Mikroti, rekonstruksjon av ytre øyre
Mikroti er ei medfødd øyremisdanning der ein blir fødd med manglande eller delvis manglande ytre øyre og øyregang. Graden av mikroti kan variere frå lett underutvikla til totalt manglande øyre. Som oftast er dette berre på ei side, men det kan også skje på begge sider.
Danninga av øyret startar i veke 3-5 og er ferdig utvikla i veke 18 i fosterperioden. I dei fleste tilfella finn ein inga klar årsak, men vi ser at i ein del tilfelle er tilstanden assosiert med medfødde syndrom eller andre tilstandar som Treacher Collins syndrom, Hemifacial mikrosomi etc.
I Noreg blir det fødd 8-10 barn med mikroti kvart år. Om nokon i familien har ei øyremisdanning er risikoen høgare for at ein får eit barn med same eller liknande liding.
Behandlinga av mikroti krev spesialistkompetanse og er derfor sentralisert til to stader; Haukeland universitetssjukehus i Bergen og Rikshospitalet - Oslo universitetssykehus.
Tilvising og vurdering
Pasientar kan tilvisast frå fastlege eller sjukehus.
Barn ser vi gjerne første gong i eitt til to-års alderen. Vi følger pasienten med kontrollar fram til operasjonstidspunktet.
Vaksne kan tilvisast uavhengig av alder.
Før
Forundersøkingane til kirurgi krev ikkje spesialutstyr. Undersøkinga blir utført av ein plastikkirurg frå mikroti-teamet. Utgreiinga inneber sjukehistorie og klinisk undersøking.
Du vil få grundig informasjon om den kirurgiske behandlinga, kor lang tid du må vente på operasjon og moglege komplikasjonar.
Førebuingar til operasjon
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.
Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
- Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
- Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
- Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.
Strengare reglar kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Dette gjeld før alle operasjonane.
Medisinar
Ta med alle dei faste medisinane dine på operasjonsdagen. Du får beskjed av legen om kva medisinar du kan ta og kva du ikkje kan ta. Bruker du Marevan eller anna blodfortynnande medisin må du kontakte fastlegen to veker før operasjonen for å avtale eventuell nedtrapping.
Hygiene
For å redusere infeksjonsfare er det viktig at du dusjar same morgon som du møter til operasjon. Unngå å bruke body lotion, feit ansiktskrem eller sminke, og ikkje ha på deg naglelakk. Du bør ikkje ha på deg smykke / piercing eller klokke, og ikkje bruk kontaktlinser denne dagen - bruk heller briller.
Sjukdom
Om du er forkjøla eller har blitt sjuk av andre grunnar når operasjonen nærmar seg, må du gi beskjed.
Viktig informasjon før operasjon i narkose for barn og unge
Her er også bildeseriar om bedøvingskrem og venekanyle, og filmar om operasjonsdagen tilrettelagt for barn og unge.
Under
Behandling av mikroti er kirurgi.
Den vanlegaste forma for rekonstruksjon er å lage eit nytt øyre ved hjelp av eigen ribbeinsbrusk. For å gjennomføre ein slik operasjon må pasienten ha tilstrekkeleg med brusk, noko dei fleste har ved 7- års alder.
Vaksne personar med mikroti eller dårlege resultat etter tidlegare kirurgi, får også tilbod om operasjon dersom forholda ligg til rette for det.
Øyrerekonstruksjonen gjerast i 3 operasjonar med 3 månaders mellomrom.
Rekonstruksjon av øyre
Seanse 1
Ved første operasjon haustar ein ribbeinsbrusk. Ei fri ribbe til øyrekanten og to samanvaksne ribber til sjølve øyreplata. Deretter blir bruskbitane skulpturert til eit tredimensjonalt rammeverk som blir lagt inn under huda. Du blir innlagt på sjukehuset når denne operasjonen skal skje, og du må rekne med å vere på sjukehuset 4-5 dagar.
Seanse 2
Ved neste operasjon blir øyret løfta ut frå hovudet og ein legg eit hudtransplantat på baksida. Operasjonen er dagkirurgisk og du kan reise heim same dag. Kjem du langvegsfrå får du som regel eitt døgns opphald.
Seanse 3
Ved siste seanse blir ein bruskbit ført inn under øyret for å betre projeksjonen, i tillegg til at ein gjer små estetiske optimaliseringar. Også denne operasjonen blir gjort som dagkirurgi.
Etter
Etter seanse 1
Etter operasjonen blir du på sjukehuset i 4-5 dagar. Du har dren frå øyreregionen som fjernar blod og væske. Drenet blir fjerna på utreisedagen. Du kan vere i bevegelse allereie første dag etter operasjonen.
Smertelindring skjer via eit tynt dren som blir lagt der brusken er hausta, kombinert med smertestillande medikament.
Kontroll hos operatør ei veke etter utskriving, eventuelt ved lokal øyre-nase-hals-avdeling om du kjem langvegsfrå.
Etter seanse 2
Du kan reise heim etter operasjonen eller dagen etter. Kontroll hos operatør for fjerning av bandasje etter ei veke.
Etter seanse 3
Du kan reise heim etter operasjonen eller dagen etter. Kontroll hos operatør eller lokal øyre-nase-hals-avdeling etter ei veke.
Etter alle operasjonane må du unngå sportslege aktivitetar i fire veker.
Ver merksam
Utover normale anestesiologiske risikomoment, er kirurgi forbundet med ein viss blødings- og infeksjonsrisiko.
Ved teikn på infeksjon eller bløding skal du kontakte sjukehuset.