Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Undersøking med eller uten narkose

MR av barn

MR er ei forkorting for magnetisk resonans. Under ei MR-undersøking ligg den som vert undersøkt i eit svært sterkt magnetfelt og det blir sendt radiofrekvente signal gjennom kroppen. Desse signala nyttar MR-maskina til å lage digitale bilete. Det er inga form for røntgenstråling med ein MR.

MR vert nytta i undersøkingar der andre diagnostiske metodar er utilstrekkelege eller som supplement til andre metodar. MR-undersøking gir spesielt god framstilling av forandring i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet. I tillegg kan MR framstille sjukdomsforandringar i skjelettet, hjarte, bryst, blodårer, urinvegar og bukorgan, inklusive tarmsystemet.

Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.

Før MR

Vanlegvis er det ingen spesielle førebuingar til MR-undersøkingar. Det kan være lurt å ha klede utan mange metallknappar eller glidelåsar og ta gjerne av smykker / øyredobbar før du kjem. Du får uansett låne pasientskjorte og -bukse av oss, dersom kleda dine ikkje passer å ha på seg inni MR-maskinen.

Førebuing til MR

Når barnet skal gjennom ei MR-undersøking, rår vi føresette til å snakke med barnet om undersøkinga på førehand. Slik vil barnet vere førebudd på det som skal skje.

Vi har fleire ulike tilbod som kan hjelpe med å førebu seg til MR:

  • Web-appen Klar til MR med bilete og video frå vår MR-lab.
  • Leike-lab 1 som ligg ved inngangen til Radiologisk avdeling i Glasblokkene med eigen leike-MR.
  • Øve-MR der ein kan bestille time for å få øve i ein stor MR-maskin som har lydar og fuknsjonar tilnærma lik ein ekte MR.

For å få god framstilling av området som skal undersøkast, er det av og til nødvendig med intravenøs kontrastvæske. Den får du gjennom ein venflon i ei blodåre i alburegionen.

Før undersøkinga

Alle som skal ha kontrastvæske på MR treng ein venflon før undersøkinga starter. For at stikket ikkje skal gjere vondt, kan føresette sette på plaster som har bedøvande middel. Emla®-plaster kan ein kjøpe reseptfritt på apoteket. Legg plasteret på armen i albueregionen cirka 1 time før MR-timen.

Emlaplaster i albogen
Legg plasteret på cirka 1 time før MR-timen

Under undersøkinga

Vanlegvis tar vi litt bilete før, og litt bilete etter at du får kontrastvæske. Dei fleste merker nesten ingenting når du får den av oss. Kanskje du merker at det er litt kaldt oppover armen i nokre sekund. 

Etter undersøkinga

Det er ingen spesielle tiltak etter at MR-undersøkinga med kontrastvæske er ferdig. Vi fjerner venflonen og du kan reise heim.

Barn og unge som skal ta MR undersøkinga i narkose, vil  få beskjed om å faste i forkant av timen. Følg instruksjonane som står i innkallingsbrevet.

Narkose er nødvendig når det er vanskeleg for pasientar å ligge stille på MR. Bevegelse gir dårlege bilete og kan gi usikker tolking av undersøkinga. Det er nødvendig at pasienten er fastande, så unngår vi at det blir ny timeavtale.

Før undersøkinga
Alle som skal ha narkose skal være fastande. Dersom barnet har spist like før MR-timen, blir undersøkinga ikkje utført den dagen.


Fasting – ingen mat

  • Dei siste 6 timane før MR-timen:
    ikkje spise, ikkje tygge tyggegummi, ikkje drikke anna enn vatn eller saft.
  • Dei 2 siste timane før MR-timen:
    ikkje drikke vatn eller saft
  • Småbarn kan drikke morsmjølk / morsmjølkerstatning inntil 4 timar før MR-timen.
    Barnet kan drikke vatn inntil 2 timar før.

Ta eventuelle faste medisinar bortsett frå medisin mot diabetes. Tablettar kan tas sammen med eit halvt glas vatn, helst 2 timar før MR-timen.

Alle som skal ha narkose treng ein venflon (tynt plastrør) på handa. For at stikket ikkje skal gjere vondt, kan føresette sette på plaster som har bedøvande middel. Du kan kjøpe Emla®-plaster reseptfritt på apoteket. Legg plasteret på handbaken cirka 1 time før MR-timen.

 

De blir tatt imot av anestesi- og radiologisk personell som gir informasjon om narkosen og tida etterpå. Opptil to føresette kan bli med fram til barnet får narkosen og sovnar. Under bildetakinga venter føresette ute i venteområda på sjukehuset.

MR i narkose tar lenger tid enn MR utan narkose. Tidsbruk kan variere frå 45 minutt og opp til 2 timar. Vi som tar bileta kan svare på kor lang tid vi forventer det vil ta.


Etter undersøkinga


Når undersøkinga er seg ferdig, ringjer vi føresette som kan komme tilbake til MR. Barnet skal vakne på avdeling for oppvakning, og føresette blir med dit saman med anestesipersonalet. Pasienten kan drikke når han/ho er vaken igjen, og etter kvart spise vanleg. Dei fleste reiser heim etter 1-2 timar.

 

Sjukdom før timeavtale

Dersom barnet blir forkjøla eller akutt sjukt på andre måtar i løpet av veka før MR-timen, ber vi deg kontakte oss. Ring 55 97 68 50, kvardagar kl. 8 – 15 og be om å få snakke med Utpostlegen.

Nyfødde kan ofte gjennomføre MR sovande. Då er det ein fordel om barnet er søvnig og nymata når de kjem til timen. Barnet må ha på seg klede utan metallknappar. Kleda skal dekke både armar og bein. Føresette kan vera med barnet gjennom heile undersøkinga.  

Under MR

Du blir henta på venterommet av ein av radiografane. Dersom du ønskjer det, kan pårørande være med deg heile tida. Alle som skal inn i MR-rommet legg frå seg mobil, klokke, lommebok osv. i garderoben.

Vi stiller nokre sikkerheitsspørsmål før vi set igang. Vi spør om nokon har:

  • Pacemaker / ICD
  • Insulinpumpe / trådlaus blodsukkersensor
  • V/P-shunt i hovudet
  • Cochleaimplantat
  • Tidlegare operert inn klips på blodåre i hjernen

Tannregulering, hormonspiral, eller skruar/plater i skjelettet går heilt fint.

For å ta MR-bilete er det nødvendig å ligge stille, og det er viktig å ligge behageleg. Ei undersøking tar vanlegvis frå 20 minutt til omtrent 1 time. Kvar bildeserie varer 2 - 7 minutt med korte pausar mellom. I pausane kan vi snakke med deg gjennom hørselvernet. Du kan sjå på TV, sjå film eller høyre musikk på radio mens du tar bilete.

Etter MR

Du skifter tilbake til dine eigne klede og reiser heim når undersøkinga er ferdig. Legar som er spesialistar i radiologi analyserer bileta og skriv svar. Vi sender svaret til legen som har sendt deg til oss.

 

Sist faglig oppdatert 29.08.2024

Kontakt

  • Kontakt Radiologisk avdeling, Barn og unge

    Kontaktdetaljar

    Kontakt

    • Ved spørsmål om undersøkinga, eller om du kan være med inn på MR - kontakt oss på telefon 55 97 24 01.
    • Ved spørsmål knytta til førebuing eller ønskjer time til øve-MR - kontakt oss på telefon: 55 97 56 07.
    • Ved spørsmål knytta til tidspunkt for timeavtale - kontakt timebestilling på telefon: 55 97 24 00.

    Oppmøtestad

    Radiologisk avdeling, Barn og ungdom er lokalisert i Glasblokkene, Blokk 7, etasje U1.

    Du finn meir informasjon om Glasblokkene her:
    Barn og unge flytter til Glasblokkene - Helse Bergen (helse-bergen.no) 

    Kart over Glasblokkene og korleis du finn fram:
    Finn fram til Glasblokkene - Helse Bergen (helse-bergen.no)

    Bygning med store glassflater

    Glasblokkene

    Haukelandsbakken 1

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

    Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

    Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

    Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

    Det er ein eigen ambulanseinngang med innkøyring frå Jonas Lies vei (vegen mellom Glasblokkene og Sentralblokka). Pasientar som kjem til mottaket for barn og unge til Glasblokkene med bil i akutte situasjonar, kan nytte denne inngangen. Ambulanseinngangen skal berre nyttas for avstiging. Bil må parkerast i parkeringsområdet innanfor.  

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

     

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    ​Vi svarer ikkje på førespurnader som gjeld resultat av radiologiske undersøkingar. Desse skal tilvisande lege gå gjennom, med tanke på vidare medisinsk behandling. Du finn prøvesvaret under pasientjournal på helsenorge.no.​ 

    I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

    Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

    Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

    Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

     

    Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


    Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

    I U2 har Nyføddintensiv ei spisestove for foreldre. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispensar og vatn/isbitmaskin. Både mor, far og søsken kan spise der.

    Måltida i spisestoven blir servert: 

    Frokost: 08.00-09-00

    Lunsj: 11.30-12.30

    Middag: 15.00-16.00

    Kvelds: 19.00-20.00

    Vi oppmoder om at tidene overhaldas så langt som mogleg.

     

    Det er også ein kafé i første etasje. Denne er open for pasientar, pårørande og tilsette.

    Det er i tillegg sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat.

    I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.

    I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar

    Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Kontakt Barne- og ungdomsklinikken

    Oppmøtestad

    Hovudresepsjonen i Glasblokkene 5-8 i 1. etasje, er open alle kvardagar frå 07.00- 21.00, og frå 08.00-21.00 i helg/heilagdagar.

    Skal ditt barn ta blodprøvar, skjer dette i Blokk 6 i 1. etasje 
    (opningstid måndag-fredag kl. 08.00-15.30). 

    Bygning med store glassflater

    Glasblokkene

    Haukelandsbakken 1

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

    Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

    Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

    Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

    Det er ein eigen ambulanseinngang med innkøyring frå Jonas Lies vei (vegen mellom Glasblokkene og Sentralblokka). Pasientar som kjem til mottaket for barn og unge til Glasblokkene med bil i akutte situasjonar, kan nytte denne inngangen. Ambulanseinngangen skal berre nyttas for avstiging. Bil må parkerast i parkeringsområdet innanfor.  

    Reiseutgifter
    Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
    Les meir om å få dekt ei pasientreise

    Planlegging
    I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
    Les meir om planlegging av pasientreisa di

    Rettar/Rettane dine
    Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
    Les meir om rettane dine ved pasientreiser

    Tilrettelagt transport
    Helseekspressen
    Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

     

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    ​​Som hovudregel har ikkje Barne- og ungdomsklinikken fast visittid. Nokon av avdelingane ønsker ro delar av dagen og få besøkande om gongen. Meir informasjon får du på den enkelte sengepost.

    ​Behandlinga av pasientar er sjølvsagt fullt statleg fiansiert, men på førespurnad har Barne- og ungdomsklinikken oppretta ein konto for gåver og donasjonar frå privatpersonar, foreiningar, bedrifter og andre.

    Pengane vil bli brukt til å gjere sjukehusopphaldet meir triveleg for pasientar og pårørande ved avdelinga, i form av trivselstiltak som for eksempel konsertar, turar, leikar og utstyr til barna.

    Les meir om gåver og donasjonar

    I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

    Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

    Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

    Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

     

    Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


    Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

    I U2 har Nyføddintensiv ei spisestove for foreldre. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispensar og vatn/isbitmaskin. Både mor, far og søsken kan spise der.

    Måltida i spisestoven blir servert: 

    Frokost: 08.00-09-00

    Lunsj: 11.30-12.30

    Middag: 15.00-16.00

    Kvelds: 19.00-20.00

    Vi oppmoder om at tidene overhaldas så langt som mogleg.

     

    Det er også ein kafé i første etasje. Denne er open for pasientar, pårørande og tilsette.

    Det er i tillegg sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat.

    ​Ein av foreldra blir tilbydd overnatting på Barne- og ungdomsklinikken, enten på rom saman med barnet eller på eige foreldrerom. Personalet ordnar dette den dagen barnet blir lagt inn. 

    Barnet har rett til å ha ein omsorgsperson hos seg under heile sjukehusopphaldet, og vi anbefaler at du er hos barnet så mykje du kan. Hugs at barn som er sjuke treng ekstra tryggleik og nærleik til sine næraste. 

    I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.

    I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar

    Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

    ​Vi ønsker at sjukehusområdet vårt skal vere røykfritt. Dei aller fleste pasientar og pårørande trivst best i eit røykfritt miljø. Mange blir også direkte plaga om dei blir utsette for passiv røyking.

    Det er ei utfordring at mange røyker utanfor inngangspartia på sjukehuset.
    Om du skal røyke når du oppheld deg på sjukehusområdet, ber vi deg om å gjere dette på dei stadene vi har sett av til dette. Dette gjeld også bruk av e-sigarettar.
     
    ​Vi har lagt til rette for røyking følgande stader:​
    • ​Røykerom ved inngangen frå parkeringsdekket på austsida av Foajéen i Sentralblokka, utgang til høgre for Deli de Luca​
    • Røykeskur framfor Gamle hovudbygg
    • Røykeskur framfor Augebygget
    ​Vi håpar du respekterer røykeforbodet vårt av omsyn til andre pasientar.​
    Tilsette har ikkje lov til å røyke på sjukehusområdet.

    Daglegvarebutikkar i nærområdet:

    Rema1000 Haukelandsveien
    Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
    Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
    Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

    Kiwi Kronstad
    Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
    Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
    Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

    Bunnpris Møllendalsbakken
    Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
    Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
    Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
    Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 

    For mor og far: dersom du er usikker på korleis du skal forhalde deg; ta kontakt med sjukeplear for avklaring. 

    For andre besøkande - dersom du er sjuk – hald deg heime!

    Hygiene - Vi ber alle besøkande om å utvise god handhygiene, som er det viktigaste førebyggjande tiltaket mot infeksjonar. God handhygiene betyr handvask før du rører barnet, i tillegg til å ha nakne armer under albuen. Altså oppbretta genser, av med ringer, klokker eller lange negler.

    I Glasblokkene er det 3 stillerom disponibelt for pasienter, pårørende og personale, samt sykehusprest og representanter fra andre trossamfunn. Det er eit stillerom i U1 og to i U2.  
     

    Eit stillerom er eit rom for ro og tanke, tro-og livssynsnøytralt og alltid åpent. Det skal gi moglegheiter for å tenne lys, skrive i “minnebok”, holde ein mindre seremoni, eller å ta en “timeout” fra omgivnadene. Rommet uttrykker respekt, verdighet og ro, for dei som har behov for det. 

    Romma er sentralt plasserte og lett tilgjengelege. Dei har sittemøblar, skap med bordplate, og vil være mogleg å delvis eller totalt skjerme. Romma er kan bli brukt av pasientar, pårørande, personale, sjukehusprest og representantar frå andre trussamfunn.   

    Rommet innbyr til ei anna stemning enn det ein opplever andre stader i bygget og danner rammer for ettertanke og høgtid. Det er ope og fleksibelt, og gir moglegheiter for funksjoner som kan skapes av de som bruker det og har behov for det.  

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    ​Sjukehuset har dessverre ikkje tilbod om vask av privat tøy for pårørande eller inneliggande pasientar.

    Dersom du har behov for å vaske tøy under sjukehusopphaldet, må du benytte vaskeri/renseri i byen.

    ​Barn og ungdom t.o.m. 15 år (Innlegging for Diabetes, Epilepsi og IBD går opp til 18 år ved BUK) med mistanke om medisinsk tilstand som treng øyeblikkeleg hjelp, skal tilvisast Barne- og ungdomsklinikken.

    Før innlegging er det mogleg å konferere med Pediatrisk bakvakt:
    Ring 55975000 og be om å få snakke med bakvakt på Barne- og ungdomsklinikken.

    Barn/ungdom som kan køyre i drosje eller privatbil, skal meldast direkte til resepsjonen på BUK:
    Ring 55 97 33 93

    Barn/ungdom som treng ambulanse, skal meldast via AMK.
    Ring 113

    Dersom lege eller ambulanse ønsker direkte kontakt med nokon i mottaket for å gi oppdateringar undervegs ring 41701556 (intern 509544) til BUK Ansvarsvakt Mottak.