Behandling
Lindrande behandling
Mange pasientar med livstruande sjukdom har behov for lindrande behandling. Dette kan vere ulike typar medikament, samtalar og praktisk bistand frå ulike helsearbeidarar.
Målet med lindrande behandling (palliasjon eller palliativ behandling) er å gjere livet best mogleg, både for deg og dine pårørande, i alle fasar av ein alvorleg sjukdom. Hovudfokuset er å førebygge og lindre symptom som smerte, kvalme og depresjon, og gi hjelp ved åndelege/eksistensielle utfordringar og andre vanskar som alvorleg sjukdom kan føre med seg.
Lindrande behandling skal vere eit tilbod til alle som treng det, uavhengig av diagnose, prognose og bustad. Den enkelte helsearbeidaren kan gi god hjelp, men ofte vil personar med ulik yrkesbakgrunn samarbeide for å gi deg og dine pårørande best mogleg behandling og oppfølging. Eit godt samarbeid mellom helsearbeidarane ved sjukehuset og i kommunen er sentralt.
Pasientar med behov for lindrande behandling kan vere svært forskjellige. I ein tidleg fase kan nokre vere fullt arbeidsføre trass i ein sjukdom som ikkje kan kurerast. I ein seinare fase kan ein vere sterkt hjelpetrengande. Ofte er det pasientar med kreft, men også pasientar med alvorleg hjarte- og karsjukdom, kroniske lungesjukdommar og nevrologiske sjukdommar kan ha behov for lindrande behandling.
I dag utgjer kreftpasientar den største delen av dei som får spesialisert lindrande behandling. Moderne kreftbehandling gjer at fleire pasientar lever lenger med sjukdommen. Nesten alle kreftpasientar treng kvalifisert behandling for lindring av smerter og/eller andre plagsame symptom dei siste månadene i livet. I tillegg vil pasientar som lever med kreft som ein kronisk sjukdom, ha behov for lindrande behandling og omsorg i delar av sjukdomsforløpet.
Ofte må vi vurdere kor langvarig og kor mykje behandling vi skal gi for sjølve kreftsjukdommen. Ditt ønske og din kunnskap om sjukdommen er vesentleg å ta omsyn til. Allmenntilstanden din har stor betydning for kva behandling du bør ha. Nokre gongar må vi starte ein behandling for å sjå korleis den verkar på pasienten og på kreftsjukdommen. Når vi skal planlegge, starte og avslutte kreftbehandlinga, er vi avhengig av informasjon frå deg og dine pårørande, i tillegg til at du har ein god dialog med legen. Du skal få informasjon om kva som er hensikta med behandlinga du får tilbod om.
Tilvising og vurdering
Behovet for lindrande behandling vil variere frå pasient til pasient. Alle som arbeider i helsetenesta, skal kunne tilby lindrande behandling. Nokre pasientar, som har mange plager samtidig eller svært sterke plager, har likevel behov for å få hjelp i spesialisthelsetenesta.
Når sjukehuset får ei tilvising, blir denne vurdert av lege. Hastegrad blir vurdert i kvart enkelt tilfelle. Din generelle helsetilstand og symptombilde er viktige moment i vurderinga.
Før
Du vil ofte, både ved innlegging og poliklinisk time, bli bedt om å svare på spørsmål om behov, ressursar og eventuelle plager du har. Dette kan gi ei god oversikt over symptoma dine, og vere eit godt utgangspunkt for kommunikasjon mellom deg og helsepersonalet. Første gong, og ofte seinare, er det mange som synest det er ein fordel å ha med ein pårørande til timen eller innlegginga.
Kartlegging av plager
Det er avgjerande at du som pasient angir eigne plager (symptom) når vi skal planlegge og vurdere kva som er god behandling for deg.
Alle pasientar med behov for lindrande behandling bør få opplæring i korleis ein kan bidra til å kartlegge eigne symptom. Som regel kan ein bruke eit spørjeskjema som hjelpemiddel. Kva symptom ein har, og i kva grad, varierer veldig utifrå sjukdommen, kva fase ein er i og frå pasient til pasient. Grundig kartlegging både før og etter at behandlinga startar, og gjentatte gongar undervegs, er derfor viktig.
Under
Første gong du kjem til ein poliklinikk eller sengepost, får du samtale både med sjukepleiar og lege, og legen undersøker deg.
Vidare utgreiing og behandling er avhengig av problemstillingane og plagene du har. Plager og symptom som kan oppstå og trenge betre lindring, er for eksempel smerte, kvalme, ernæringsvanskar, forstopping, tung pust og depresjon. Mange ulike faggrupper samarbeider om å gi deg best mogleg behandling. Dine pårørande får også tilbod om samtale.
Medisinar kan ofte dempe symptoma. For kreftpasientar kan det også vere aktuelt med strålebehandling eller cellegift. I enkelte tilfelle kan kirurgiske inngrep vere aktuelt.
Nokre pasientar har behov for ekstra oppfølging og behandling. Denne behandlinga kan bli gitt som dagbehandling på poliklinikk. Dagbehandlinga kan foregå på einerom med både seng og stol for pasienten. Vi vurderer også om det er behov for innlegging på sjukehus.
Etter
Sjukehuset samarbeider tett med kommunehelsetenesta. Før du reiser, tar vi kontakt med kommunen dersom vi ser det er nødvendig. Ofte blir det laga ein behandlingsplan. Viktig informasjon om kontaktpersonar, telefonnummer og medikament du skal ta, skal vere oppdatert. Nokre gongar kan ein individuell plan vere til god hjelp. Denne inneheld kontaktinformasjon, i tillegg til oversikt over dine eigne og pårørande sine ønske og behov.
Kontrollar og oppfølging
Kontrollar ved sjukehuset og hos fastlegen blir avtalt etter behov. Sjølv om du har faste kontrollar ved sjukehuset, er det viktig å fortsatt ha avtalar med fastlegen slik at de har jamleg kontakt.
Dersom du er svært svekka, og det er vanskeleg å komme til fastlegen når du er heime, kan fastlegen komme til deg. Du kan og få oppfølging av ressurssjukepleiar i kommunen; eller kreftkoordinator, dersom du har ein kreftsjukdom. Etter avtale med fastlegen kan også sjukepleiar og lege frå sjukehuset komme heim til deg. Dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.
Mange pasientar som får lindrande behandling, kan ha nytte av eit opphald i sjukeheim, anten på vanleg korttidsavdeling, eller på ei spesialisert eining for lindrande behandling. Målsettinga kan vere rehabilitering og trening, justering av symptomlindrande behandling eller tilrettelegging i heimen før heimreise.
Kommunen, Kreftforeningen eller andre organisasjonar kan ha ulike tilbod til pasientar eller pårørande, inkludert tilbod til barn og unge som pårørande. Tilsette i Kreftforeningen kan og komme og gi informasjon i skole og barnehage.
Kontakt
Sentralblokka
Kompetansesenter i lindrande behandling
Oppmøtestad
Legar og sjukepleiarar har ansvaret for den medisinske behandlinga ved sjukehuset, inkludert lindrande behandling. Samarbeid med andre yrkesgrupper som palliativt team er ofte nødvendig, men personalet på sengeposten eller poliklinikken har hovudansvaret når du er på sjukehuset.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen