Huda som er fjerna blir sendt inn til undersøking i mikroskop. Ved store forandringar i huda eller der fjerning medfører store kosmetiske konsekvensar, kan det takast prøve av ein del av forandringa. Ved påvist melanom blir du informert om diagnosen, og vist til ei kirurgisk avdeling på lokalsjukehus.
Kirurgi ved påvist melanom
Når det er påvist melanom vil tjukna vere avgjerande for vidare behandling. Sjølv om heile forandringa er fjerna, skal arret etter prøvetaking fjernast med 1-2 cm fri margin ned til underliggjande muskelhinne, for å redusere risiko for lokalt tilbakefall. Det blir som regel eit langt større sår ved fjerning av tryggingsmargin enn ved den første operasjonen. Derfor kan vere behov for å transplantere hud for å få lukka såra. Ved forstadium til melanom er det tilstrekkeleg at arret blir fjerna med ein margin på 5 mm.
Ved ei tjukn på 1,1 mm eller meir vurderer vi om vi skal å utføre vaktpostlymfeknute- diagnostikk. Vaktpostlymfeknuten er første lymfeknute som eventuelt får kreftceller ved spreiing. Som regel er det éin vaktpostlymfeknute, men det kan også vere fleire. Ved å operere ut vaktpostlymfeknuten og undersøkje han i mikroskop, kan vi finne ut om kreften har byrja å spreie seg. Vaktpostlymfeknutane finst vanlegvis i lysken, armhola eller på halsen. For å lokalisere vaktpostlymfeknuten, blir det sett inn eit sporstoff rundt arret dagen før operasjonen. Ved vaktpostlymfeknutediagnostikk blir du vist til ei lokal plastikkirurgisk avdeling.
Sjølve inngrepet skjer i narkose og blir gjort samtidig som tryggingsmarginen rundt arret blir fjerna. Svar på om det er spreiing i vaktpostlymfeknuten får du som regel nokre veker etter operasjonen.
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.