Når ein har ei skeivstilling i kneleddet, enten at ein er såkalla ”hjulbeint” eller ”kalvbeint”, kan det oppstå større belastning på den eine sida av kneet. Dette kan igjen medføre dårleg og slitt menisk og etter kvart slitasje på leddbrusken. Osteotomi er ein operasjon der ein rettar opp vinkelen i kneet slik at den mekaniske belastningsaksen går meir midt gjennom den friske delen av kneet enn før.
Dette kan utsette eller forhindre ein seinare kneprotese operasjon. Ein må vere klar over at kanskje ikkje alle smertene forsvinn da ein ikkje gjer noko med sjølve artrosen i leddet. Inngrepet er i all hovudsak proteseutsettande, men mange vil også oppleve ei symptomlindring
Før operasjonen markerer kirurgen med tusj på rett kne. Huda må vere heil utan sår.
Du må vere frisk og i form. Dagen før operasjonen kan du ete og drikke som normalt. Du skal faste frå midnatt, det betyr at du ikkje skal ete noko eller drikke mjølk, kaffi eller jus. Du skal heller ikkje røyke, snuse, ete drops eller tygge tyggis. Du kan drikke klare væsker som saft og vatn utan kolsyre fram til kl 06 på operasjonsdagen.
For å førebygge infeksjon møte du nydusja. Ikkje bruk bodylotion operasjonsdagen. Neglelakk blir fjerna, dette gjeld også smykke og piercing.