Leverkreft
Denne kreftformen oppstår primært i levra og må ikkje bli forveksla med spreiingssvulstar (metastaser) frå kreft oppstått i andre organ. Primær leverkreft er ein sjeldan sjukdom og færre enn 150 nye tilfelle blir oppdaga årleg i Noreg.
Kjente risikofaktorar for leverkreft er:
- Virus hepatitt B og C
- Kronisk alkoholkonsum
- Levercirrhose (skrumplever)
- Påverknad av visse gifter, for eksempel aflatoksin
- Det er også diskutert om sjukeleg overvekt kan føre til utvikling av leverkreft. I land med høg førekomst av virushepatitt er leverkreft svært vanleg, og i visse land i Asia er det den vanlegaste dødsårsaka.
Utgreiing
I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.
Les om
Les om
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Behandling
Kliniske studiar
3 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
- Sammenligning av ablasjonsbehandling og operasjon av levermetstaser fra tykk- og endetarmskreft
- IMPRESS Norway
- Multisenterstudie for å finne optimalt tidspunkt for forebyggende behandling av blodpropp ved leverkirurgi
Oppfølging
Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom
Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp for å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynnelsen av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med so god livskvalitet som mogleg.
Ver merksam
Kontakt
Sentralblokka
Gastrokirurgisk avdeling
Oppmøtestad
Kirurgisk ekspedisjon i 5. etasje i Sentralblokka.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen