Diagnose
Hudkreft
Hudkreft er ei samlenemning og omfattar fleire undergrupper. Denne informasjonen omtaler dei vanlegaste formene for hudkreft: Basalcellekreft og plateepitelkreft. Føflekkreft er også ein type hudkreft, men blir omtalt separat.Basalcellekreft er den vanlegaste kreftforma hos kvite. Spinocellulært carcinom (SCC), også kalla plateepitelkreft, er ei anna relativt vanleg form for hudkreft hos eldre menneske.
Val av behandling avheng av kva undergruppe hudkreft det dreier seg om, men også kvar på kroppen svulsten sit, samt ei generell vurdering.
Tilvising og vurdering
Det er fastlege, sjukeheimslege eller liknande som tilviser pasientar med hudkreft til spesialist. Det er ofte aktuelt at tilvisande lege tar ei vevsprøve (biopsi) før tilvising til spesialist. Vanlegvis vil du etter slik tilvising få time hos spesialist innan 3–4 månader.
Utredning
Hudlegen vil undersøke deg for å avgjere kva behandling som passar best i ditt tilfelle. Det kan vere aktuelt med biopsi (vevsprøve) frå svulsten.
Hudbiopsi
Dersom det blir tatt biopsi (vevsprøve) frå svulsten, vil det ta 2–6 veker å få svar.
Behandling
Dei vanlegaste behandlingsmetodane ved hudkreft er operasjon, frysebehandling, fotodynamisk behandling og kurretage (skraping). Felles for all behandling er at den som regel skjer poliklinisk.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
- Kva alternativ har eg?
- Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
- Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?
Hudsvulst, operasjon
Fotodynamisk behandling av hud
Frysebehandling av hud
Kurretage (skraping)
Den reseptbelagte kremen Imiquimod (Aldara®) blir også brukt. I sjeldne tilfelle er det aktuelt med strålebehandling.
Kor lang tid tar normalt behandlinga?
Behandlinga går føre seg i all hovudsak poliklinisk og tar vanlegvis kort tid (30 min. til 4 timar). Imiquimod-krem blir brukt heime i omtrent 6 veker.
Oppfølging
Dei aller fleste er friske etter behandling. Det er likevel anbefalt å gå til kontrollar hos lege dei første par åra etter behandling.
Det vil også vere fornuftig å beskytte seg mot overdriven soling i framtida. Bruk av solhatt, parasoll og solbeskyttelseskremar er tilrådd. Dette vil vere med på å redusere faren for nye krefttilfelle.
Kontakt
Hudbygget
Hudavdelinga
Kontakt Hudavdelinga
Oppmøtestad
Hudbygget på Haukelandsområdet, Jonas Lies vei 73
Hudbygget
Jonas Lies vei 73