Mortons nevrom
Mortons nevrom er ein nerveknute som ligg i framfoten. Nerveknuten finst vanlegvis mellom tåballane til 3. og 4. tå. Nerveknuten kan gi opphav til smerter og ubehag i framfoten. Plagene blir ofte lindra ved tilpassing av skotøy. Eit anna namn på same tilstand er Mortons metatarsalgi.
Symptom
Mortons nevrom er ei fortjukking av ein av dei normale nervane som går ut til tærne. Ei slik nervefortjukking blir kalla nevrom eller nerveknute. Fortjukkinga kan kome av stadig irritasjon og trykk mot nerven. Den fortjukka nerven/nerveknuten vil då bli klemt endå meir og gi opphav til smerter under framfoten og fram i tærne. Tilstanden kan henge saman med bruk av dårlege sko og overbelastning av framfoten. Den vanlegaste plassen for ein slik nerveknute er mellom tåballane til tå nummer 3 og 4. Den finst også mellom tåballane til tå nummer 2 og 3.
Symptoma er brennande, skarp, intens smerte i framfoten som kan stråle ut til dei nærmaste tærne.
Støytsmerter ut i tærne
Tærne kan dovne vekk / bli nomne, og det kan prikke i tærne. Nokre klager over at dei har følelsen av å gå med ein krøllete sokk eller med ein småstein i skoen. Smertene kjem vanlegvis først når ein har gått ei stund. Plagene blir forverra ved bruk av tronge eller høghelte sko. Å vere nomen i dei nærmaste tærne er også vanleg.
Tilvising og vurdering
Diagnosen Mortons nevrom blir stilt på grunnlag av sjukehistorie og funn ved undersøking av foten din. Framprovosering av smerter ved trykk mot nerveknuten er eit typisk teikn. Ved tvil om diagnose kan ultralydundersøking eller MR-undersøking vere til hjelp.
Den viktigaste behandlinga for Mortons nevrom er tilpassing av skotøy som ikkje klemmer på framfoten, og eventuelt bruk av innleggssolar i skoen, som avlastar dei ømme nervane.
Operasjon kan av og til vere eit alternativ. Operasjon er berre aktuelt om du ikkje har effekt av avlastande tiltak (konservativ behandling) for foten din. Det er anbefalt at ein prøver konservativ behandling i mange månader / 1 år før ein blir tilvist til vurdering av kirurgi.
Dei fleste er fornøgde etter operasjon, men komplikasjonar kan førekomme. Dersom nerveknuten kirurgisk blir fjerna, kan den av og til vekse ut igjen og gi nye plager.
Før
Når vi mottar tilvising frå fastlegen din, vil du få tildelt time til vurdering på ortopedisk poliklinikk. Ein lege vil då på nytt undersøke foten din og vurdere om ein skal gå vidare med ein operasjon.
NAV refunderer dessverre ikke utgifter til innleggssåler ved denne tilstanden.
Under
Etter
Etter operasjon skal du belaste foten forsiktig dei to første vekene. Dei første dagane bør du sitte med foten mest mogleg opp for å redusere hevelse og bløding i sår. Ved teikn til infeksjon i operasjonssåret må du straks kontakte fastlege, legevakt eller avdelinga. Stinga etter operasjonen blir fjerna etter omtrent to til tre veker hos fastlege.
Ver merksam
Infeksjon kan oppstå etter alle kirurgiske inngrep. Teikn på infeksjon kan vere raudleik, aukande hevelse eller væske som siver ut frå såret. Aukande smerter frå sårområdet etter nokre dagar eller feber kan også vere teikn på infeksjon. Ved mistanke om infeksjon er det viktig å kontakte lege for vidare utgreiing og oppfølging så snart som mogleg.
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:
Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.
Ortopedisk infeksjonspost i 4. etasje
Sengepostane OT syd, OT vest og OT aust i 7. etasje.

Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen