Behandling

Hjerteoperasjon, bypass

Bypassoperasjon for angina pectoris (hjartekrampe) inneber at det blir sett inn nye årer forbi tronge eller tette parti i kransårene på hjartet. Blodårene blir tatt frå leggen din, og vanlegvis blir det også tatt ei blodåre frå innsida av brystkassa. Hensikta med operasjonen er å betre blodtilførselen til hjartemuskelen.  Operasjonen kan lindre hjartekrampene, hindre hjarteinfarkt og betre leveutsiktene.

Å bli hjarteoperert reduserer ikkje tendensen til at kransårene på hjartet blir tilstoppa. Det er derfor viktig at du har ein sunn livsstil etter operasjonen. Vi vil råde alle som er hjarteoperert til å: 

  • slutte å røyke 
  • vere fysisk aktiv
  • følgje anbefalingar om sunt kosthald
  • ta dei medisinane som er anbefalt av legen: Spesielt blodtynnande (f.eks Albyl-E®) og kolesterolsenkande medisinar

Før

Viktige førebuingar før operasjonen 

Les innkallingsbrevet godt. Der vil det vere informasjon om hvilke medisiner du må slutte med noen dager før innleggelsen. Du skal vanlegvis bruke dei faste medisinane dine fram til innlegging. Det gjeld også medisin som inneheld acetylsalisylsyre (f.eks. Albyl-E,  Dispril, Globentyl, Magnyl eller Novid). Dersom du brukar blodtynnande medisin av type Plavix, Brilique eller Effient skal du slutte med denne medisinen 5-7 dager før du blir lagt inn, dersom lege ikkje har forordna anna. Marevan skal du ikkje ta siste dagen før innlegging.

Det er viktig at helsetilstanden din er så god som mogleg før opera-sjonen. Dersom du skulle bli forkjøla eller at menstruasjon er venta på det aktuelle tidspunktet, må operasjonen bli utsett. Dersom plagene dine blir verre i ventetida, bør du oppsøke fastlegen din eller ta kontakt med Hjarteavdelinga post 4.   

Det er ditt lokale helseføretak som har ansvaret for pasientreiser og som dekker utgiftene til reisa. Hovudregelen er at du får dekka den rimelegaste reisemåte til behandlingsstad. Dersom helsa gjer at du ikkje kan reise med rutegåande transport, eller det manglar eit rutegåande transporttilbod, kan du ha rett på å få dekka dyrare transport. 

Les meir på pasientreiser sine nettsider

Dine eigne faste medisinar og helst også ei liste over dei. Dette er viktig for at vi kan føre opp i journalen din kva medisinar du brukar. Vi har heller ikkje alltid alle typar medisinar på lager. Dei fleste får justert medisinar etter operasjonen.

Ta også med toalettsaker, tøflar/lette sko, undertøy, ein lett bomullsgenser og bukse (treningstøy). For kvinner med stor byste: Ta med ein BH som har opning framme. Ta med deg minst mogleg kontantar eller verdisaker til sjukehuset.                                                                                                

Dagen du blir innlagt

  • Møt først opp på Poliklinikk for prøvetaking, 2. etasje i Sentralblokka. Her får du ta blodprøvar. Etterpå går du til Hjarteavdelinga sengepost 4 i Sentralblokka, 6. etasje. Vi organiserer vidare undersøkingar du skal gjennom som røntgen og ekg. Nokon må også ta utvida lungeprøver (spirometri) og undersøking av blodårene på halsen (doppler hals kar).
  • Du får også samtale med ulike fagpersonar i løpet av denne dagen. Kirurg, anestesilege, sjukepleiar/hjelpepleiar og fysioterapeut snakkar med deg om førebuingar og fortel meir om sjølve operasjonen du skal gjennom og tida etterpå.
  • Du kan rekne med ein del ventetid den dagen du blir lagt inn. Ta gjerne med lesestoff, handarbeid eller datamaskin. Det er gratis trådlaust internett på sjukehuset. Operasjonen vil vanlegvis gjerast dagen etter innlegging. Dersom du blir lagt inn på ein fredag, er planen at du blir operert måndag eller fyrste virkedag etter helg. Du må då overnatte heime eller evt. på sjukehotellet. 
  • Vær merksam på at operasjonen kan bli utsett ved redusert kapasitet eller grunna medisinske forhold (som øyeblikkelig hjelp). 

Kvelden før operasjonen

  • Det er nødvendig å fjerne hår på bryst, mage, beina og lyskane. Dette blir gjort av personalet. På grunn av infeksjonsfare og behandlingsutstyr, må skjegg trimmas godt før operasjonen (dette kan ein gjere på eiga hand).  
  • Du skal dusje og vaske håret like før du legger deg.  Etter dusjen blir du vaska med spesialklutar.Alle ringar, smykkar, øredobbar og piercing må av.
  • Neglelakk på fingrar og tær må fjernas.
  • Ein må faste frå kl. 24.00, det vil si du skal ikkjeete, drikke, røyke, bruke snus, suge på tablettar eller tygge tyggis. 

Om morgonen operasjonsdagen

  • Det vil bli tatt fastande vekt, blodtrykk, puls, oksygenopptak i blodet og temperatur om morgonen operasjonsdagen.
  • Du vil bli vaska med spesialklutar og få reint sengetøy.
  • Like før operasjonen får en avslappende medisin (premedikasjon). Eventuelle tannproteser tas ut like før du blir kjørt inn på operasjonsstua.
  • Sjukepleiar køyrer deg til operasjonsavdelinga. Her blir du tatt imot av ein anestesisjukepleiar, og kort tid etter får du narkose. 

Under

På operasjonsavdelinga: 


Når du kjem til operasjonsavdelinga, blir du tatt imot av legen og sjukepleiaren som skal gi deg narkosen. Du får ein kanyle (lite, tynt plastrøyr) i ei blodåre på handa di og medisinar som gjer at du sovnar.              

Når du sovnar, legg anestesipersonalet eit røyr ned i luftrøyret ditt. Dette gjer vi fordi du under operasjonen blir kopla til ein pustemaskin (respirator), som hjelper deg med å puste. I tillegg legg vi inn eit urinkateter i urinblæra.                                                                                   

Operasjonen startar med at brystbeinet blir delt i to slik at ein kan brette brystbein og ribbein til side for å komme til hjartet. Under inngrepet er det vanleg at to kirurgar samarbeider. Ein spaltar brystkassen og opererer ut ei blodåre frå innsida av brystkassen og gjer klar for sjølve by-pass inngrepet. 

Den andre kirurgen opererer ut ei blodåre frå leggen og gjer denne klar til bruk på hjartet. Deretter blir du kopla til hjarte-lungemaskin, som blir nøye overvaka mens kirurgen arbeider med hjartet. 

Kirurgane samarbeider om å sy dei nye blodårene inn i hovudpulsåra (aorta) og inn i kransåra utanfor det tronge partiet. I mange tilfelle er det nødvendig med tre–fem slike nye årer. Under den delen av operasjonen der dei nye blodårene blir sydd på plass, blir hjartet stoppa, og hjarte-lungemaskinen sikrar nå blodomløpet til kroppen. Ved slutten av operasjonen legg kirurgen inn ein slange (thoraxdren) for å drenere væske frå operasjonssåret. Brystbeinet blir lukka med fleire ståltrådar som blir i kroppen etter operasjonen.  

Operasjonen varer vanlegvis i to–tre timar, men dette kan variere. 


Etter

Du vaknar etter operasjonen på Thoraxkirurgisk intensiv og oppvakingsseksjon (TIO) i sentralblokka. Her ligg du på eit overvakingsrom med fleire sengeplassar, og er tilkobla mykje utstyr. I denne første fasen er det helsepersonell rundt deg heile tida som passar på deg.

Vanlegvis blir du til neste dag. Du kjem sansynlegvis ikkje til å hugse noko særleg frå denne tida på grunn av narkosen og andre smertestillande medisinar.

Dei fleste pasientar blir blir flytta til hjarteavdelinga post 4 dagen etter operasjonen. På sengepos­ten blir du liggande på eit overvakingsrom det første døgeret. Etterpå blir du flytta til vanleg sengerom.

Det er ikkje vanleg at pårørande kjem på besøk til TIO. Næraste familie kan ringje dit for å høyre korleis pasienten har det. Dei første dagane treng du mykje ro og berre nokre få personar bør kome på besøk. 

  • Det er vanlig med blødning det første døgeret etter operasjonen. Nokre pasientar må gjennom ei kirurgisk opning av operasjonssåret for å stoppe blødninga.
  • Det kan oppstå infeksjon etter operasjonen.
  • Det kan oppstå mindre forstyrringar i hjarterytmen i form av atrieflimmer. Det brukar å normalisere seg etter behandling.
  • Ved hjartekirurgi kan leidningssystemet i hjartet bli skadd. Det kan vereforbigåande, men hos enkelte kan det være nødvendig å legge inn ein permanent pacemaker.
  • Ein kan oppleve psykiske problem av ulik karakter og eventuelt akutt forvirring (eldre er meir utsettt enn yngre pasientar) problema er som regel forbigåande.

