Behandling
Hemodialyse
Ved hemodialyse reinser vi blodet ditt 3-4 ganger i veka med eit kunstig nyre/dialysefilter og ein dialysemaskin. Hemodialyse kan vere nødvendig ved sterkt nedsett nyrefunksjon.
Avfallsstoff og/eller vatn blir produsert kontinuerleg og samlar seg opp mellom behandlingane. Derfor må ein få behandling jamleg. Dei fleste treng hemodialyse i fire timar, tre eller fire gonger i veka. Legen bestemmer behandlingsprogrammet som passar for den enkelte. Vi tar blodprøvar jamleg for å måle behov for og effekt av behandlinga.
Før
Viss det er noko du må ta særleg omsyn til før du kjem til sjukehuset, vil du få beskjed om det.
Du blir vegt før behandlinga startar. Dette er for å måle eventuell vektforskjell etter førre behandling som skuldast oppsamla vatn. Deretter får du sette deg i ein behandlingsstol eller seng og blodtrykk blir målt.
Under
Under behandlinga sitt eller ligg du ved dialysemaskinen.
For å kunne reinse blodet ditt, trengs det tilgang til ditt blodsystem, ein såkalla blodtilgang. Det er anten ein A/V-fistel (to samankopla blodårer på ein arm) eller eit kateter i ei stor blodåre, vanlegvis ved halsen. Ein sjukepleiar koplar deg til dialysemaskinen. Dialysen (reinsinga) startar og overskotsvatn blir gradvis trekt ut i løpet av behandlingstida viss det er nødvendig.
Under dialysen vil litt av blodet ditt, cirka 2 dl, sirkulere i slangesett og dialysefilteret. Behandlinga er nøye overvaka av kontrollfunksjonane i dialysemaskinen og av personalet og varar i 3-5 timar. Det gjer ikkje vondt å få dialyse.
Personalet er i same rom og kan tilkallast ved behov. Blodtrykket ditt blir målt undervegs. Du kan for eksempel lese eller sjå på TV under behandlinga.
Når behandlinga skal avsluttast, får du tilbake blodet som er i slangesettet og dialysefilteret og du blir kopla frå maskinen.
Etter
Etter dialysen måler vi blodtrykk og veg deg ein gong til. Dette for å ha noko å samanlikne med neste gong du kjem til behandling, slik at vi kan måle eventuell vektoppgang grunna nytt oppsamla overskotsvatn.
Viss det er nødvendig, kan vi legge tilrette for transport til og frå behandling.
Kontakt
Sentralblokka
Medisinsk klinikk
Oppmøtestad
Medisinsk Ekspedisjon, 2.etasje i Sentralblokken, Haukeland SjukehusTlf: 55973000
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen