Diagnose

Hoftebrot

Hoftebrot er brot i øvste del av lårbeinet. Kvart år blir 9000 personar ramma av hoftebrot, også kalla lårhalsbrot. Alle hoftebrot må opererast. Målet med operasjonen er at du raskast mogleg kan komme opp av senga og starte med opptrening.

Tilvising og vurdering

Om du får påvist hoftebrot på røntgen blir du tilvist direkte til sjukehuset. Pasientar med hoftebrot blir lagt inn på hoftebroteininga på Haukeland.

Utgreiing

Stort sett vil eit røntgenbilete være nok til å stille diagnosen hoftebrot. Nokre gonger må ein supplere med andre undersøkingar som MR eller CT for å være heilt sikker.

Ved eining for hoftebrot er det lege, sjukepleiar, hjelpepleiar og fysioterapeut som vil ta del i behandling, pleie og opptreninga med deg. Legen som opererer deg er ortopedisk kirurg med spesialkompetanse på hoftebrot. Vi ønskjer at du som pasient og dine pårørande skal vere godt informert og ha medverknad i behandlinga.

Når du kjem til sengeposten blir du tatt imot av sjukepleiar og lege. Sjukepleiaren vil måle blodtrykk og ta eit hjartediagram (EKG). Det vil bli tatt nødvendige blodprøvar. Deretter vil vakthavande lege undersøkje deg. Ein anestesilege vil vanlegvis legge ein såkalla nerveblokade i hofta di så raskt som mogleg for å dempe smertene. Nerveblokaden blir sett ved eit nålestikk framme på låret, og gjer vanlegvis ikkje vondt. Du vil få eit omtrentleg tidspunkt for operasjon.

 


Før operasjonen må du faste i seks timar. Det betyr at du ikkje skal ete, røykje, bruke snus, tyggje tyggjegummi eller pastillar. Du kan drikke klare væsker som saft og vatn (men ikkje noko anna) fram til to timar før operasjonen.

Privattøy, smykke, ringar, øyredobbar og naglelakk må fjernast før du blir køyrd til operasjon. Verdisaker kan låsast inn hos oss medan du er til operasjon, men vi rådar at dine pårørande tar med verdisakane heim.

Før operasjonen vil du få innlagt eit midlertidig urinkateter og eit venekateter i armen. Dersom du ikkje blir operert den dagen du kjem inn, kan du ete og drikke som normalt den dagen. Om kvelden vil du få ei blodfortynnande sprøyte i huda på magen.

Behandling

Når det er klart for operasjon, vil ein sjukepleiar køyre deg i seng til operasjonsavdelinga. Her vil du bli tatt imot av ein anestesisjukepleiar som vil ha ansvaret for deg under operasjonen.

Du vil få ein spinalbedøving (rygg-bedøving) før operasjonen startar. Det vil seie at du vil vere vaken under operasjonen, men utan å kjenne smerter eller ubehag frå hofta. I nokre tilfeller er det nødvendig å gje narkose i staden for spinalbedøving. Då vil du bli informert om dette på førehand.

Operasjon av lårhalsbrot

Operasjon av brot nedanfor lårhalsen



  • I løpet av første dagen etter operasjonen blir det teke nye røntgenbilete av hofta for å kontrollere resultatet.
  • Du vil få smertestillande medisinar til faste tider, og eventuelt ekstra ved behov. Det er viktig at du gir beskjed dersom du har mykje smerter. 
  • Etter operasjonen vil den opererte foten bli hoven, både rundt operasjonssåret, men også resten av foten, spesielt ankelen. Fysioterapeut vil vise deg nokre øvingar som kan redusere hevelsen. Det kan ta opptil 3 månadar før hevelsen forsvinn.
  • God ernæring er viktig etter operasjonen for at brotet skal gro og for å unngå komplikasjonar. 
  • Ein farmasøyt vil gå gjennom medisinlista di saman med ein lege. Dersom det blir gjort endringar, vil fastlegen få tilbakemelding om dette. Dei fleste pasientar vil trenge jerntilskot og kalktablettar.

For å få det beste resultatet av operasjonen, er det viktig at du kjem raskt i gang med opptrening. Dagen etter at du er operert vil du få hjelp til å komme deg opp av senga, og i gang med å gå ved hjelp av ganghjelpemiddel (krykker, rullator, gåramme eller preikestol).

Du kan vanlegvis belaste det opererte beinet til smertegrensa, men om noko anna gjeld for deg vil du få informasjon om dette. Det er viktig at du har praktiske klede (gjerne joggebukse eller anna bukse som ikkje er stram) og gode sko. Be gjerne pårørande om å skaffe dette til deg. 

Når du skal trene vil du trenge hjelp av fysioterapeut eller sjukepleiar i starten. Du vil også trenge ganghjelpemiddel, enten ein preikestol, gåramme eller krykker. Dersom du bruker ganghjelpemiddel frå før kan gjerne nokon frakte dei til avdelinga slik at du kan trene med dei hjelpemidla du er vand med å bruke.

Rask mobilisering reduserer risiko for komplikasjonar:

  • Betrar pusten og reduserer fare for lungekomplikasjonar 
  • Betrar blodsirkulasjon og reduserer fare for blodpropp
  • Reduserer hevelse og lettar evna til bevegelse 
  • Stimulerer tilheling av brotet 
  • Betrar fordøyinga 
  • Førebyggjer trykksår 
  • Reduserer fare for feilstillingar i ledd 
  • Stimulerer til eigenaktivitet og til gjenvinning av funksjon

Oppfølging

Vanlegvis må du vere innlagt på sjukehus i 3-7 dagar etter operasjonen. På sjukehuset vil du få nødvendig støtte og rettleiing til å komme i gang med aktivitet.

Du kan trene i ryggleie, sittande på sengekant eller stol, og etterkvart også i ståande stilling. Du vil trene på nyttige teknikkar for å klare deg i det daglege, og trene på å gå med egna ganghjelpemiddel. Hugs at det er mykje god trening i daglege aktivitetar: Som å reise og sette seg, sitte oppe i stol til måltid, toalettbesøk, personleg hygiene og korte turar.

Du vil få instruksjon i øvingar som du bør fortsette med etter sjukehusopphaldet. Målet er at du kjem godt i gang og blir så sjølvhjulpen som mogleg. Unngå å bli sittande heile dagen, men prøv gradvis å komme i gang med korte turar. Dersom det ikkje er mogleg for deg å gå, er det viktig med dagleg ståtrening i samband med daglege aktivitetar.

Mange har behov for rehabilitering etter opphaldet. Vi vil snakke med deg og dine pårørande for å kartlegge dine behov etter operasjonen. Vi kontaktar kommunen og melder frå om at du er innlagt. Kommunen vil avgjere om du får tilbod om tilrettelegging i heimen og heimesjukepleie, eller rehabiliteringsopphald.

Det er oftast nødvendig å reise til eit korttidsopphald på sjukeheim etter innleggelsen på sjukehuset. Der kan du få hjelp til å kome deg til hektene igjen og vere trygg når du skal trene på å gå igjen. 

Det blir sendt ein samanfatning av behandlinga du har fått (epikrise) til fastlegen din.

Du får med resept på smertestillande og eventuelt andre nye medisinar dersom du treng det etter utskriving frå sjukehus. Stinga skal vanlegvis fjernast etter 14 dagar. Det kan du få gjort hos fastlegen eller ein annan lege.

Etter 3 månader blir du kalla inn til kontroll hos fysioterapeut på vår poliklinikk.

Informasjon frå fysioterapeut

  • Strekk og bøy i ankelleddet
    Ankelledd bøyd oppover. Foto

 

Føtter, ankelledd avslappet. Foto

 

  • Ligg på ryggen. Bøy det eine beinet. Støtt hælen mot underlaget heile tida.

    Hvilende fot, bøyt fot. Foto
  • Hald beinet i bøy nokre sekund, og strekk ut beinet igjen.

  • Stå med føtene litt frå kvarandre.
  • Støtt deg til bord eller stolrygg.
  • Bøy knea, men ikkje bøy der lenger ned enn at du kjenner du har kontroll.

    Montasje to bilder; kvinne står rak, kvinne bøyer knærne. Foto
  • Stå med føtene litt frå kvarandre.
  • Støtt deg til bord eller stolrygg.
  • Strekk deg opp og på tå. Pass på at du er strak i hofta.

    Montasje - to bilder; beina i bakken, opp på tå. Foto
  • Stå med føtene litt frå kvarandre.
  • Støtt deg til bord eller stolrygg.
  • La tå på operert bein gli skrått bakover langs golvet med bøygd kne.

    Montasje - to bilder; tå sklir bakover, tå sklir tilbake. Foto
  • Strekk hofte og kne.
  • La beinet gli sakte tilbake til utgangspunktet.
  • Tå på operert bein skal vere i golvet heile tida.

  • Før begge krykkene framover og set operert fot mellom krykkene.
  • Legg tyngda på krykkene slik at du klarer å løfte den uopererte foten.

    Montasje - to bilder; krykker plasseres fremover, operert fot plasseres mellom krykker. foto
  • Før den uopererte foten framfor den opererte og legg tyngda på den.
  • Før på nytt begge krykker framover og set operert fot mellom krykkene.

    Montasje - to bilder; uoperert fot frem med tyngde på, krykker fremover på nytt. Foto

 

Ver merksam


Komplikasjonar som kan oppstå

 

Du vil få antibiotika i samband med operasjonen for å førebygge infeksjon. Operasjonssåret blir kontrol¬lert før du reiser. Ta kontakt med lege dersom såret blir raudt eller det begynner å sive væske frå såret etter utreise.

Dei første 14 dagane etter operasjonen vil du få førebyggande medisin i form av ei sprøyte i mageskinnet. I nokre tilfelle er det nødvendig med lengre behandling.

Alle pasientar med hoftebrot er utsette for trykksår. Derfor er det viktig å avlaste sete, hælar og rygg når du sit eller ligg. Rask mobilisering er veldig viktig for å unngå trykksår.

Mange eldre kan bli forvirra av anestesi, smertestillande medisin eller av å vere i nye omgivnader. Forvirringa er vanlegvis kortvarig.

Eldre personar og personar med dårleg syn eller svimmelheit er utsette for fall. Derfor er det viktig med førebyggjande tiltak:

  • Sørg for gode sko og god belysning i heimen.
  • Unngå snublefeller som lause tepper, leidningar og liknande.
  • Vi vil kartlegge om du har fallrisiko og gi deg ein brosjyre om fallførebygging.

Kontakt

Sentralblokka Ortopedisk avdeling, Haukeland

Kontakt Ortopedisk avdeling, Haukeland

Oppmøtestad

Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:

Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.

Ortopedisk infeksjonspost 4. etasje
Sengepostane 7. etasje.

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Her finn du utreiseinformasjon frå Ortoperdisk avdeling: 


Utreiseinformasjon.pdf

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.