Etter operasjonen er det viktig å komme i aktivitet. Din eigeninnsats er veldig viktig for vellykka rehabilitering etter hjarteoperasjonen. Ved hjelp av enkle øvingar kan du redusere faren for komplikasjonar. Fysioterapeuten vil informere deg om øvingane før operasjonen.

Øvingar som betrar blodsirkulasjonen og minskar faren for blod­propp:

  • Bøy og strekk begge anklar 10 - 20 gonger
  • Bøy og strekk ett bein om gongen, 10 gonger med kvart bein
  • Stram og slapp av setemusklar og lår 10 gonger
Øvingar som betrar lungefunksjonen og gjer det lettare å hoste opp slim:

  • Strekk armane over hovudet, og ta dei ned igjen 10 gonger. Ta gjerne ein arm i gongen.
  • Legg hendene på magen. Pust så djupt inn at magen hevar seg og slapp deretter av. Gjenta 5 gonger.
  • Du vil få eit munnstykke (PEP-ventil) som gir motstand når du pustar ut slik at dei små luftvegane blir utvida. Når du brukar PEP-ventil vil du lettare hoste opp slim som kan ha samla seg i luftvegane. Blås om lag 10 gonger, gjenta øvinga to til tre gonger med ein liten pause mellom kvar runde. Når du kjenner du må hoste kan du støtte ei pute mot brystet, då gjer det mindre vondt når du hostar.
Den første dagen etter operasjonen vil du få hjelp til å komme opp på sengekanten og trakke nokre skritt ved senga. Treninga blir tilpassa den enkelte for kvar dag. Vi set opp ein plan for kor mykje du skal vere oppe dei første dagane etter operasjonen. 

Her er ser du eit vanleg aktivitetsprogram for mange av våre pasientar:

  • Dag 1: Sitte i stol minst ½ time ved kvart måltid. Bruke pep-ventil/pustehjelpemiddel minst 10 blås om lag kvar time.
  • Dag 2: Sitte i stol minst 1 time ved kvert måltid. Gå på rommet eller i kor­ridoren med følgje. Bruke PEP-ventil minst 10 blås om lag kvar time.
  • Frå dag 3: Vere mest mogleg oppe, kvile ved behov. Gå turar i korridoren. Bruke pep-ventil minst 10 blås om lag kvar time.
Vi hjelper deg med det du måtte trenge for å gjennomføre aktivitetane. På slutten av opphaldet er det viktig å bli meir sjølvhjelpen for å gjere overgangen til heimesituasjonen lettare. Du må ikkje forlate avdelinga utan å gi beskjed til oss.

Dei første dagane etter operasjonen har du på deg berbart overvakingsutstyr (telemetriapparat). På vaktrommet kan vi følgje med på hjarterytmen din. Mange får uregelmessig eller hurtig puls i periodar. Det kan kjennast ut som hjartebank. Som oftast er det forbigåande og ufarleg. Det kan bli behandla med rytmeregulerande medisin.

Dersom du får uregelmessig puls etter utreise skal du finne ei god kvilestilling. Du skal ha det mest mogleg komfortabelt til pulsen blir rolegare. Det kan også hjelpe å ta ein smertestillande tablett. Uregelmessig puls glir oftast over av seg sjølv og du kan då vere aktiv som normalt. Får du langvarig hurtig puls eller hjartebank og føler deg tungpusta, ta kontakt med lege.

Du kan forvente å trenge smertestillande medisin regelmessig den føste tida. God smertebehandling vil både gjere det lettare å vere i aktivitet og å få hosta opp slim. I tillegg til smertene i brystet vil mange oppleve stivheit i nakke og skuldrer.

Her er nokre øvingar som hjelper mot stiv nakke og skuldrer

Hovudet skal ikkje bøyast bakover når du gjer desse øvingane. Gjer øvingane 5-10 gonger.

