Behandling, Distal radiusfraktur, volar plate

Handleddsbrot, operasjon med innvendig plate

Handleddsbrot er eit av dei vanlegaste brota, og er brot like ved eller i handleddet. Ved behandling med innvendig plate blir det først lagt på ein midlertidig gips, og deretter utfører ein operasjonen. Det tar cirka seks veker for brotet å gro.

Dei fleste handleddsbrota kan og bør behandlast med gips. Det er likevel ein del brot som er så feilstilte eller kompliserte at operasjon blir sett på som den beste behandlinga.


Før

Ved val av operasjon vil ein alltid først leggje på ein gips.

Operasjonen vil som regel bli utført i løpet av 1-2 veker. I ventetida kan du ofte vere heime, og så møter du på sjukehuset til avtalt tid.

Det er viktig at du beveger fingrane heile tida etter at du har fått gips. Dei første dagane etter brotet bør du også halde armen høgt, slik at handa ikkje blir for hoven.

Førebuing til operasjon

Kvelden før operasjonen skal du faste frå midnatt. Det betyr at du ikkje skal ete, røykje, bruke snus, tyggje tyggjegummi eller pastillar etter klokka 24.00. Du kan og bør drikke klare væsker som vatn eller saft (men ikkje noko anna) fram til 1 time før oppmøtetidspunktet på operasjonsdagen.


Under

Operasjon

Brotet blir operert ved at ein set inn ei plate som blir festa til beinet med skruar. Desse vil halde brotet i korrekt stilling inntil det har grodd. Sjølve operasjonen tar om lag ein time, men det kan variere.Like etter operasjonen blir det lagt på ein midlertidig gips. Denne tar ein vanlegvis av neste dag.

Det er svært viktig at du kjem raskt i gang med bevegelse av fingrane. Dette bør du starte med så snart som mogleg etter operasjonen.

Fysioterapeut vil instruere deg og hjelpe deg i gang, men eigen innsats og motivasjon er viktig. Dersom du kjem raskt i gang med bevegelse i fingrane og handa, er faren for komplikasjonar som hevelse og tilstiving mykje mindre.

Du vil få smertestillande medikament slik at dette skal la seg gjere.

rætgnebilde innvending plate_foto

Røntgenbilete

Handleddsbrot: Når gips ikkje er nok

Brot i handleddet er ein av dei vanlegaste brottypane. Dei fleste brota vert behandla med gips, men nokre gonger må det meir til. Bli med inn på operasjonssalen.
#blimedinn på operasjonssalen
plate til handlegddsbrot.foto

Etter

Brotet er som regel grodd etter 6 veker. Opptreningstida vil variere med kompleksiteten i brotet.

Du skal skifte på såret dersom bandasjen har blitt skitten eller våt, eller han har blitt laus eller om det siver sårvæske. Ein tørr bandasje kan liggje på såret i 5 dagar. Vask alltid hendene før og etter bandasjeskift.

Du vil bli kalla inn til kontroll hos fysioterapeut 2 veker etter operasjonen. Etter 3 månader, og også etter ett år, vil du få et skjema sendt på telefon der du blir spurt om du ynskjer kontroll (frammøte, videokonsultasjon eller telefon). I tillegg kan du score funksjonen din. Dersom du får ein dårlig funksjonsscore vil vi kontakte deg automatisk. Det er viktig at du sjølv tar kontakt snarast dersom du får tegn til infeksjon eller du meiner noko er galt med handleddet. Ta kontakt med sjukehuset der du vart operert:

  • Ortopedisk poliklinikk Haukeland universitetssjukehus, telefon 55 97 28 37, 
  • Kirurgisk avdeling,Voss sjukehus, telefon 56 53 36 80

Brotet treng omtrent 6 veker på å gro, derfor skal du ikkje løfte noko tungt dei første 6 vekene. Du kan løfte lette ting som ein kopp og bruke bestikk. Deretter kan du vanlegvis starte med gradvis belasting med mindre det er avtalt noko anna.

Oftast er det brukt tråd inni huda. Denne vil gå i oppløysing av seg sjølv og det er ikkje nødvendig med stingfjerning. Nokon gonger er det ei trådknute utanpå huda. Om denne ikkje fell av avseg sjølv, kan han klippast av etter 2 veker.

Dersom det er sydd med utvendig tråd, bestiller du time hos fastlegen din for fjerning av sting. Då kan stinga fjernast etter 2-3 veker.

Før såret er tørt må det dekkjast til med for eksempel ei plastpose ved dusjing. Når såret er tørt kan du dusje med plaster på, oftast etter cirka 3 dagar. Husk då at du alltid skiftar til tørr bandasje etter du har dusja. Når det er gått 7-10 dagar er det vanlegvis ikkje behov for plaster.

Nokre har behov for ekstra smertestillande på resept. Dette må avtalast med lege ved utreise. Resepten er elektronisk og du kan hente han ut på alle apotek. Ta med legitimasjon.

Kor lenge det er nødvendig å vere sjukemeld, er avhengig av kva yrke du har. I manuelle yrke med tunge løft, må ein rekne med sjukemelding i 6 veker. I andre yrke utan tunge løft, til dømes kontorarbeid, kan det vere tilstrekkeleg med nokre dagar.

Informasjon fra fysioterapeut

Ikkje støtt deg på handa eller løft noko tungt dei første 6 vekene. Du kan støtte eller bere med olbogen:

Veske henger fra arm. Foto
 

Dersom du brukar ganghjelpemiddel, må du bytte til ein type der du støttar på olbogen, for eksempel underarmsrullator eller underarmskrykkje.

Bruk handa så normalt som mogleg til vanlege, lette aktivitetar. Bruk handa til å kle på deg, knyte skolisser, skjere brød, skrive på tastatur eller strikke.

Beveg olbogen og skuldra normalt for at ledda som ikkje er skada ikkje skal stivne til. Strekk armane opp mot taket:

Gruppetrening, personer strekker armene opp i luften. Foto
 

Når du vekselvis knyter handa og sprikar med fingrane, aktiverer du venemuskelpumpa. På denne måten pumpar du hevelsen ut av handa. Når hevelsen går ned, blir det lettare å bevege og då skapar du ein god sirkel. Derfor er det svært viktig å kome i gang med å bevege fingrane allereie første dagen etter operasjonen.

Det er vanleg at handa er hoven den første tida etter brotet og operasjonen. Hald handa over hjartehøgde for mest effektiv drenasje av hevelsen. Når du sit kan du kvile armen oppå sofaryggen, nabostolen si ryggstøtte, på ei pute i vinduskarmen eller på eit høgt bord.
Så lenge det er vondt å pendle normalt med armen når du går, kan du kvile handa i jakkelomma. Strekk og knyt handa vekselvis inne i lomma, sidan å bevege fingrane er det mest effektive tiltaket for å få ned hevelsen.

Hånd hviler på stolrygg. Foto
 

Du skal begynne å bevege handleddet i alle retningar så snart gipsen er tatt av, vanlegvis første dag etter operasjonen. Du skal ikkje tvinge fram bevegelse med makt. Bevegelsar med ein frisk hand kjennast lette, og heller ikkje i ein operert hand treng du å spenne musklane hardt.

Rørsla skal gradvis kome tilbake når du gjer øvingar og tar i bruk handa til daglegdagse aktivitetar. Det er normalt at det er ømt i ytterstillingane den første tida.

Her er eit større øvingsrepertoar. Vel dei øvingane du kjenner er mest nyttige for deg:

Håndleddsbrudd, øvelser etter behandling

Du blir kalla inn til ein 2-vekerskontroll hos fysioterapeut. Handleddsfunksjonen blir kontrollert, og du deltar i gruppe der du gjennomgår øvingar.
Om du ikkje kjem i gang med å bevege handa, kan du bli oppfordra til å kontakte ein fysioterapeut i nærleiken av der du bur. Fysioterapeuten kan hjelpe deg med å bevege både fingerledd og handledd.

Fysioterapeut behandler pasient. Foto
 

Fysioterapeut behandler pasient. Foto
 

Fysioterapeut behandler hånden til pasient. Foto
 

Fysioterapeut kontrollerer hånd. Foto
 

Handleddsbrot operert med innvendig plate (distal radiusfraktur operert med volar plate og skruer) gror vanlegvis i løpet av 6 veker. Tungt fysisk arbeid må du trappe opp gradvis. Smertegrensa er oftast ein god indikator for kor mykje du kan gjere.

Ver merksam

Det er viktig at du tar kontakt med sjukehuset ved teikn på infeksjon:

  • Raudfarge
  • Aukande smerte og / eller hevelse
  • Puss, gul eller grøn væske frå såret
  • Feber
  • Sjukdomskjensle

Kontakt

  • Kontakt Ortopedisk avdeling, Haukeland

    Oppmøtestad

    Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:

    Ekspedisjon 8. etasje.
    Poliklinikk 2. etasje.

    Ortopedisk infeksjonspost 4. etasje
    Sengepostane 7. etasje.

    Flyfoto av Sentralblokka

    Sentralblokka

    Haukelandsveien 22

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

     

    ​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

    Reiseutgifter
    Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
    Les meir om å få dekt ei pasientreise

    Planlegging
    I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
    Les meir om planlegging av pasientreisa di

    Rettar/Rettane dine
    Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
    Les meir om rettane dine ved pasientreiser

    Tilrettelagt transport
    Helseekspressen
    Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


    Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

    Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

    Kontaktinformasjon: 

    Her finn du utreiseinformasjon frå Ortoperdisk avdeling: 


    Utreiseinformasjon.pdf

    I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

    ​​​​​​​​Besøke pasientar
    Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

    Betale eigendel
    Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

    Bestille drosje
    Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

    Leitar du etter ei avdeling?
    Sjå avdelingsoversikta

    Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

    Lån av rullestol
    Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

    Følgeteneste
    Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

    Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

    Oppbevaringsboksar
    Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

    Hittegods
    Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

    I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

    Les meir om stilleromma

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

    Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

    Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
    For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

    Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

  • Kontakt Voss sjukehus

    Oppmøtestad

    Voss sjukehus ligg i Sjukehusvegen.

    Voss sjukehus

    Sjukehusvegen 16

    5704 Voss

    Transport

    Reisetid til Voss frå:

    • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
    • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
    • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
    • Oslo med bil, ca 6t 30min

    ​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

    Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

    ​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet måndag – fredag mellom kl 09.00-17.00.

    Prisar 

    Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
    Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

    Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum og ved Tinghuset, i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

    ​​Voss Taxi
    Telefon ​56 51 13 40​

    Bergensbanen ved Voss sentrum, og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

    Reisetid til Voss frå: 

    • Bergen med tog, ca 1t og 20 min​
    • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.

    Informasjon om togtider finn du på Vy sine nettsider​

    Praktisk informasjon

    Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

    • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
    • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
    • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

    ​​​Generell besøkstid
    ​15.00 - 16.00 og 18.00 - 19.00

    Intensivavdeling
    ​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

    Føde-/barselavdelinga

    Gje mor, partnar og dei nyfødde borna ro

    Dei aller fyrste dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile. Dette for å bli godt kjend med kvarandre samt at mor skal får nok ro og tid til å kome godt i gang med amminga. Me anbefalar også at den fyrste tida heime vert avgrensa til dei aller nærmaste.
    Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.

    For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.

    Blodprøvetaking - Laboratoriet ved Voss sjukehus

    Oppmøtestad: 3. etasje i bygg 2.

    Opningstid: Måndag-fredag, kl. 08.00-14.30​

    Telefon:  56 53 37 00


    Det er ikkje så mykje du treng å ta med deg til sjukehuset, men enkelte ting bør du ha med. Her er ei hugseliste som kan vere til nytte. 

    • Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få tilsvarande medisin frå apoteket.
    • Ta også med ei liste over all medisinen du brukar, ikkje berre den faste. Sovetablettar, smertestillande, avføringsmiddel og P-piller er òg viktig å informere om, det same gjeld alle former for alternativ behandling og kosttilskot.
    • Morgonkåpe eller romsleg treningsbukse med strikk i livet som kan regulerast. 
    • Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske årsaker er det ikkje lov å gå barbeint på sjukehuset.
    • Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin.
    • Hjelpemiddel som du er avhengig av, for eksempel stokk, krykker, rullator eller rullestol.
    • Ikkje ta med pengar og verdisaker. Kort kan nyttast i kantina og i automat for litt snacks, småmat og toalettartiklar.
    • På sjukehus er strenge krav til hygiene ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane våre. Det er derfor eit generelt forbod mot å ta med dyr inn i bygningar på sjukehusområdet

    Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

    ​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

    Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
    ​​​

    • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
    • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
    • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
    • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
    • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
    • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
    • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
    • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.

    ​​Kantina ligg i 1. etasje mot vest.

    Her får du kjøpt nybakte rundstykker, eit rikeleg assortert utvalg av pålegg, små varmrettar og suppe. 

    I vekedagane finn du også ein fristande salatbar og den alltid så populære Sjukehuskringla vår (same oppskrifta i over 50 år).

    I resepsjonen ved hovedinngangen, 1. høgda, er det automatar med kald drikke, kaffi, eit lite utval snacks og toalettartiklar.

    ​Betaling med kort, vipps eller kontant.

      

    ​Voss sjukehus er lokalsjukehus med akuttfunksjon for kommunane Kvam, Ulvik, Eidfjord, Voss, Vaksdal. Vi skal primært sikre innbyggjarane i lokalsjukehusområdet rask tilgang til undersøking, behandling og pleie. Det skal ha høg standard og vere ein stad der pasientar kjenner omsorg, varme og tryggleik.

    ​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Vi skal syte for å fylgje med i den medisinske utviklinga og samarbeide med andre sjukehus og primærhelesetenesta til beste for innbyggjarane.

    Dagpasient
    Her møter du på 5-døgnsposten. i 4. et. hovedinngang. Du vil omgåande bli klargjort til operasjon. Etter operasjonen blir du overvåka på 5-døgnsposten.
    Når du er vaken og klar, vil du bli tilbydt mat og drikke, og kan reise heim.


    Heildøgnspasient
    Skal du innleggjast på sjukehuset, møter du i mottaksavdelinga, inngang via Somatisk poliklinikk/Legevakt på oppsida av sjukehuset.
    På innleggingsdagen blir det teke opp journal, teke blodprøvar, evt. diverse undersøkjingar.
    Du vil få informasjon av både sjukepleiar og lege om kva som skal skje vidare med deg under opphaldet samt avdelinga sine rutinar.

    Du kan ringe avdelinga om du vil snakke medpasienten. Om du har mobiltelefon, kan du bruke denne. Vis omsyn til medpasientar ved all telefonbruk.

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.