Godarta svulstar i hud
Det er vanleg å ha godarta svulstar i hud. Desse treng vanlegvis inga behandling. Dersom det er tvil om utveksten kan innehalde celleforandringar eller hudkreft kan det likevel vere aktuelt å ta prøve frå svulsten, eller fjerne han.
Tilvising og vurdering
Ofte kan fastlegen sjølv fjerne slike svulstar. Fastlegen kan også tilvise til undersøking hos spesialisthelsetenesta; anten til hudlege eller til kirurg.
Du blir tilvist anten til ein poliklinikk ved eit sjukehus eller til ein praktiserande spesialist med kontor utanfor sjukehuset.
Ventetida avheng av kva opplysningar fastlegen har gitt i tilvisinga, men vil vanlegvis vere 3 – 6 månadar.
Utgreiing
Undersøkinga inneber at hudlegen vurderer svulsten og avgjer om det er nødvendig å ta vevsprøve (biopsi) eller fjerne svulsten for å sende inn til analyse. Dette er særleg aktuelt dersom det er tvil om diagnosen. Dersom hudlegen er sikker på at det dreier seg om ein godarta svulst i huda er det vanlegvis ikkje nødvendig å ta prøve eller fjerne noko. I offentlege klinikkar blir det vanlegvis ikkje tilbode å fjerne noko, av reint kosmetiske grunnar.
Aktuelle utgreiingar
Behandling
Ofte er det ikkje aktuelt eller nødvendig med noka form for behandling.
Kirurgisk fjerning, skraping (curretage) eller frysebehandling kan vere aktuelt i enkelte tilfelle.
Oppfølging
Det vil ofte ikkje vere aktuelt med vidare oppfølging av godarta svulstar i huda. I somme tilfelle vil det vere aktuelt med kontrollar hos hudlege eller fastlege. Dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.
Kontakt
Hudbygget
Hudavdelinga
Oppmøtestad
Hudbygget på Haukelandsområdet, Jonas Lies vei 73
Hudbygget
Jonas Lies vei 73