Vanleg sjukehusopphald er 1–3 dagar med dagleg trening og aktivitet. Du vil få instruksjon i øvingar og krykkegange av fysioterapeut på sjukehuset. Egeninnsats er avgjerande for eit vellukka resultat.
Aktivitet
Det er viktig å komme seg raskt på beina. Allereie på operasjonensdagen kan du, med hjelp, komme ut av senga. Frå første dag etter operasjonen skal du gå med 2 krykker eller andre eigna hjelpemiddel.
- Du kan i regelen belaste den opererte hofta.
- Du kan komme ut og inn frå seng både på operert og uoperert side.
- Du kan ligge på uoperert side etter operasjonen med pute mellom beina. Du kan også ligge på magen. Du kan ligge på operert side når såret har grodd (2–3 veker etter opreasjonen) og det ikkje er smertefullt.
Smerter
Det er vanleg med smerter i dagane og vekene etter operasjonen. Det er ikkje farleg å bruke hofta sjølv om det er litt smertefullt. Du vil få smertestillande tablettar som dempar smertene til et akseptabelt nivå. Medisinane blir trappa gradvis ned etter kvart som smertene avtar. Dei fleste får ei smertefri og velfungerande hofte, men det kan ta tid (hos enkelte inntil 1 år) før smertene er heilt borte og bevegelsen optimal.
Forsiktigheitsreglar
Protesen tåler full vektbelastning frå første dag, og du kan bevege hofta som normalt. Muskulaturen som er sydd under operasjonen treng tid til å gro. Dei første 6 vekene anbefaler vi derfor at du ikkje presser bevegelsen vidare når du kjenner stramming eller motstand i hofta. Bruk krykker i starten for å gå så normalt som mulig. Når du kan gå normalt, kan du legge krykkene vekk.
Etter utskriving
Det er vanleg at beinet på den operte sida blir hoven og Hevelse og misfarga bein på operert side er vanleg på grunn av økt væske– og blodansamling. Dette kan du sjå heilt ned i anklane. Det vil gradvis forsvinne av seg sjølv. For å redusere hevelsen kan du liggje med beinet høgt og overkroppen lågt. Lett aktivitet og sirkulasjonsfremmande øvingar vil også bidra til å redusere hevelse.
Sårpleie
Huda blir lukka enten med ein oppløyseleg tråd som ikkje skal bli fjerna, eller med tråd/stiftar som må bli fjerna etter 2–3 veker. Bandasje byttast ved behov. Korleis du skal forhalde deg til både stinga og bandasjen, vil du få informasjon om før utreise. Vi råder deg til å ikkje bade i basseng/badekar/saltvann dei første 3 vekene.
Trening/krykker
Det er viktig med dagleg aktivitet og trening etter utreise frå sjukehuset.
Treninga vil dei fleste klare på eiga hand. Krykkene kan bli avvikla etter 4 veker når du kan gå normalt utan å halte. Avvik kan førekomme i individuelle tilfelle. Du vil få informasjon om og trene på dette under opphaldet.
Aktivitetar
Vi råder deg til å gå tur og gjere andre lettare aktivitetar. Du kan ha seksuelt samvær så lenge du overheld gjeldande restriksjonar.
Sjukemelding/reseptar
Vanlegvis treng du sjukmelding i 2–8 veker, avhengig av kva type jobb du har. Du får med deg resept på smertestillande medisinar og blodfortynnande sprøyter.
Bilkøyring
Bilkøyring bør du vente med til du har avvikla bruken av krykker, og beinet kjennest sterkt nok til å klare bilkøyring. Du skal heller ikkje køyre bil om du bruker smertestillande medisinar med raud varseltrekant på. Det er veitrafikkloven som gjeld.
- Inn og ut av bil som passasjer: still setet langt tilbake og tipp rygglenet godt bakover.
Kontroll på flyplassar
Ein protese kan utløyse alarmen ved sikkerhetskontroll. Det vil vanlegvis vere nok å forklare at du har ei hofteprotese og eventuelt vise fram arret. Du kan også få ein bekreftelse frå sjukehuset på at du har protese, om du ønskjer det.
Moglege komplikasjonar
Dei vanlegste komplikasjonane i forbindelse med hofteproteseoperasjon er infeksjon og at hofta går ut av ledd (luksasjon). Begge førekjem hos omlag 1 prosent av pasientane. Det er viktig at du raskt tek kontakt med avdelinga, dersom det oppstår akutte sterke smerter eller tekn til infeksjon (sjå meir under «Faresignal».) Det kan også førekomme nerveskade, men dette er sjeldan og oftast heilt eller delvis forbigåande. Blodpropp skal førebyggjast med rask mobilisering og blodfortynnande sprøyter, eventuelt også med komprimerande strømper. Vi råder deg til å unngå lange flyreisar dei første 6 vekene etter operasjonen. Nokre gonger oppstår ein beinlengdeforskjell, oftast ved at det opererte beinet blir lengre. Då kan det vere nødvendig å bruke innleggssåle i motsett sko.
Informasjon frå fysioterapeut
Øvingar for hofte etter proteseoperasjon.
NB! Dei liggande øvelsane skal ikkje gjerast på golvet, men i ei seng, på ein sofa, på ein benk eller liknande.
- Stram setemusklane og press begge knea ned i underlaget. Hold i nokre sekund. Slipp opp.
- Bøy opp i kne og hofte og trekk hælen langs underlaget. Strekk deretter beinet ut igjen.
- Bøy opp i anklane. Før beina frå kvarandre og deretter roleg inn igjen. Ikkje løft beina frå underlaget.
- Liggande setelyft: Ligg på ryggen med bøyde knær. Knip setemusklane saman og lyft bekkenet og nedre del av ryggen frå underlaget. Senk rolig ned igjen.
- Ståande tåhev med støtte: Stå bak ein stol og støtt deg med hendene til stolryggen. Løft deg opp på tærne med begge beina og senk deg rolig ned igjen.
- Støtt deg i en stol eller liknande. Sett det opererte beinet litt bak det andre – tærne i bakken. Strekk ut ved å føre hælen mot bakken. Kjenn at du bruker lårmusklane og setemusklane når du strekkjer ut.
- Støtt deg til en stol, inntil ein vegg eller liknande. Før det opererte beinet ut til sida og før det kontrollert ned igjen. Det kan vere greitt å ikkje ha sko på opererte bein når du gjer denne øvinga.
- Støtt deg med begge hendene på ein stolrygg eller liknande. Stå med føtene i skulderbrei avstand. Bøy i hofter og knær med lik tyngde på begge bein. Reis deg opp igjen når du har nådd posisjonen på figuren.
- Trappegang opp med krykker: Opp med det friske beinet først, deretter operert bein og krykker.
- Trappegang ned med krykker: Sett krykkene ned eit trinn, deretter følger operert bein. Det friske beinet til slutt. Krykkene følgjer alltid det opererte beinet.
Kontroll
Du vil bli kalla inn til kontroll hos lege eller fysioterapeut omlag 3 månader etter operasjonen.