Kneartrose – ikke-kirurgisk behandling
Artrose i kneet er ein vanleg tilstand og forårsakar smerter og stivleik i kneet. Det finst fleire moglegheiter for behandling, både med og utan kirurgi. Denne teksten omhandlar ikkje-kirurgisk behandling.
Ved artrose i kneet opplever mange god effekt av ikkje-kirurgiske tiltak. Det er viktig at ein prøver desse før ein eventuelt vurderer operasjon. Dette blir tilrådd både på grunn av risiko for komplikasjonar ved kirurgi og fordi informasjon, trening og vektreduksjon har god effekt på symptoma. Forsking viser også at ein del av pasientane som blir opererte for tidleg med for lite artrose, ikkje blir fornøgde med operasjonen.
Ikkje-kirurgiske tiltak inkluderer:
Vektreduksjon
Justering av kosthaldet kan hjelpe deg med å gå ned i vekt, slik at belastninga på kneet blir mindre og smertene blir reduserte.
Trening
Dette kan opplevast som vanskeleg på grunn av smertene i kneet, men vanlegvis kan ein klare nokre formar for trening som til dømes sykling og lett styrketrening. Det er viktig å starte forsiktig og auke belastninga gradvis, gjerne med rettleiing av ein fysioterapeut med spesialkompetanse på artrose. Aktiva – Aktiv med Artrose er eit program som fleire fysioterapeutar er kjende med.
Medikament
Inflammasjonsdempande salver (til dømes Voltarol) og smertestillande piller (til dømes Paracetamol) kan redusere knesmertene. Betennelsesdempande tablettar (til dømes Ibux) kan også hjelpe. Det er likevel ein risiko med biverknadar ved medisininntak. Du må derfor diskutere medisinbruk med fastlegen din.
Hjelpemiddel som skotøy med god demping, kneskinner, stavar, krykkjer og stokk kan lindre smerte.
Dersom du har prøvd desse tiltaka og dei ikkje hjelper tilstrekkeleg, kan ein vurdere operasjon. Desse alternativa kan uansett vere nyttige for å utsetje ein operasjon lengst mogleg.
Tilvising og vurdering
Fastlege bør sjølv tilrå og starte opp med ikkje-kirurgisk behandling av kneartrose.
Før tilvising må du ha gått gjennom ein periode med ikkje-operativ behandling med informasjon om sjukdommen, fysioterapi og trening, vektreduksjon om nødvendig og smertestillande medikament.
Ved manglande effekt av desse tiltaka, kan fastlege bestille røntgenbilete og deretter tilvise til ortopedisk avdeling for vurdering. Etter at tilvisinga er motteken vil du bli inn til time i poliklinikken.
Her finn du meir informasjon og tilvisingskriterium til overvektpoliklinikken i Helse Bergen.
Før
Om du blir tilvist til ortopedisk avdeling for vurdering av behandling mot artrose tek du imot innkalling til ortopedisk poliklinikk. Der vil ortopeden undersøkje kneet ditt, snakke med deg om symptoma dine og sjå på røntgenbiletet ditt. På grunnlag av dette kan det vurderast om ikkje-kirurgisk behandling framleis vil vere tilstrekkeleg i ditt tilfelle.
Under
Den ikkje-kirurgiske behandlinga inneber oftast trening. Dette skjer gjerne i samråd med ein fysioterapeut, slik at du kan få hjelp til å komme i gang og få tips til gode øvingar. Det er også lurt å ha god kunnskap om kneartrose. Dersom du ønskjer det, er «artrose-skulen» eller Aktiva – Aktiv med Artrose fysioterapi eit godt tilbod. Her vil du få informasjon om artrose og møte andre i same situasjon.
Det er vanleg å forvente at du må trene i nokre månader før du opplever effekt på smerter og stivleik, men i nokre tilfelle går det raskare. Det er ofte vanskeleg å trene fordi ein får smerter i samband med øvingar, det kan derfor vere nødvendig å bruke smertestillande i forkant av treninga, i alle fall i starten.
Etter
Det er vanlegvis nok å ha kontakt med fastlegen sin i treningsforløpet. I nokre tilfelle vil det vere nødvendig å gå vidare med kirurgisk behandling om du ikkje har opplevd noka betring av plagene.