inviterer dykk også gjerne til ein uforpliktande samtale for å gi dykk nærare informasjon om kva dette tilbodet inneber. Fastlegen eller behandlaren din sender oss tilvising når det er avklart at de ønskjer å delta.

Før

Før gruppa startar opp, møter du og familiemedlemmane dine gruppeleiarane for å bli kjende og førebu deltaking i gruppa. Du får det de treng av praktisk informasjon på førehand. Dersom de har spørsmål undervegs kan de kontakte gruppeleiarane.

Under

I ei fleirfamiliegruppe deltek vanlegvis fem personar som kvar har med seg eitt til tre familiemedlemmer. Du bestemmer sjølv kven i familien du ønskjer å ha med. Gruppa blir leidd av to gruppeleiarar.

Vi arrangerer to undervisningsseminar i fleirfamiliegruppa, eitt ved oppstart og eitt seinare.

Etter det innleiande undervisningsseminaret har vi gruppemøte annakvar veke i 1-2 år. Du får beskjed om kor lenge gruppa di varer før ho startar. Møta er på kveldstid og kvart møte varer i halvannan time.

Gruppemøta handlar om å finne løysingar på utfordringar i kvardagen. Til dette bruker vi ein eigen metode for problemløysing. Deltakarar i fleirfamiliegrupper opplever at erfaringane som blir formidla i ei slik gruppe kan bidra til forståing og meistring av eigen situasjon. Samtidig blir fellesskapet opplevd som støttande, noko som er viktig for at ein ikkje kjenner seg åleine. Vi forventar ikkje at du deler dine inste tankar i gruppa.

Familien din treng kunnskap for å kunne vere til hjelp og støtte for deg. Vi jobbar med ulike problemstillingar og tema:

  • Forståing for psykisk helse
  • Generelle råd om kva familien kan gjere
  • Konkrete råd om kommunikasjon
  • Psykiske og sosiale forhold som kan ha noko å seie for at du skal fungere best mogleg
  • Kva fremjar og kva hemmar betring?
  • Korleis lause daglegdagse utfordringar?
  • Korleis kjenne igjen teikn på framsteg og tilbakefall?
  • Ulike behandlingsmetodar
  • Rettar

Etter

Når fleirfamiliegruppa er ferdig, held du fram eventuelt anna behandling og oppfølging i samråd med behandlaren eller fastlegen din.

Fleirfamiliegruppe kan hjelpe deg

Visste du at å involvere familien din når du strevar psykisk aukar sjansane for å få det betre og bli heilt frisk? Fleirfamiliegruppe kan hjelpe deg som har fått ein psykose- eller bipolar liding og deg som mistenkjer at du kan ha det. Det gir deg og familien din kunnskap om psykiske lidingar, stress, god kommunikasjon og korleis du kan løyse kvardagsutfordringar. Høyr korleis desse to ungdommane har opplevd å vere i fleirfamiliegruppe og ikkje lenger stå åleine:

Kontakt

  • Kontakt Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS)

    Oppmøtestad

    Bjørgvin DPS har stader både på Tertnes i Åsane og på Knarvik i Nordhordland. Begge stadene tilbyr eit breitt spekter av tenester innan psykisk helsevern og behandling. Vi legg stor vekt på å skape ein trygg og støttande atmosfære for våre pasientar, og vårt dedikerte team av fagfolk står klare til å bistå dei som treng det, enten det er i Tertnes eller Knarvik.

    Tertnesveien 37

    Tertnesveien 37

    Kvassnesveien 63, Knarvik

    Kvassnesveien 63

    5914 Isdalstø

    Transport

    Det er 2 timer gratis parkering på hverdager mellom kl. 08:00 – 17:00. Videre takst ut over de 2 gratis timene følger Helse Bergen HF-standard.

    Betaling med appen Unum: Du kan betale enten ved å registrere deg og betale automatisk med Unum-appen, betale på nett eller betale ved å bruke automat.Les meir om betaling og Unum på nettsidene deira

    Det er tilrettelagt for lading av bil ved AFR Tertnes.

    Prisar for parkering

    Kvardager:
    Kl. 08-17: Kr 15,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 250,- per døgn (samanhengande parkering).
    Kl. 17-21: Kr 10,- per påbegynte 30 minutt.
    Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr. 40,- per natt.

    Laurdag og søndag: 
    kl. 08-21: Kr 15,- per påbegynte 60 minutt. Maks 105,- per dag. 
    Kl. 21-08: Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt
    (samanhengande parkering).

