Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Distal radiusfraktur, konservativ behandling

Handleddsbrot, behandling med gips

Brot i handleddet er eit av dei vanlegaste brota, og er brot like ovanfor eller i sjølve handleddet. Brotet må nokre gonger settast på plass i riktig stilling før det blir gipsa. I dei tilfella der operasjon ikkje er nødvendig, vil ein gips vere tilstrekkeleg behandling for handleddsbrotet. Gipsbehandlinga varer vanlegvis i fire til seks veker.

Før

Handleddsbrot er ein akutt skade og blir vanlegvis behandla med gips same dag. Gipsbehandlinga skjer som oftast på legevakt, men nokre gonger også i akuttmottak på sjukehuset.

Under

Dersom brotet skal settast på plass (reponerast) vil du få lokalbedøving i forkant. Gipsen blir lagd slik at brotet skal haldast i ro og gro i best mogleg stilling.

Etter

Gipsen må ikkje dekkjast av klær, dyne eller liknande første døgnet etter den er lagt på, dette fordi gipsen treng luft for å tørke heilt.

Etter 10-12 dagar blir brotet kontrollert med eit røntgenbilde ved behov.

Medan gipsen er på er det viktig å:

  • Halde handa over hjartehøgde mest mogleg. Dette gjeld særleg dei første dagane, og dersom fingrane har tendens til å hovne opp.
  • Stadig bevege fingrane, utan å bruke mykje kraft, det vil seie knyte og strekke fingrane fullstendig. Dersom dette er vanskeleg, kan den motsette handa brukast til å hjelpe til i rørsla. Sjå meir detaljerte under «Beveg fingrane».
  • Trene bøy og strekk i olbogeleddet og løfte heile armen høgt over hovudet slik at skuldra ikkje stivnar.
  • Kalkgips blir øydelagd i vatn. Kunstgipsen toler litt vatn, men huda under gipsen kan ta skade av mykje vatn. På apoteket kan du kjøpe eigna dusjposar.

Du får med deg fatle til å kvile armen til å begynne med. Etter kvart kan armen brukast til lettare gjeremål.

Informasjon frå fysioterapeut

  • Unngå brå belastning på handa, som for eksempel fall, slag og støyt.
  • Unngå å vri underarmen inne i gipsen.
  • Dersom du bruker ganghjelpemiddel, kan du støtte deg med handa så lenge det skjer roleg og kontrollert og ikkje provoserer smerte. Smertegrensa er oftast ein god indikator for kor mykje du kan gjere. Du kan fritt støtte eller bere med olbogen.

Bruk handa så normalt som mogleg til vanlege, lette aktivitetar. Bruk handa til å kle på deg eller smørje ei brødskive så langt det går.

Når du vekselsvis knyter handa og spriker fingrane, aktiverer du vene-muskelpumpa. På denne måten pumpar du hevelsen ut av handa. Når hevelsen går ned, blir det lettare å bevege og da skaper du ein god sirkel. Derfor er det svært viktig å komme raskt i gang med å bevege fingrane så mykje som gipsen tillèt.

  • Strekk alle fingrane samtidig.
  • Sprik med fingrane.
  • Få med tommelen når du spriker med fingrane.
  • Knyt handa. Prøv å få fingertuppane heilt inn i handflata.
  • Hjelp den skadde handa med den friske, for å få fingertuppane heilt inn i handflata.
  • For å klare å knyte handa, må du bøye dei store knokane (metacarpophalangial-ledda). Hald tommelen på den friske handa inni den skadde handa, og hjelp til med frisk hand for å bøye i dei store knokane.
  • Beveg tommelen mot ein og ein fingertupp etter tur.

Beveg skuldra og olbogen normalt for at dei uskadde ledda ikkje skal stivne til. Strekk armen opp mot taket, over på motsett skulder og bak på ryggen. Strekk armane ut og bakover.

Gruppe gjør armøvelser. Foto

Det er vanleg at handa er hoven den første tida etter brotet. Hald handa over hjartehøgde for mest effektiv drenasje av hevelsen. Når du sit kan du kvile armen oppå sofaryggen, på ryggstøtta til nabostolen, på ei pute i vindaugskarmen eller på eit høgt bord.

Så lenge det er vondt å pendle normalt med armen når du går, kan du kvile handa i jakkelomma. Strekk og knytt handa vekselvis inne i lomma, sidan fingerrørsle er det mest effektive tiltaket for å få ned hevelsen.  

Kvinne hviler arm på stolrygg. Foto

Så snart gipsen er tatt av, skal du begynne å bevege handleddet i alle retningar. Det er normalt at det er stivt og ømt i ledd og muskulatur etter at gipsen er fjerna. Rørsla skal gradvis komme tilbake når du gjer øvingar og tar i bruk handa til daglege aktivitetar. Det er normalt å vere øm i dei ytre stillingane.

Det er viktig at du normaliserer aktivitetar og rørslemønsteret ditt så raskt som mogleg.

Unngå fall, slag og støyt mot handleddet den første tida. Ver varsam på glatt føre og med risikoaktivitetar som ballidrettar, kontaktidrett, trampoline, ski og anna der det er lett for å falle og ta seg for med hendene.

Det er lettare å slå opp igjen brotet den første tida. Risikoen er gradvis minkande over dei første månadene. Tungt, fysisk arbeid må du trappe opp gradvis. Smertegrensa er oftast ein god indikator for kor mykje du kan gjere.

Handa toler meir enn det som blir vist i øvingsprogrammet. Du kan tøye handa med kraft. For eksempel kan du støtte handflata på eit bord og legge vekt på den, for å tøye handleddet bakover.

Her er eit større øvingsrepertoar. Handa toler meir enn det som blir vist i øvingsprogrammet her. Du kan tøye handa med kraft. For eksempel kan du støtte handflata på eit bord og leggje vekt på ho for å tøye handleddet bakover. Vel dei øvingane som du kjenner er mest nyttige for deg:

Ver merksam

Dersom du opplever auka hevelse i fingrane og auka smerte, kan dette vere teikn på for stram gips. Dersom det ikkje hjelper å bevege fingrane og å heve armen, bør du straks ta kontakt med lege. Dersom du er i tvil, ring lege for råd.

Du bør vente med å køyre bil sjølv til du har god rørsle i handleddet igjen.

Sist faglig oppdatert 15.01.2025

Kontakt

Sentralblokka Ortopedisk avdeling, Haukeland

Kontakt Ortopedisk avdeling, Haukeland

Oppmøtestad

Skadepoliklinikken (Bergen legevakt) i Solheimsgaten 9 ved Danmarksplass.
Ortopedisk poliklinikk i 2. etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.