Kateterbasert lukking av medfødde misdanningar i hjarteskjermvegger

Atrieseptumdefekt (ASD) førekjem hos 0,1–0,2 prosent av alle nyfødde. Ein del av det oksygenriket blodet frå lungene til venstre framkammer vil leke gjennom holet til høgre framkammer i hjartet. Dette aukar belastninga på høgre kammer og blodstraumen gjennom lungene. Symptom og behandling vil avhenge av størrelsen på holet, men dei fleste med små hol vil ikkje ha symptom.

Holet kan vere lokalisert:

– Der det ovale vindauget (fossa ovale) er i fosterlivet

Eit lite hol her blir kalla PFO og eit større hol blir kalla ASD av secundum type. Normalt skal ein PFO lukke seg dei første leveåra, men hos nokon held den fram med å vere open. Vanlegvis gir PFO ingen symptom, men i sjeldne tilfelle kan små blodproppar gå gjennom opninga og til hovudet og forårsake hjerneslag i vaksen alder. Skjer det, kan det vere grunnlag for å lukke også ein PFO.

– Rett over klaffane mellom framkammera og hjartekammera

Denne defekten blir kalla ein ASD av primum type og blir rekna som ein del av ein meir kompleks hjartefeil: Atrioventrikulærseptum defekt (AVSD).

– Der øvre eller nedre hola munnar i høgre framkammer.

Slike hol blir kalla sinus venosus-defekter.

Symptom ved større hol kan vere trøyttleik, dårleg fysisk form, tung pust, hjartebank og/eller hyppige luftvegsinfeksjonar. Store ASD kan føre til hjartesvikt med nedsett evne til å pumpe blod ut til kroppen.

Illustrasjon av hjartet ASD
Illustrasjon av hjartet PFO

Om behandlinga

Vanlege teikn er systolisk bilyd langs venstre kant av brystbeinet som kjem av auka blodstraum gjennom lungeklaffen, og spalting av 2. hjartetone fordi den auka volumbelastninga i høgre hjartekammer gir langsamare tømming av kammeret og seinare lukking av lungeklaffen.

I EKG vil ein kunne sjå eit inkomplett greinblokkmønster eller RSR-mønster. Ultralyd (ekkokardiografi) vil vere diagnostisk og kan avdekke både opninga eller holet i skjermveggen og grada av ekstrabelastning på høgre side. Ofte kan ein også berekne trykket i høgre hjartekammer (kalkulert ut frå Dopplerhastighet i lekkasjen i tricuspidalklaffen). Ved høgt trykk i høgre hjartekammer anbefaler ein ikkje å lukke holet. Ved tvil om ein bør lukke holet, kan hjertekateterisering vere nødvendig for å avklare grada av lekkasjen gjennom holet og trykt i høgre hjartekammer og lungepulsåra (pulmonal hypertensjon).

I mange tilfelle er det nødvendig å gjere ultralyd frå matrøyret for å få ei god bildeframstilling av holet. Pasienten må da ha ultralydprobein ned i matrøyret. Dette blir opplevd av mange som ei ubehageleg undersøking, men det er vanlegvis ikkje nødvendig med narkose for denne undersøkinga.

Utgreiing

Når det blir sett ein framandlekam inn i hjartet, er det alltid ein liten risiko for infeksjon. For å redusere faren for dette, bør du ha vore til kontroll hos tannlegen før inngrepet. Dette for å utelukke infeksjonar og andre tannhelseproblem, som er den vanlegaste kjelda til infeksjonar som kan slå seg ned i hjartet.

Dersom du har feber eller symptom på ein infeksjon, bør ein utsette behandlinga til infeksjonen er over.

Om du bruker blodfortynnande medisinar av typane Albyl-E, Persantin eller Plavix skal du fortsette som vanleg, også behandlingsdagen.

Om du bruker Marevan, må du kontakte avdelinga der du skal leggast inn, eller fastlegen din, for å avtale bruk av Marevan dei siste dagane før innlegginga.

Før sjølve hjertekateteriseringen skal alle ha vore til ei undersøking hos lege med vanleg klinisk undersøking og blodprøver, og få informasjon av lege og sjukepleiar om prosedyren og risiko for komplikasjonar.

Ved Haukeland universitetssykehus kommer pasienten til legeundersøkelse dagen før hjertekateriseringen. De fleste vil kunne overnatte hjemme eller på hotell. Etter hjertekateriseringen må du overnatte på sykehuset. Før utskrivelsen dagen etter vil det bli tatt røntgen av brystkassen og ekkoundersøkelse av hjertet.

Behandling

Under sjølve lukkinga går legen med kateter via ein samleåre (vene) i lysken opp til hjartet der ein lukkar hòla med ein såkalla «paraply».

Dagens «paraplyar» er laga av Nitinol, oftast kombinert med Goretex eller Polyester. Dei består av to flater som er kopla saman og lukkar seg inntil på begge sider av opninga/hòla. I løpet av cirka 6 månader vil desse bli dekt av hjartet si eiga slimhinne.

Illustrasjon av ein paraply
Slik ser ein paraply ut.

Inngrepet blir gjort enten i full narkose som er vanlegast ved ASD-ene eller med lokalbedøving. Narkose blir gitt dersom du treng å ha ein ultralydprobe i matrøyret under inngrepet. Det kan vere nødvendig for å få god oversikt over holet og sjå at «paraplyen» blir rett plassert. Størrelsen av holet må stundom målast ved at ein fyller ein ballong på tuppen av kateteret med saltvatn slik at han fyller heile holet. Ein målar så størrelsen på ballongen. Både ballongen og paraplyen blir ført opp til hjartet via nedre hòlevene frå vanlegvis høgre lyske. Kateter via venen i lysken til hjartet.

Mindre ASD-er og PFO-er kan lukkast utan at du får full narkose. Ultralyd av hjartet blir da gjord med hjelp av eit kateter som har eit ultralydhovud på tuppen. Dette blir ført inn via  nedreholvene frå den andre lysken.

Under inngrepet blir det gitt ekstra blodfortynnande medisin og antibiotika for å førebygge infeksjon.

Oppfølging

Etter at prosedyren er ferdig, blir det lagt ein kompresjonsrull over innstikkstaden i lysken for å unngå bløding. Den skal ligge på til neste morgon. Dei første timane vil du bli liggande til observasjon på ei intensiveining før du blir flytta til ein sengepost.

Du må ligge i ro i minimum 5 timar. Seinare kan du gå på WC, men elles halde senga.

Før utreise blir det tatt ultralyd av hjartet og røntgen av brystkassa.

Etter inngrepet er nokon stive i skuldrer og rygg. Dersom dei har hatt ultralydprobe i matrøyret eller vore intubert, vil mange vere såre i halsen og nokon kjenner trykk eller ømheit i lysken.

Moglege komplikasjonar

Det er viktig å vite at det kan oppstå komplikasjonar ved inngrepet.

Milde komplikasjonar

  • problem med å late vatnet, på grunn av trykkbandasje og sengeleie
  • vanlegast er mindre blødingar/blodsamlingar i lysken
  • uregelmessig hjarterytme dei første vekene etter inngrepet
  • ein svært sjeldan gong kan det oppstå infeksjon på innstikkstaden

Alvorlege komplikasjonar

Hos nokon svært få, kan det oppstå meir alvorlege komplikasjonar som blodpropp, hjerneslag, reaksjonar på narkose, eller at paraplyen ikkje festar seg i skjermveggen. I sjeldne tilfelle kan ei uventa hending føre til akutt hjarteoperasjon.

Skulle det oppstå ny bløding etter utskriving frå sjukehuset, skal sjukehus kontaktast.

Restitusjon

For å unngå bløding i lysken, skal du vere varsam med tunge løft, støvsuging, å springe, sykle eller liknande dei første 10 dagane. Elles kan du vere i vanleg aktivitet.

Det er vanlegvis ikkje nødvendig med sjukmelding utover sjukehusopphaldet dersom du har eit fysisk lett arbeid.

Fordi det tar cirka seks månader til «paraplyen» er dekt av hjartevev, blir det anbefalt at du tar antibiotika ved inngrep som kan føre bakteriar inn i blodbanen (for eksempel omfattande tannbehandling og operasjonar). Dette for å unngå betennelse på «paraplyen».

Du skal bruke blodfortynnande medisinar i minst seks månader.

Kontroll skjer ved sjukehus etter nærare avtale, vanlegvis etter 3 månader og 6–12 månader. Det skal da takast ultralyd av hjartet, EKG og blodtrykk. Etter det er det ikkje vanleg med vidare oppfølging.

Sist faglig oppdatert 22.09.2022

Kontakt

  • Kontakt Hjarteintervensjon

    Oppmøtestad

    Du finn oss i 1. etasje i Sentralblokka:
    Ekspedisjonen, hjarteavdelinga
     
    • Innleggingskontoret: For timar til hjartekateterisering eller rytmeutgreiing/behandling
    • Pasientekspedisjonen i poliklinikken: For timar til mellom anna pacemakerkontrollar og hjartekirurgiske kontrollar
    • Kveldspoliklinikken: Her blir det gjennomført mange polikliniske konsultasjonar, i tillegg til at inneliggjande pasientar blir undersøkte her. Opningstider: Måndag til fredag kl. 16.00-1930.
    Flyfoto av Sentralblokka

    Sentralblokka

    Haukelandsveien 22

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
     
    Reiseutgifter
    Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
    Les meir om å få dekt ei pasientreise

    Planlegging
    I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
    Les meir om planlegging av pasientreisa di

    Rettar/Rettane dine
    Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
    Les meir om rettane dine ved pasientreiser

    Tilrettelagt transport
    Helseekspressen
    Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen ​

    ​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    ​Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 

    Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

    Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

    Kontaktinformasjon: 

    Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

    Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

    Telefon resepsjon: 55 97 50 00

    I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

    ​​​​​​​​Besøke pasientar
    Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

    Betale eigendel
    Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

    Bestille drosje
    Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

    Leitar du etter ei avdeling?
    ​Sjå avdelingsoversikta

    Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

    Lån av rullestol
    Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

    Følgeteneste
    Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

    Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

    Oppbevaringsboksar
    Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

    Hittegods
    Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

    Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

    Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.

    Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

    Les meir om innsjekk og betaling​

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Kontakt Hjarteklinikken

    Oppmøtestad

    Poliklinikken ligg i 1. etasje i Sentralblokka. Fellesekspedisjonen der pasientar som vert innlagt etter venteliste skal møte ligg i 2. etasje i Sentralblokka. Sengepostane finn du i 6. etasje same stad.
    Flyfoto av Sentralblokka

    Sentralblokka

    Haukelandsveien 22

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
     
    Reiseutgifter
    Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
    Les meir om å få dekt ei pasientreise

    Planlegging
    I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
    Les meir om planlegging av pasientreisa di

    Rettar/Rettane dine
    Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
    Les meir om rettane dine ved pasientreiser

    Tilrettelagt transport
    Helseekspressen
    Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen ​

    ​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    ​Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 

    Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

    Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

    Kontaktinformasjon: 

    Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

    Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

    Telefon resepsjon: 55 97 50 00

    I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

    ​​​​​​​​Besøke pasientar
    Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

    Betale eigendel
    Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

    Bestille drosje
    Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

    Leitar du etter ei avdeling?
    ​Sjå avdelingsoversikta

    Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

    Lån av rullestol
    Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

    Følgeteneste
    Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

    Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

    Oppbevaringsboksar
    Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

    Hittegods
    Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

    Daglegvarebutikkar i nærområdet:

    Rema1000 Haukelandsveien
    Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
    Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
    Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

    Kiwi Kronstad
    Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
    Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
    Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

    Bunnpris Møllendalsbakken
    Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
    Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
    Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
    Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 

    I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

    Les meir om stilleromma