Behandling, Adduktortenotomi
Operasjon med forlenging av sener på innsida av låret
Muskulaturen på innsida av låra kan av ulike årsaker bli for kort. Dette kan føre til at det blir vanskeleg å sprike i hoftene/ta beina frå kvarandre og det kan vere behov for behandling av denne muskulaturen. Eit behandlingsalternativ er operasjon. Denne operasjonen blir gjort av og til førebyggande for å prøve å unngå at hoftene går ut av ledd, som kan skje ved nokre tilstandar.Introduksjon
Det finst fleire behandlingsalternativ for unngå at musklane på innsida av låra blir for korte. Ein prøver gjerne ståstativ/ståskal med beina i sprik, tøyingar eller medikament først. Nokon gonger kan det bli behov for operasjon med adduktortenotomi.
Tilvising og vurdering
Lege kan tilvise til Ortopedisk avdeling for vurdering for operasjon.
Før
- Postoperativ trening med fysioterapeut
- Hjelpemiddel (rullestol, ståstativ/ståskal og bilstol). Sjå meir om dette under «Hjelpemiddel».
- Transport til og frå skule/barnehage
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timer før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timer før. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre.
Frem til 2 timer før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker frem til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timer før
Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Barnet/ungdommen blir enten operert ved Dagkirurgisk avdeling eller Sentraloperasjonen. Viss barnet/ungdommen blir operert ved Dagkirurgisk avdeling, reiser barnet/ungdommen heim nokre timar etter operasjonen.
Sjølve inngrepet:
Etter
Opptrening
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:
Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.
Ortopedisk infeksjonspost 4. etasje
Sengepostane 7. etasje.

Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen