Det er vanleg at gastroskopi er ein del av utgreiinga.
Legen vil også vurdere tilvisingsskjemaet frå fastlegen din, symptoma dine, og stille deg spørsmål om helse, livsstil og kosthald.
Betennelse i slimhinna til magesekken kallar vi magekatarr (gastritt). Typiske teikn på magekatarr kan vere smerter eller ei brennande/svidande kjensle i øvste del av magen, opp mot brystbeinet.
Magekatarr/gastritt er eit samleomgrep for fleire typar betennelse i slimhinnene til magesekken.
Går som regel over av seg sjølv eller kan behandlast med medisin. Årsaka kan vere annan sjukdom eller inntak av stoff som irriterer slimhinna i magesekken, som alkohol, røyk, eller ein type betennelsesdempande medisinar vi kallar NSAIDS.
Kan komme av bakteriar eller autoimmune reaksjonar. Det kan behandlast med antibiotika eller andre medisinar.
Dersom du er kalla inn til time/undersøking, ta med oppdatert liste over medisinar du bruker.
Dersom du har symptom på magekatarr, ta kontakt med fastlegen din. Han eller ho vil vurdere kva tiltak som er aktuelle for deg. Ved sterke eller vedvarande symptom vil fastlegen kunne be om at du blir undersøkt på sjukehuset.
Det er vanleg at gastroskopi er ein del av utgreiinga.
Legen vil også vurdere tilvisingsskjemaet frå fastlegen din, symptoma dine, og stille deg spørsmål om helse, livsstil og kosthald.
Etter undersøkinga vil sjukehuslegen vurdere om du treng behandling. Vurderinga er avhengig av funn ved gastroskopi, men også av eventuelle vevsprøver. Derfor kan det ta nokre veker før du får eit definitivt svar om anbefalt behandling.
Røyk og alkohol kan vere årsak til eller forverre magekatarr. Dersom du røyker, bør du slutte med det. Du bør avstå frå eller redusere bruken av alkohol. Som ein del av behandlinga vil legen også kunne gi deg andre råd om endring av livsstil, medisinar og kosthald.
Nokre pasientar treng behandling med antibiotika eller medisinar som regulerer magesyreproduksjonen.
Dersom det er behov for oppfølging eller kontroll, vil sjukehuslegen informere deg og fastlegen om dette.
Medisinsk poliklinikk og dageining
Marie Joys hus 1. etasje, Jonas Lies vei 81. Følg skilting.
Medisinsk undersøking -fordøyingssjukdommar
I Sentralblokka nord i 1. etasje.
Medisinsk post 1 nord - nyresjukdommar og hormonsjukdommar
I Sentralblokka nord i 6. etasje

Haukelandsveien 22
5021 Bergen