  • Løft skuldrene opp mot hovudet og slipp dei roleg ned igjen.
  • Legg fingertuppane på skuldrene. Lag store sirklar med olbogane.
  • Plasser hendene i nakken, før olbogane bakover medan du held ryggen rett. Hold stillinga og slapp så av.
  • Drei hovudet rolig til sida og hold eit augeblikk. Sjå rett fram. Drei hovudet til den andre sida.
  • Bøy hovudet roleg til sida og hold nokre sekund. Rett hovudet opp og bøy til andre sida. Desse øvingane kan du fint fortsette med når du er komen heim.

Etter operasjonen er lungene «stivare» enn tidlegare, og du kan bli meir kortpusta enn du er vant til. Det kan ta opp til eit par månader før lungefunksjonen blir normal. Å være oppe og i aktivitet er viktig for rask bedring.

Det er normalt med litt høgare kroppstemperatur enn elles dei første dagane etter operasjonen. 

Ein hjarteoperasjon krev normalt ingan behandling med jarntilskot. Det er som regel tilstrekkeleg å ete sunn og variert mat.

Dersom blodtrykket ditt har vore høgt før operasjonen, er det sannsynleg at det kjem tilbake til dei same verdiane nokre månader etter operasjonen. Vanlegvis held du fram med blodtrykksmedisin og du skal oppretthalde kontrollar hos fastlegen din.

Det er normalt med opphoping av væske i kroppen den første tida. Dei første dagane får du derfor medisin som driv vatnet ut av kroppen igjen. Det tar litt tid før blodsirkulasjonen i beina normaliserer seg etter operasjonen. Beina hovnar lett opp så du får elastiske strømper som du skal bruke i 1-2 månader. Hevelsen vil gå ned etter kvart.

Det blir lagt inn minst to dren under operasjonen for å drenere sårvæske. Drena blir fjerna etter 1-2 dagar og huda blir lukka med eit sting eller tape. Stinga skal sitje på 12-14 dagar etter operasjonen.

Under operasjonen legg kirurgen inn to eller fleire tynne leidningar til hjartet. Leidningane kan koplast til ein pacemaker ved enkelte typar hjarterytmeforstyrring. Pacemakerleidningane blir fjerna før du reiser heim.

For å operere i hjartet er det vanleg å opne brystbeinet på langs. Det blir sydd saman igjen med ståltråd, som blir verande permanent. Såret på brystet er sydd igjen med ståltråd, som blir verande permanent. Såret på brystet er sydd med innvendige sting som ikkje skal fjernast. Du må rekne med nedsett følelse i huda og ubehag ei tid framover. Dersom det er brukt ei blodåre frå brystveggen, er det gjerne huda til venstre for brystbeinet som kan ha redusert følelse. Årsaka er at nokre nervar i huda er blitt skadd. Du kan også få blåmerke i huda, dei forsvinne gradvis.

Det er vanleg med litt hevelse i området rundt operasjonssåret og at det blir litt raudt. Dette brukar vanlegvis å gå fort tilbake. Dersom det kjem væske frå såra etter at du er komen heim må du straks ta kontakt med fastlegen din. Har såra på beina ikkje grodd etter to til tre veker, eller viser teikn til infeksjon må du også ta kontakt med fastlegen.

Du kan dusje få dagar etter operasjonen. Ein sjukepleiar vil vise deg korleis du skal gå fram. Det er viktig å skylje operasjonssåra fri for såperestar.

Så lenge arra er raudleg og ikkje kvite skal du smøre på solkrem med høg solfaktor når du er barhuda i fint ver og sol.

Dei fleste får problem med treg mage på grunn av nedsatt aktivitet og medisinbruk den første tida. Ved behov gir vi eit lett flytande avføringsmiddel. Det er viktig at du drikk rikeleg. Fysisk aktivitet stimulerer fordøyinga. Magen vil begynne å fungere som tidlegare når du kjem tilbake til eigne faste rutinar.

Pasientar som er bypassoperert får Albyl-E ein gong dagleg. Denne medisinen reduserer risikoen for at dei nye årene skal gå tett. Dersom du nyleg har hatt magesår skal du ikkje bruke Albyl-E. Dette vurderer legen saman med deg. Dei fleste held fram med, eller startar med, kolesterolsenkande medisin.

Du kan forvente at nattesøvnen blir forstyrra i ein periode etter operasjonen. Nokre er i tillegg plaga av hallusinasjonar, som er ein etterverknad av narkosen. Derfor er vi restriktive med å gi sovemedisin til alle nyopererte. Vi anbefaler deg etterkvart å halde deg vaken på dagtid (middagskvil er lov) for å betre kvaliteten på natte- søvnen.

