- Gravide med overvekt eller fedme med BMI under 35 blir følgt opp i primærhelsetenesta. Vi anbefaler tett oppfølging med råd om endringar i kosthald og livsstil.
- Gravide med BMI over 30 blir anbefalt blodprøve (HbA1c) innen svangerskapsuke 16 for å avdekke eventuell uoppdaga diabetes mellitus.
- Gravide med BMI over 25 blir anbefalt glukosebelastning i svangerskapsuke 24-28 for å avdekke svangerskapsdiabetes.
- Ved BMI over 35 blir gravide tilvist til spesialist ved 24 vekers svangerskap, for oppfølging hos spesialist ved 24, 32 og 36 vekers graviditet.
- Oppfølginga frå og med veke 32 bør skje på den poliklinikken der den gravide skal føde. Oppfølgingas omfang vil vere avhengig av om det også er andre tilleggstilstandar som påverkar den gravide og fosteret (svangerskapsforgifting, høgt blodtrykk eller diabetes).
Graviditet - overvekt
Overvekt og fedme i svangerskapet aukar risikoen for komplikasjonar i svangerskapet, under fødsel og i barseltida. Overvekt og fedme kan opptre åleine eller vere ein del av eit samansett sjukdomsbilete. Alle gravide blir tilråda minimum 30 minutt fysisk aktivitet kvar dag (gå gjerne tur). Ved BMI over 30 er anbefalt vektauke i svangerskapet 5-9 kg.
Overvekt og fedme medfører ein helserisiko som kan reduserast ved sunnare kosthald og fysisk aktivitet. Svangerskap er ei periode der kvinner synast å vere særleg motivert og mottakeleg for informasjon og oppfølging av overvekt og fedme. Sunnare kosthald og auka aktivitet gjer så langt vi veit ikkje uheldige utfall for svangerskapet. Aktiv slanking tilrådast ikkje.
Matportalen.no gir deg ei oversikt over norske myndigheiter sine kostråd til gravide
Før
Under
Etter
Kontakt
Glasblokkene
Svangerskaps- og barselpoliklinikk
Oppmøtestad
Svangerskap og barselpoliklinikk har to lokasjonar i Glasblokkene:
Svangerskap og barselpoliklinikk held til i blokk 5, 1. etasje, ventesone C12.
Barselpoliklinikk held til i blokk 6, 1. etasje (dersom innkallinga gjeld barselpoliklinikk etter fødsel).

Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen