Hofteproteseoperasjon, revisjon
Ein revisjonsoperasjon inneber at ein skifter eller fjernar delar av eller heile hofteprotesen. Dette kan vere nødvendig ved ulike problem med protesen, for eksempel at protesen har losna frå beinet, slitasje av protesemateriala, infeksjon eller at protesen går ut av ledd.
Nokre gonger er ein slik proteserevisjon ein operasjon av moderat storleik, mens det andre gonger er kompliserte og langvarige operasjonar. Du vil bli informert om omfanget av operasjonen i ditt tilfelle av kirurg i forkant.
Før
Førebygging av infeksjon
- Eit variert og næringsrikt kosthald i forkant av operasjonen.
- Dersom du røyker, bør du slutte, eller i alle fall redusere forbruket frå og med 4 veker før operasjonen til såret er heilt grodd 3–4 veker etter operasjonen. Det same gjeld dersom du har eit overforbruk av alkohol.
- Dersom du har diabetes, må du vere ekstra nøye med å kontrollere og regulere blodsukkeret i forkant av operasjonen, gjerne i samråd med fastlegen.
- Pågåande infeksjonar (for eksempel neglerotsbetennelse, urinvegsinfeksjon, hudinfeksjon, tannrotsbetennelse og liknande) eller opne sår aukar sjansen for å få infeksjon i proteseleddet. Slike infeksjonar må derfor vere ferdigbehandla i god tid før operasjonen.
Medikament
Faste
Under
Under dei forberedande undersøkingane før operasjonen vil du møte kirurgen som skal operere deg, som vil informere deg om kva som skal bli gjort, kva resultat du kan forvente av operasjonen, og om potensielle komplikasjonar knytt til operasjonen og bedøvinga.
Etter operasjon
Komplikasjonar
- Infeksjon: Vi gjer vårt beste for å førebygge infeksjon, men dette kan likevel førekomme hos ein liten andel av pasientane.
- Blodpropp kan førekomme. Du kan redusere risikoen ved å vere mykje i aktivitet samt å bruke dei føreskrivne blodfortynnande medikamenta.
- Nerveskade kan førekomme under inngrepet.
- Det nye proteseleddet kan gå ut av ledd, men dette hender sjeldan. Instruksjonar du får på forskjellige bevegelsar, er meint å forhindre dette, så det er viktig at du følger desse. Skulle protesen likevel gå ut av ledd, er dette svært smertefullt. Du vil då bli innlagt på sjukehus, og protesen blir sett på plass igjen.
Etter
Etter utskriving skal du fortsette treninga, enten aleine eller ved hjelp av fysioterapeut nær heimstaden din. Dei fleste skal bruke blodfortynnande medikament i 10–35 dagar og dessutan smertestillande medikament i avtrappande doser etter utreise.
Ver merksam
Ved mistanke om infeksjon skal du raskt kontakte sjukehuset. Teikn på infeksjon er:
- Raudheit, hevelse og varme i huda
- Væske frå såret
- Aukande smerter
- Feber
- Generell sjukdomsfølelse
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Oppmøtested for pasienter som skal til hofteproteserevisjon er Ortopedisk sengepost 2 i 7. etasje i Sentralblokken på Haukeland universitetssjukehus.
Telefon 55 97 37 55
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen