Narkose ved tannbehandling og kjevekirurgi
Narkose er ei bedøving (anestesi) som verker i heile kroppen. Du blir smertefri, søv og kroppen blir heilt slapp. Vi bruker narkose dersom det av ulike årsaker ikkje er mogleg å gjennomføre operasjonen/ behandlinga med lokalbedøving.
For at vi skal kunne gjennomføre ei tannbehandling eller kirurgisk operasjon, er det viktig at du fastar og følgjer alle førebuingane før narkose.
Før
Førebuingar heime
Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.
Førebuingar på sjukehuset
Under
Når du kjem til operasjonsstova får du eit plastrøyr (venekanyle) i ei blodåre på handa eller armen. Gjennom dette plastrøyret får du dei ulike medisinane. Først får du smertestillande, då blir du som oftast døsig, men du er framleis vaken og kan følgje med på førebuinga til operasjonen. Deretter får du sovemedisinen som verka i løpet av kort tid, denne kan hos enkelte svi i blodåra. Dette går raskt over og er ufarleg. I nokre tilfelle (særleg hos barn) gir vi narkosegass via ei maske.
Etter
Når du vaknar opp frå narkosen, overvaker vi hjerterytmen din, samt puls, blodtrykk og pust normalt i mellom 1-2 timar.
Ver merksam
Når operasjonsdagen nærmar seg: Dersom du får anna sjukdom, feber, hoste eller andre infeksjonar, som for eksempel forkjøling, - ta kontakt med sjukehuset slik at vi kan vurdere om vi kan gjennomføre operasjonen. Gi også beskjed dersom du er blitt gravid.