Handleddsbrot er ein akutt skade og blir vanlegvis behandla med gips same dag. Gipsbehandlinga skjer på sjukehuset eller på legevakta.
Handleddsbrot, behandling med gips
Handleddsbrot er ein av dei vanlegaste brottypane, og er brot like ovanfor eller i sjølve handleddet. Brotet må stundom settast på plass i rett stilling før gipsing. I dei tilfella der operasjon ikkje er nødvendig, vil ein gips vere tilstrekkeleg behandling for handleddsbrotet. Gipsbehandlinga varer vanlegvis i fire til seks veker.
Før
Under
Viss brotet skal settast på plass (reponeres) vil du få lokalbedøving i forkant. Gipsen blir lagd slik at brotet skal haldast i ro og gro i best mogleg stilling.
Etter
Etter 7–12 dagar blir brotet kontrollert med eit røntgenbilde ved behov.
Mens du har gips
Dette er viktig å gjere mens du har gips:
- Hald handa mest mogleg over hjartehøgde. Dette er særleg viktig dei første dagane, og viss fingrane hovnar opp.
- Beveg fingrane ofte. Knytt og strekk dei heilt ut, utan å bruke for mykje kraft. Dersom dette er vanskeleg, kan du bruke den andre handa til å hjelpe. Sjå «Beveg fingrane» for meir informasjon.
- Tren olbogen ved å bøye og strekke armen. Løft også armen over hovudet slik at skuldra ikkje blir stiv.
- Vern gipsen mot vatn. Kalkgips toler ikkje vatn. Kunstgipsen toler litt vatn, men huda under kan ta skade av fukt. Du kan kjøpe dusjposar på apoteket.
- Ta kontakt med sjukehuset viss gipsen kjennest for stram eller gir smerter i fingrar, tommel eller handledd. Da vurderer vi om du treng ny gips.
- Gipsen skal ikkje hindre rørsle i fingrar eller tommel. Den skal ikkje presse tommelen inn mot handflata.
- Ver merksam på auka hevelse. Hevelse kan gjere gipsen for stram. For å redusere hevelse
- Løft armen over hovudet (10 repetisjonar)
- Knytt og strekk fingrane.
Ta kontakt med sjukehuset viss hevelsen ikkje går ned og gipsen blir for stram
Om du har fått fatle, skal du berre bruke han dei første to dagane for å lindre smerte. Slutt med fatlen så snart som mogleg, elles kan olbogen og skuldra bli stive. Det vil gjere opptreninga meir krevjande.
Informasjon frå fysioterapeut
Ver merksam
Dersom du opplever auka hevelse i fingrane og auka smerte, kan dette vere teikn på for stram gips. Dersom det ikkje hjelper å bevege fingrane og å heve armen, bør du straks ta kontakt med lege. Dersom du er i tvil, ring lege for råd.
Du bør vente med å køyre bil sjølv til du har god rørsle i handleddet igjen.
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Skadepoliklinikken (Bergen legevakt) i Solheimsgaten 9 ved Danmarksplass.
Ortopedisk poliklinikk i 2. etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.

Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen

