Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Multippel sklerose (MS) – fysioterapi

MS er ein betennelsessjukdom i hjernen og ryggmergen der nervesignala i kroppen blir forstyrra eller blokkerte. Dette kan føre til eit breitt spekter av ulike symptom og funksjonsavgrensingar. Fysioterapi kan verke førebyggande for funksjonssvikt, bidra til vidareføring av funksjon og aktivitetsnivå eller vere rehabiliterande etter eit funksjonsfall.

Dei mest vanlege symptoma er følesansforstyrringar, balanseforstyrringar, synsforstyrringar, trøyttleik, kraftsvikt, koordinasjonsvanskar, muskelspenningar, blære-/tarmvanskar og kognitive utfordringar.

Denne teksten omhandlar fysioterapi ved Multippel sklerose (MS) for polikliniske pasientar.

Før

For at fysioterapeuten skal få vurdert funksjonen og rørslekvaliteten din er det viktig at du har på deg klede som er lette å bevege seg i. Ta med gode sko, shorts og T-skjorte/singlet. Det kan vere behov for noko avkledning sånn at fysioterapeuten kan sjå korleis muskulaturen din fungerer. Ta med ortosar/skjener eller ganghjelpemiddel dersom du bruker dette.

Tenk gjennom forventningane dine til vurderinga til fysioterapeuten, og kva mål du har for tiltak og behandling.

Dersom det er behov for taxi til konsultasjonen, må du kontakte Fysioterapi-administrasjonen.

Det mest vanlege er at konsultasjonen varer opp mot 1 time.

Under

Fysioterapeuten vil gjennom samtale kartlegge sjukehistorie, det aktuelle funksjonstapet og utfordringar i kvardagen eller i samband med trening og fysisk aktivitet. Deretter vil det gjennomførast ulike testar for rørsle, funksjon og aktivitet. Det kan vere aktuelt å nytte spesifikke testar og skjema for å kartlegge målbare funn frå undersøkinga. Det kan vere behov for samarbeid med andre faggrupper, for eksempel  ergoterapeut.

Funksjonsvurdering hos fysioterapeut

  • Vurdering av grad av sjølvstende i flytting og gonge
  • Kartlegging av rørsle: Kroppshaldning, kvalitet i rørsle og funksjon, funksjon i mage/rygg, balanse, stabilitet, aktive og passive leddutslag, muskelstyrke, muskelspenning, vevskvalitet, smerte, følesans, avspenningsevne, muskulær tøybarheit og andre aktuelle kroppsfunksjonar.
  • Utprøving av aktuelle tiltak og behandlingsmetodar
  • Vurdering av behov for ortopediske hjelpemiddel (for eksempel ankelskjener/-ortosar). Dersom hjelpemiddelet er til hjelp i funksjon eller aktivitet kan fysioterapeut organisere søknad om dette til NAV.

Mål

  • Optimal evne til å fungere i miljøet ditt, for eksempel i jobb, rundt i heimen, i fritidsaktivitetar og i sosiale samanhengar
  • Mest mogleg sjølvstende i funksjon, flytting og daglege aktivitetar
  • Redusert fallrisiko
  • Optimal kvalitet i rørsle og funksjon

Eventuelle tiltak

  • Råd og rettleiing tilpassa din situasjon
  • Instruksjon i individuelt tilpassa øvingar, tøyingar og avspenning
  • Korrigering av kroppshaldning og rørslemønster
  • Stimulere til betring av balanse og kontroll i mage/rygg
  • Funksjonsretta trening basert på krav i kvardagen
  • Oppfordringar for fysisk aktivitet og trening
  • Råd om energiøkonomisering i aktivitet, sosiale arenaer og jobb
  • Smertedempande tiltak og blautvevsbehandling

Etter

Ei tilvising til poliklinisk fysioterapi gir ei ramme for oppfølging frå éin til seks gonger, avhengig av behovet ditt. Dersom det på eit seinare tidspunkt oppstår funksjonstap eller ny problemstilling, kan du bli tilvist til ny poliklinisk vurdering.

Det kan vere aktuelt å tilvise deg til vidare oppfølging hos ekstern fysioterapeut. Dette kan vere fysioterapeut i kommunen, fysioterapeut med driftstilskot som først og fremst har nevrologisk kompetanse og/eller til gruppetrening for pasientar med MS.

Ved behov for rehabilitering kan fysioterapeut vere behjelpeleg med å formidle dette til ansvarleg lege slik at søknadsprosessen kan settast i gang. Ved behov for og ønske om utarbeiding av spesifikke og tilpassa øvingar kan fysioterapeuten gjere dette. Det kan vere øvingar for eigentrening i heimen eller råd og tips som kan takast med til ekstern fysioterapeut.

Fysioterapeuten skriv ein rapport som du kan få tilsendt med beskriving av funksjon og oppfordringar for vidare tiltak. Kopi av rapporten kan også sendast til fastlege eller ekstern fysioterapeut om ønskeleg.

Sist faglig oppdatert 23.08.2023

Kontakt

Gamle hovedbygg Fysioterapi­avdelinga

Kontakt Fysioterapi­avdelinga

Oppmøtestad

Gamle hovedbygg, underetasjen. I foajeen ved Terapibassenget. Vurdering og behandling vil foregå i treningssal, på behandlingsrom eller i andlre nærliggende lokaler.
 

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.