Multippel sklerose (MS)

Multippel sklerose (MS) er ein betennelsessjukdom i hjernen og ryggmergen som oftast rammer unge kvinner, men som kan oppstå i alle aldrar og hos alle kjønn. Forløpet hos dei fleste er attakkpreget dei første åra, det vil seie at du kan få periodar med forverring. Eit mindretal har ei gradvis forverring av sjukdommen frå begynninga av.

Multippel sklerose er en nevrologisk sykdom hvor forløpet kan variere betydelig fra person til person. Det finnes en rekke legemidler som kan bremse sykdommen.

Les meir på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Både fastlegar og kliniske spesialistar kan tilvise til nevrologisk avdeling for utgreiing og behandling av MS. 

 

Pasientar med nevrologiske symptom som gir mistanke om MS skal tilvisast for utgreiing:                                      

  • aktuelle nevrologiske symptom og eventuelle nevrologiske utfall
  • sjukehistorie
  • MR-bilde av hjerne og ryggmerg
  • medikament
  • andre relevante sjukdommar

Utgreiing

For å stille MS-diagnosen må du (som hovudregel) ha hatt både symptom som passar med eit MS-attakk (forverring) og typiske funn i MR-undersøkinga av hjernen. Vi må også utelukke andre årsaker til plagene.

Utgreiinga inneber gjennomgang av sjukehistoria og ei grundig nevrologisk undersøking, MR av hjernen, og oftast av ryggmergen, blodprøver og spinalvæskeundersøkingar. Av og til blir fleire undersøkingar gjorde. 

Sjukehistoria di

For å få ei klar framstilling av sjukdommen og utvikling av symptoma dine over tid, vil nevrologen som undersøker deg også intervjue deg om plagene du har no og plager som du har hatt som kan ha med MS og gjere. 

I løpet av samtalen vil legen difor spørje deg om: 

  • Endring i kraft og rørsleevne i armar og bein
  • Balanseproblem
  • Vanskar med å styr armar og bein
  • Skjelvingar
  • Krampar
  • Synsforstyrringar
  • Følesansane i ulike område av kroppen
  • Urin og avføring
  • Seksualfunksjon
  • Problem med utmatting, minne og konsentrasjon
  • Korleis du fungerer i arbeid og i dei daglege gjeremåla 

Det er fint om du tenker gjennom desse punkta i forkant av samtalen slik at det blir lettare for deg å svare og gi nøyaktige opplysningar om tilstanden din. Dette vil bidra til at vi lettare finn fram til rett diagnose og kan tilpasse behandlinga di.  

Undersøkingar

Blodprøver

Det finst ikkje nokon blodprøver som bekreftar diagnosen. Vi tar blodprøver for å utelukke andre årsaker til symptoma dine og for å samanlikne funn i blod og spinalvæska. 

Augeundersøkingar

I nokre tilfelle vil vi gjere undersøkingar av synet ditt med augeundersøking og synsstimuleringstestar (VER).

Kor lang tid tar utgreiingsfasen? 

Utgreiingsfasen kan vare fra nokre dagar og opptil 10 dagar. Dette er avhengig av graden av symptoma og plagene dine, og kor lang tid det tar å få svar på spinalvæskeundersøkinga.

Norsk Ms-register 

Med samtykke frå deg, kan nevrologen legge inn informasjonen om ditt sjukdomsforløp i eit nasjonalt MS-register. MS-registeret bidrar til å forbetre kvaliteten på behandlinga av MS i Noreg.

Norsk MS-register og biobank

Behandling

Vi deler ofte inn behandling mot MS i førebyggande behandling, attakkbehandling og symptombehandling. 

Førebyggande behandling 

Ved MS kan attakk og betennelse i hjerne/ryggmerg blir førebygd med medisinar som påverkar immunapparatet. Desse medisinane har ulik effekt og ulike biverknader. 

Dei nyare medisinane som blir brukte i dag gjer at vi kan bremse utviklinga og førebygge varig funksjonssvikt. Dette gjeld særleg hos yngre pasientar og tidleg i sjukdomsforløpet. Med aukande alder, lang sjukdomsvarigheit og uttalt funksjonssvikt, minkar effekten betydeleg. 

Attakkpreget MS – behandling ved forverring 

Ved attakkprega MS kan ein ha episodar med tydeleg forverring, ofte med nye MS-symptom. Forverringa skjer oftast over dagar til få veker, etterfølgd av ei betring over veker og månader. Plutselege forverringar kan også sjåast ved uttalt varme, infeksjonar etc. Infeksjonar skal alltid utelukkast før det er aktuelt å vurdere attakkbehandling. 

