Forundersøkingane til kirurgi krev ikkje spesialutstyr. Undersøkinga blir utført av ein plastikkirurg frå mikroti-teamet. Utgreiinga inneber sjukehistorie og klinisk undersøking.
Du vil få grundig informasjon om den kirurgiske behandlinga, kor lang tid du må vente på operasjon og moglege komplikasjonar.
Førebuingar til operasjon
Faste
Før operasjonen må du faste. Det betyr at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følger instruksjonane om korleis du skal komme godt førebudd til operasjonen. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsette operasjonen.
Du må vere røyk- og snusfri i 6 veker før operasjonen.
Barn (opptil 18 år): Med mindre anna er avtalt gjeld følgande: Barnet kan drikke klare væsker (vatn, saft, jus utan fruktkjøtt) inntil 1 time før operasjon. For mjølk og fast føde gjeld same reglar som for vaksne (6 timar).
Vaksne: Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, jus utan fruktkjøtt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløte) inntil 2 timar før planlagt inngrep. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eitt glas vatn (maks 150 ml).
Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.
Dette gjeld før alle operasjonane.
Medisinar
Ta med alle dei faste medisinane dine på operasjonsdagen. Du får beskjed av legen om kva medisinar du kan ta og kva du ikkje kan ta. Bruker du Marevan eller anna blodfortynnande medisin må du kontakte fastlegen to veker før operasjonen for å avtale eventuell nedtrapping.
Hygiene
For å redusere infeksjonsfare er det viktig at du dusjar same morgon som du møter til operasjon. Unngå å bruke body lotion, feit ansiktskrem eller sminke, og ikkje ha på deg naglelakk. Du bør ikkje ha på deg smykke/piercing eller klokke, og ikkje bruk kontaktlinser denne dagen – bruk heller briller.
Sjukdom
Om du er forkjøla eller har blitt sjuk av andre grunnar når operasjonen nærmar seg, må du gi beskjed.
Viktig informasjon før operasjon i narkose for barn og unge
Her er også bildeseriar om bedøvingskrem og venekanyle, og filmar om operasjonsdagen tilrettelagt for barn og unge.