    Gratis parkering for mopedar, motorsyklar og mopedbilar på oppmerka plassar ved hovedinngang til Bjørgvin DPS.

    ​Det er parkering for pasientar og besøkande i parkeringsanlegg under helsehuset. Her er det om lag 100 parkeringsplassar, der 70 av desse kan nyttast av pasientar og besøkande. Det er 3 timar gratis parkering (SesamSesam) for pasientar i parkeringskjellaren under helsehuset. Parkeringssystemet Sesam Sesam nyttar skiltgjenkjenningssystem der eit kamera les av bilskilta ved inn- og utkøyring.​

    Praktisk informasjon

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    Alle er velkomne til kantina vår i Bygg B.

    Opningstider måndag - fredag klokka 10:30 til 12:30

    ​Alle er velkommen til kantina vår i Bygg B. 
    Opningstider måndag - fredag klokken 10.30 til 13.00.
  • Kontakt Kronstad distriktspsykiatriske senter

    Oppmøtestad

    Kronstad DPS på Danmarksplass i Bergen.

    Kronstad

    Fjøsangerveien 36

    5054 Bergen

    Transport

    ​​​Nærmaste stoppestad er Danmarksplass bybanestopp som du finn rett utanfor Kronstad DPS.  

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    ​​Ved Kronstad DPS kan ein parkere i garasjeanlegg i underetasjen. Innkøyring er frå Ibsensgate ved nordenden av Krohnsminde idrettsplass. Ved betaling kan ein bruke både kontantar eller kort. Alternativ parkering er i Solheim parkeringshus i Solheimsgaten.

    Praktisk informasjon

    ​Danmarksplass Apotek ligg i same bygget som Kronstad DPS like ved bybanestoppet på Danmarksplass. 

    Apoteket er ope måndag-fredag kl. 09-18, laurdag kl. 10-15, og har telefon 55 59 15 00. 

    ​Familierommet er i 5. etasje. Etter avtale kan pasientar her ta imot familie og vener som kjem på besøk. 
    Vi har og fleire nøytrale rom som til dømes kan nyttast til samtalar mellom pasient, familie og behandlar.

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    Visittiden ved Kronstad DPS er frå kl. 17.00 til 20.00.

  • Kontakt Psykiatrisk klinikk

    Oppmøtestad

    Sandviksleitet 1

    Sandviksleitet 1, Vinterdalen barnehage

    Sandviksleitet 1

    Transport

    ​Samtlege nordgåande rutebussar går forbi sjukehuset i Sandviken. Busstoppet heiter ​Gamle Bergen.

    Reiseplanleggar på Skyss si nettside

    ​​Parkering for pasientar og pårørande i Sandviken er den store parkeringsplassen foran sjukehusbygningane.  

    Prisar
    Kl. 08.00-17.00 Kr 15,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 250,- per døgn
    Kl. 17.00-21.00 Kr 10,- per påbegynte 30 minutt
    Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt

    Dr. Martens
    Besøkande til avdelingar som held til i bygget Dr. Martens kan få parkeringsoblat for den tida de skal besøke nokon. Ta kontakt med tilsette på avdelinga de skal besøke for å få dette.

  • Kontakt Øyane distriktspsykiatriske senter

    Oppmøtestad

    Øyane DPS held til i Blombakkane 75 på Straume. Ta inn vegen ved Helsehuset (vis-a-vis kommunehuset) og fortsett rett fram opp til toppen av bakken, der ligg bygget til Øyane DPS.

    Postadresse

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus
    Øyane DPS, Postboks 1400
    5021 Bergen
    Inngangsparti Øyane DPS. Foto

    Blombakkane 75

    Blombakkane 75

    5353 Straume

    Transport

    ​Det går regelmessig buss til og frå Straume terminal på dagtid. Det er om lag 10-15 minutt å gå frå terminalen til våre lokale. 

    Sjekk ruteplanleggaren til Skyss for ruter, haldeplassar og avgangstider​

    ​Det er gratis parkering for pasientar på plassen rett utanfor Øyane DPS. 

    Praktisk informasjon

    På formiddagen kan ein kjøpe ferdigsmurte rundstykke ved kantinene ved Øygarden medisinske senter eller Fjell sjukeheim. Det er også gangavstand til Sartor Storsenter som har eit variert tilbod av mat og servering.

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Kontakt Sikkerhetspsykiatri