Den vanlegaste behandlinga av eit MS-attakk er å bruke eit betennelseshemmande medikament (methylprednisolon) i 3–5 dagar. Dette kan bli gitt som tablettar,  eventuelt intravenøst i ei blodåre, ved ei nevrologisk avdeling. Det er lege ved nevrologisk avdeling som må vurdere om ein skal gi behandling, og om ein skal få behandling med tablettar eller intravenøs behandling. 

 

Symptombehandling 

Behandling av ulike symptom og plager, slik som for eksempel smerter, spasmar, avførings- og vasslatingsproblem og problem med seksualfunksjon er viktige ved alle typar MS og i alle fasar av sjukdommen. Både medikament og ikkje-medikamentelle tiltak kan vere aktuelle. Fysioterapi kan bidra til å auke livskvalitet og evna til aktivitet og deltaking i samfunnet.  

Stamcellebehandling ved MS 

Viss ein har blitt behandla med standard førebyggande MS-behandling, og dette ikkje har hatt ein god effekt i å stoppe utviklinga av MS-attakk, vil behandlande nevrolog i samarbeid med pasient vurdere anna førebyggande behandling. Dette er behandlingar som er mindre grundig/omfattande dokumentert, men som har gitt god effekt i mindre studiar. 

Dette inkluderer moglegheita for å tilby autolog hematopoietisk stamcelletransplantasjon (HSCT). 

Meir om stamcellebehandling ved MS - Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for multippel sklerose

Oppfølging

Personar som har MS bør gå jamnleg til kontroll hos nevrolog. For mange er det også aktuelt med MR-kontrollar. Dei første åra vil det vere aktuelt med fysiske kontrollar hos lege, deretter blir slike kontrollar behovsprøvde. På sikt vil intervallene mellom MR-kontrollane også bli større.

Om du får behandling med immundempande MS-medisinar kan det vere behov for hyppigare kontrollar, dette er avhengig av behandlinga du får. I tillegg til førebyggande behandling er symptombehandling aktuelt for å lindre eventuelle plagsame symptom (for eksempel spastisitet, blære- og tarmproblem). Ved kontrollar vurderer vi behov for tilvising til fysioterapeut, sosionom, hjelpemiddel/ergoterapeut, rehabilitering etc. 

MS-sjukepleiar 

MS-sjukepleiar har ein nøkkelfunksjon i oppfølginga av pasientane, blant anna med rettleiing i bruk av medisinar, handteringa av biverknader av disse og informasjon om korleis ein skal leve med dei ulike utfordringane sjukdommen gir. 

Rehabilitering 

Fastlegen eller nevrologen din kan søke rehabiliteringsopphald eller informasjonsopphald for deg. Dersom du har spørsmål om rehabilitering kan du ta det opp til diskusjon når du er til kontroll ved Nevrologisk avdeling eller spørje fastlegen din. Mange har nytte av eit opphald ved MS-senteret i Hakadal tidleg i sjukdommen eller ved store endringar seinare. Andre rehabiliteringssenter har også tilbod om opphald for MS-pasientar. 

Kva kan du gjere sjølv? 

  • Følge opp medikamentell behandling og kontrollar
  • Etablere kontakt med fastlegen din, slik at de kan samarbeide ved spørsmål rundt sjukdommen
  • Passe på at vitamin-D nivået ditt er minst ca. 100 nmol/L mellom juni og oktober, og over 75 nmol/L mellom november og mai
  • Sørge for eit sunt og variert kosthald
  • Ikkje røyke
  • Halde deg fysisk aktiv og trene regelmessig
  • Balansere aktivitet og kvile 

Ressursar 

Kontroll

Du bør kallast inn til kontroll minst 1 gong per år. I spesielle tilfelle kan det avtalast sjeldnare kontroll.

Sist faglig oppdatert 14.09.2026

Kontakt

Gamle hovedbygg Nevrologisk avdeling
Ventetid: 5 uker

Ventetid: 5 uker

Kontakt Nevrologisk avdeling

Oppmøtestad

Nevrologisk avdeling held til i Gamle hovudbygg, med inngang via sjukehusparken. 

Nevrologisk akuttpost har flytta frå Gamle hovudbygg og til Sentralblokka 4.etasje Sør og Vest.

Nevrologisk dagpost, Spinaleininga, Nevropoliklinikk og sjukepleiepoliklinikkane vil fortsatt halde til i Gamle hovudbygg.

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Ventetid

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

​Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.