Behandling
Aksekorreksjon i kne
Aksekorreksjon og/eller korreksjon av rotasjonsfeilstilling rundt kne, hofte eller ankel blir gjord hos barn og vaksne for å rette opp feilstillingar i beina. Operasjonen kan korrigere aksefeil som hjul- og kalvbeintheit, eller ei inn– eller uttåing
Kvifor blir behandlinga gjennomført?
Behandlinga blir gjennomført fordi du har ei skeivstilling i beinet som ikkje blir korrigert spontant. For å unngå overbelastning på hofte, kne og ankel, og risiko for slitasje og smerter på sikt, kan du få tilbod om ein korreksjon av feilstillinga med kirurgi. Målet med behandlinga er å få retta opp aksar.
Tilvising og vurdering
Dersom du har aksefeil, blir du først vurdert av ortoped på poliklinikken. Du må ta røntgen av beina for å finne årsaka til kvifor du har feilstilling og grad av feilstilling. På desse bileta vil ortopeden også kunne avgjere kvar feilstillinga sit og kvar korreksjonen skal skje.
Før
Når ein har ei skeivstilling i kneleddet, enten at ein er såkalla ”hjulbeint” eller ”kalvbeint”, kan det oppstå større belastning på den eine sida av kneet. Dette kan igjen medføre dårleg og slitt menisk og etter kvart slitasje på leddbrusken. Osteotomi er ein operasjon der ein rettar opp vinkelen i kneet slik at den mekaniske belastningsaksen går meir midt gjennom den friske delen av kneet enn før.
Dette kan utsette eller forhindre ein seinare kneprotese operasjon. Ein må vere klar over at kanskje ikkje alle smertene forsvinn da ein ikkje gjer noko med sjølve artrosen i leddet. Inngrepet er i all hovudsak proteseutsettande, men mange vil også oppleve ei symptomlindring
Før operasjonen markerer kirurgen med tusj på rett kne. Huda må vere heil utan sår.
Du må vere frisk og i form. Dagen før operasjonen kan du ete og drikke som normalt. Du skal faste frå midnatt, det betyr at du ikkje skal ete noko eller drikke mjølk, kaffi eller jus. Du skal heller ikkje røyke, snuse, ete drops eller tygge tyggis. Du kan drikke klare væsker som saft og vatn utan kolsyre fram til kl 06 på operasjonsdagen.
For å førebygge infeksjon møte du nydusja. Ikkje bruk bodylotion operasjonsdagen. Neglelakk blir fjerna, dette gjeld også smykke og piercing.
Under
Når ein er hjulbeint, blir det gjort eit sagekutt gjennom øvre del av leggbeinet frå innsida. Ein nyttar røntgengjennomlysing for å bestemme rett nivå av kutta og kor stor opninga skal bli. Størrelsen til opninga avheng av kor skeivt beinet er. Denne metoden blir kalla ”opening wedge”, og opninga skal fyllast gradvis med pasienten sitt eige bein i løpet av 2-3 månader. Ein fikserer det heile med ei solid plate med skruar på kvar side av opninga.
Er ein kalvbeint, kan tilsvarande inngrep gjerast på nedre del av lårbeinet.
Etter
Tidleg mobilisering
Det er hovudfokus på gangtrening og muskelkontroll, i tillegg til rørsle for å unngå tilstivning. Når bedøvinga har gått ut kan du bøye kneet så mykje du klarer, og komme opp og stå ved sengekanten.
Krykker
Ein skal del-belaste inntil 30kg dei første 2 vekene med krykker. Deretter kan ein gradvis auke belastninga etter smertene fram til 6 vekers kontrollen. Ved den første polikliniske kontrollen etter 6 veker vil ein ta stilling til om du kan avvikle krykkene heilt.
Smerter
Du vil ha behov for ein del smertestillande dei første dagane, men dette blir gradvis trappa ned dei neste 3-4 vekene.
Vanlegvis er opphaldet her på 1-2 dagar med dagleg trening og aktivitet.
Eigeninnsats er heilt avgjerande for eit vellykka resultat.
Det er viktig å halde fram med daglege øvingar og trening ved utreise, og du kan ta kontakt med ein fysioterapeut for å få hjelp med treninga.
Du vil bli innkalla til ein kontroll med røntgen etter 6 veker.
Ver merksam
Ved alle operasjonar vi det vere risiko for komplikasjonar.
- Blodpropp: Dette motverka ved gradvis aukande muskelaktivitet og du får også ein blodfortynnande sprøyte dei første 2 vekene.
- Infeksjon; Dette blir førebygd med antibiotika som blir gitt intravenøst under og etter operasjonen. Teikn til infeksjon er feber, aukande raudheit og smerte i operasjonssåra og vedvarande siving av væske i bandasjen. Ta kontakt med avdelinga viss du har mistanke om infeksjon.
- Oppsprekking av såra: Ta kontakt med avdelinga viss såra opnar seg.
- Problem med beintilhelingen: Risikoen for dette er størst viss ein røykar.
- Vedvarande smertar i kneet.
- Trong muskellosje: ved sterke smerter i leggen skal du straks ta kontakt med avdelinga.
- Nerve- og karskadar