Det er vanleg med humørsvigningar etter operasjonen, også for personar som normalt er rolege og har godt humør. Mange kan kjenne seg deprimert, blir lettare irritert og tar til tårene utan grunn. Det er også vanleg å oppleve ein viss grad av svikt i hukommelsen og konsentrasjonsvanskar. Dette er som regel førebels, og vil gradvis normalisere seg.


Fysisk aktivitet

Når du kjem heim er det viktig å vere i aktivitet og kome i best mogleg fysisk form. Å gå ein tur er glimrande trening. Du kan gå i trapper eller sykle på ergometersykkel dersom du har det. Hugs at du skal føledeg vel etter trening: Varm, sliten, litt andpusten, men ikkje utsliten. Når du startar ein aktivitet/trening er det viktig at du aukar tempoet gradvis og forsiktig. Likeeins roer du gradvis ned når du skal avslutte. Etterpå tøyer du ut musklane.

Brystbeinet treng ca. 8 veker for å gro saman igjen. Unngå å løfte eller bere meir enn eit par kilo i denne perioden. Her er nokre aktivitetar du ikkje skal gjere i denne perioden: støvsuge, vaske golv, hogge ved, lufte store hundar, måke snø, løfte små barn, sykle på vanleg sykkel eller ro.

Du kan ta opp at seksuell aktivitet når du måtte ønske. Dei første 8 vekene er det viktig at du unngår stillingar som gir stor belastning på armane, sidan det også gir stor belastning på brystbeinet.

Gruppetrening

Fysioterapiavdelinga har tilbod om gruppetrening på Haukeland. Det har også andre lokalsjukehus og ulike pasientorganisasjonar. For å søke om plass på treningstilbod kan du kontakte oss på avdelinga før du blir utskriven frå sjukehuset. LHL klinikkane Bergen og LHL klinikkane Nærland har kurs i rehabilitering for hjarteopererte i Hordaland og Rogaland. Pasientar frå andre fylke kan delta på dette. Det er særleg aktuelt for dei som har gjennomgått bypassoperasjon.

Kosthald

I vekene før og etter operasjoner det viktig å ete godt og drikke rikeleg. Vi anbefaler at du drikk minst 2 liter væske kvar dag og gjerne væske rik på energi. Energi- og proteinrik kost er viktig for at sår skal gro og at muskulaturen skal bli sterk.

Riktig og sunn kost gjer at du raskare kjem til hektene igjen. I tida på sjukehuset anbefaler vi tre til fire måltid. Sidan appetitten din kan vere mindre etter operasjonen tilbyr vi mat på sjukehuset med høgare innhald av fett og protein enn du får til vanleg. Det er også viktig med god tannhygiene.

Mat som gjer godt for hjarte

Når du kjem heim anbefaler vi at du etter 14 dagar går over til hjartevennlig kost. Hugs å handle riktig mat når du er i butikken. Det er lettare å ete hjartevennleg når kjøleskapet inneheld den rette maten.

Her er nokre gode val:

  • Meir fisk, frukt, grønsaker og grove kornprodukter
  • Magre meieri- og kjøtprodukt
  • Oljer, mjuk margarin, nøtter avokado og oliven som gir umetta feitt
  • Ver forsiktig med sukker og alkohol. Dette er ekstra viktig dersom du er overvektig, har diabetes eller har høge verdiar av triglycerid (feittstoff) i blodet.

Alkohol

Du er meir følsam og toler mindre alkohol enn vanleg i rekonvalesensperioden. Dersom du bruker Marevan, kan INR-verdien din bli påverka av alkohol. Eit dagleg alkohol forbruk på over 1-2 glas vin eller tilsvarande er uheldig for menn, og 1 glas vin eller tilsvarande for kvinner.

Tobakk

Røyking er ein risikofaktor for tiltetting av blodårene, og er svært uheldig for hjerte og lunger. Derfor er det svært viktig å la være.


Vanleg liggetid er 4-8 dagar etter operasjonen. For deg som har anna lokalsjukehus er det vanleg å bli flytta over dit etter 3-7 dagar. Transporten kan gå føre seg med drosje, helsebuss, ambulanse, rutefly eller ambulansefly.

Dersom du reiser direkte heim frå Haukeland universitetsjukehus, skriv lege på Hjarteavdelinga ut reseptar til deg. Blir du flytta til eit lokalsjukehus vil legane der skrive ut reseptar.

Alle som er hjarteopererte må rekne med 2 - 3 månaders sjukemelding, avhengig av yrke. Dersom du har eit fysisk lett arbeid og ønskjer å starte tidlegare, kan du snakke om dette med legen.

Du bør ikkje køyre bil dei første 5-6 vekene etter operasjonen. Grunnen er faren for uregelmessig puls og moglege konsentrasjonsproblem som kan ha innverknad på køyre- og vurderingsevna di. Du må bruke bilbelte sjølv om det kan vere litt ubehageleg den første tida.

Ein del av pasientane våre opplever å gå gjennom ei krise. Sjukdommen, ventetida, operasjonen og rekonvalesensperioden kan påverke deg både psykisk og fysisk. Kropp og sinn reagerer på det du går gjennom og treng tid for å normalisere seg. I rekonvalesensperioden er det lurt å bearbeide reaksjonar som oppstår på godt og vondt. Snakk gjerne med andre.

Dersom du trur det kan bli vanskeleg å kome rett heim frå sjukehuset, kan du ta dette opp med personalet same dag du blir lagt inn. Vi kan formidle kontakt og sende søknad for deg til rehabilitering. I Hordaland er det to rehabiliteringstilbod for hjartepasientar:

  • Ravneberghaugen opptreningssenter, 5217 Hagavik, tlf: 56 57 04 00
  • Åstveit Helsesenter AS, 5083 Øvre Ervik, tlf: 55 53 97 00
Du finn meir informasjon om våre rehabiliteringstilbod på Helse Vest sine nettsider 

Du kan også ringje informasjonstelefonen for Rehabilitering: 800 300 61.

Treng du informasjon og råd i høve til økonomi og trygderettar kan vår avdeling sette deg i kontakt med ein av våre sosionomar.

Ver merksam

Kontakt avdelinga dersom du får nokre av disse plagene:

  • Tung pust
  • Bløding i såret
  • Væske fra såret
  • Aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
  • Aukande hevelse i eit eller begge bein
  • Sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
  • Svimmelheit eller svime
  • ​ Feber

Blir du akutt sjuk, ring 113.

 

Kontakt

Sentralblokka Hjarteavdelinga post 4

Kontakt Hjarteavdelinga post 4

Oppmøtestad

Pasientane som skal opererast møter på Hjertepost 4, i Sentralblokka, 6. etasje på Haukeland universitetssykehus. Telefonnummer 55 97 36 30 / - 32
Pasientar som venter på operasjon/innlegging kan kontakte innleggingskontoret hvis ein har spørsmål vedrørande innlegginga. Telefon 55 97 21 90, telefontid 09.00 - 11.00 og 12.30 – 14.00

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Det er legevisitt på formiddagen kvar dag. Det er vakthavande lege som går rundt til alle pasientane. I tillegg er det ein pasientansvarleg lege til kvar enkelt pasient, som oftast er det den som har operert pasienten. ​

På Hjerte post 4 blir alle måltider servert i etestova. Her blir alle måltid servert.  

  • Frukost kl. 08-09   
  • Lunsj kl. 12-13  
  • Middag kl. 16-17  
  • Kvelds kl. 20-21  
​Vi oppfordrer alle våre pasientar til å gå ut i buffeten for å eta/henta seg mat, også om du er nyoperert. Dette er ein god måte å komma seg raskt på beina, klarer du ikkje henta maten sjølv, vil personalet gjere det.  
Det er ei eiga kantine i 3. etasje som pårørande kan bruka, i tillegg er det ein kiosk og cafe i 0.etasje.  
På avdelinga er det ein kaffiautomat som kan nyttast av alle (kaffe, te, varm sjokolade, med meir). 

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Pasientar som er kopla til mellombels pacemaker (etter hjarteoperasjon og TAVI) og som er på overvakingsrommet, kan ikkje bruke eigen mobiltelefon. Det er trådlause telefonar tilgjengeleg på avdelinga, ein kan ringe Hjerte post 4 (Tel: 55 97 36 30) og bli satt over. ​

Lag til toalettsaker kvelden i forvegen av operasjon. Desse vil du få tilgang til etter operasjonen. Eventuelle tannprotesar vert lagd i eit beger og kan oppbevarast saman med toalettsakene.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Sjukehuset og avdelingen er ikkje ansvarleg for penger/verdisaker som forsvinn under sjukehusopphaldet.  Derfor tilrår vi å ta minst mogeleg kontantar og verdisaker med på sjukehuset. Avdelingentilrår å legge verdisakene i ein verdisakpose som vert låst ned på avdelinga.

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.