Hallux Valgus, fot
Hallux valgus blir òg ofte kalla skeiv stortå. Stortåa legg seg utover (vinkla i retning vesletåa) og kan ligge over tå nummer to. Tilstanden er svært vanleg, og operativ behandling er oftast ikkje nødvendig.
Årsaker og symptom
Hallux valgus er svært vanleg. Opp mot 50 prosent av befolkninga kan ha tilstanden i vaksen alder, og den er vanlegare hos kvinner enn hos menn. Årsaka er uklar. Etter kvart som tilstanden utviklar seg, vil det oppstå ein ubalanse i musklar og sener som er festa til stortåa. Dette kan bidra til ytterlegare forverring av tilstanden. Sidan tåa blir vinkla utover, vil knoken ved grunnleddet til stortåa stikke ut og skape trykkproblem i skotøy, og i verste fall sårproblem. Mange vil derfor oppleve problem med å finne gode sko. Dei fleste har likevel ingen eller få plager av tilstanden.Avlastande tiltak
Avlastande tiltak (konservativ behandling) inneber å prøve ut ulike typar sko og anna støtte for foten. Det er viktig å finne sko med låg hæl, brei framfot og god høgde for tærne. Dersom du har ømme punkt på foten, kan du med fordel polstre desse. Prøv òg å bruke innleggssolar i skoa. Det kan gi tåa ei betre stilling i skoen. Innleggssolar kan du kjøpe i bandasjistforretning.
Å tøye tærne kan verke positivt fordi du held ved lag bevegelegheit i leddet. Ein fotterapeut kan òg hjelpe deg med dette. Du kan òg ha nytte av smertestillande tablettar som paracetamol i periodar med smerter i tåa. Fastlegen kan òg tilvise deg til ortopediingeniør som kan vurdere om du har behov for innleggssolar, fotseng eller spesialsko.
Tilvising og vurdering
Har du problem med Hallux valgus må du i første omgang oppsøke fastlege for vidare råd. Mange kan òg få god hjelp og råd hos fotterapeut.
Før
Under
Etter
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk klinikk
Ventetid: 24 - 78 uker
Ventetid: 24 - 78 uker
Kontakt Ortopedisk klinikkOppmøtestad
Klinikkleiinga held til i etasje U i Armauer Hansens hus, sør for Sentralblokka på Haukeland.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen