Hammertå, fot
Hammartå eller bøygd tå, er ei fotliding der ei tå legg seg ei skeiv stilling ved at det inste leddet er bøygd oppover og det ytste nedover. Dermed blir det trykk over det midtre leddet. Det er ein ufarleg tilstand som kan gi plager i form av trykk mot sko.
Tilvising og vurdering
Før
Etter at vi har mottatt tilvising frå fastlegen din, vil du bli kalla inn til undersøking ved ortopedisk poliklinikk. Der vil legen greie ut om det er grunnlag for operasjon.
Under
Dersom du treng operasjon, vil dette normalt sett bli utført i lokalbedøving, eventuelt ein lett narkose, som dagkirurgisk pasient. Under operasjonen vil operatøren rette ut og avstive det midtre leddet i tåa.
Etter
Etter operasjonen kan du reise heim same dag. Stinga kan ein fjerne etter to veker. Dei første fem til seks vekene etter operasjon skal du berre belaste hæl med flat fot. Det er normalt at tåa er noko smertefull dei første vekene etter operasjon. Har du fått satt inn ein metallpinne, vil denne bli fjerna på poliklinikken etter fem veker, med mindre noko anna er avtalt.
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Ventetid: 23 - 75 uker
Ventetid: 23 - 75 uker
Kontakt Ortopedisk avdeling, HaukelandOppmøtestad
Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:
Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.
Ortopedisk infeksjonspost 4. etasje
Sengepostane 7. etasje.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen