Øvingsprogrammet er rettleiande. Du vel sjølv dei øvingane som du kjenner er mest nyttige for deg. Det viktigaste er at du tar i bruk handa i daglege aktivitetar.
-
Tekniske problem med nettsideneCloudflare har tekniske problem, noko som påverkar funksjonalitet på nettsidene våre. Problema slår ut på ulike måtar, til dømes kan søket vårt vere ute av drift, og heile nettstaden kan vere utilgjengeleg i 5 til 10 sekund. Vi veit ikkje kor lenge feilen vil vare, men håpar det går raskt over.
Håndleddsbrudd, øvelser etter behandling
Dette øvingsprogrammet er utarbeidd for deg som er operert med innvendig plate etter handleddsbrot (volar plate på distal radiusfraktur), men kan også brukast ved andre handskadar. Øvingane passar frå første dag etter operasjonen. For personane på illustrasjonsbilda i øvingsprogrammet har det gått 2-3 veker etter operasjon med innvendig plate.
Andre handskadar der øvingsprogrammet kan vere aktuelt:
- Handleddsbrot behandla med gips eller utvendig ramme, når gipsen eller ramma er fjerna. Brotet har då grodd, og handa toler meir enn det som blir vist i øvingsprogrammet her. Du kan tøye handa med kraft. For eksempel kan du støtte handflata på eit bord og legge vekt på ho, for å tøye handleddet bakover.
- Underarmsbrot (antebrachifraktur) operert med innvendig plate og skruar på begge underarmsbeina. Dette øvingsprogrammet passar frå første dag etter operasjonen.
- Underarmsbrot (antebrachifraktur) behandla med gips, når gipsen er fjerna. Brotet har då grodd, og handa toler meir enn det som visast i øvingsprogrammet her. Du kan tøye handa med kraft. For eksempel kan du støtte handflata på eit bord og leggje vekt på ho, for å tøye handleddet bakover.
Øvingsprogrammet er rettleiande. Du vel sjølv dei øvingane som du kjenner er mest nyttige for deg. Det viktigaste er at du tar i bruk handa i daglege aktivitetar.
Før
Under
Kontakt
Sentralblokka
Fysioterapiavdelinga
Oppmøtestad
Ved operasjon - Ortopedisk avdeling i 7. etasje i Sentralblokka.
Ved kontroll - Ortopedisk poliklinikk i 2. etasje i Sentralblokka.
For medisinske spørsmål - ring 55 97 71 87 (mandag-fredag, kl. 09.00-15.00)

Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
































