Operasjon ved kjevebrot
Brot i kjevane bør som oftast behandlast, og operasjon er vanleg. Kjevebrot er i ei viss grad assosiert med andre alvorlege skadar som hovud- eller augeskade, og dette må alltid undersøkjast. Behandlinga av kjevebrot skal sikre at brotet gror i korrekt stilling, og bevare funksjon og ansiktsestetikk.
Trafikk- og sykkelulykker, arbeidsulykker og skadar under leik og idrett kan føre til kjevebrot. Ein av dei meir vanlege årsakene til brot i kjevane er alkoholrelaterte vald.
Eit brot i kjeven er ofte smertefullt, og du vil kanskje kunne kjenne at bitet ikkje passar. Ofte har ein redusert gapeevne. For å setje rett diagnose blir det utført ei klinisk undersøking som blir jamført med røntgenbilete.
Mange tannlegekontor har såkalla OPG-røntgenapparat som er gode for å sjå brot i underkjeven, elles er CT ei vanleg undersøking ved sjukehus for alle kjeve- og ansiktsskadar. For brot som står stabilt i fin posisjon kan ein velje å observere, men ofte blir det snakk om å behandle brotet anten med ein operasjon eller ved å låse kjevane saman så brotet gror i rett stilling.
Tilvising og vurdering
Skadens natur gjer at ein ofte kjem akutt til anten legevakt eller sjukehusavdeling, men ved mindre alvorlege brot hender det at ein ikkje oppsøkjer lege før det har gått noko tid. Då blir du gjerne tilvist anten til røntgen/CT-undersøking eller direkte til sjukehusavdeling. Brot som skal opererast bør behandlast relativt raskt, men nokre dagars forseinking betyr sjeldan noko i forhold til prognosen. Skadar på tenner kan haste meir, men varetakast best hos tannlege.
Før
Ved kjevebrot som skal opererast blir du lagd inn i sjukehus. Klede og toalettartiklar bør derfor takast med. Ved operasjon i narkose, som er det vanlegaste, kan du ikkje ete eller drikke inntil 6 timar før operasjonen. Det er derfor ein fordel om du møter fastande til konsultasjon.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.
Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
- Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
- Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
- Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.
Strengare reglar kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Ved innkomst blir du undersøkt klinisk, det blir teke blodprøver og nødvendige røntgenundersøkingar (OPG kjeverøntgen og/eller CT) blir gjord.
Under
Enkle kjevebrot i fin stilling treng nødvendigvis inga behandling, men dette føreset tett oppfølging og minimal belasting på kjeven. Nokre brot kan behandlast ved at kjevane blir låste saman i korrekt posisjon medan brotet gror. Dette tek omlag 6 veker, men ofte kan ein ha såkalla elastisk låsing med strikk det meste av tida. Det betyr at ein kan opne og lukke munnen noko, men strikkane gjer at kjeven blir leidd tilbake til korrekt posisjon når ein bit saman.
I dei fleste tilfelle blir likevel kjevebrot operert i narkose. Ein opnar då opp til brotstaden, set brotflatene mot kvarandre så nøyaktig som mogleg og feste med tynne metallplater og skrur. Desse vil ein normalt verken kunne sjå eller kjenne etter operasjonen. Både over- og underkjevebrot kan behandlast slik. Ofte vil ein kunne operere frå innsida av munnen, men av og til går ein igjennom huda. Kva ein vel avheng av kvar brotet sit og kor omfattande skadane er.
Varigheit på behandlinga
Dette er heilt avhengig av kor omfattande skadane er. Enkle brot kan opererast på ein halvtimes tid, store skadar kan ta ein heil dag, og dessutan ytterlegare operasjonar seinare.
Etter
Kor lenge ein blir liggjande på sjukehus avheng av skaden. Etter utskriving vil du kunne ha behov for smertestillande tablettar og antibiotika. Ved kjevebrot kan ein også ha tannskadar, og enkel tannbehandling for å unngå smerter og seinkomplikasjonar kan vere aktuelt.
Av og til passar ikkje bitet heilt saman etter behandling. Dette kan komme av hevelse eller små unøyaktigheiter, og vil anten gå over etter ei tid eller eventuelt justerast i etterkant med lett sliping på tannfyllingar el. Ved større avvik kan ein anten operere på nytt før brotet gror eller planleggje korrigerande kirurgi seinare.
Smerte og ubehag er vanleg ei tid etter eit kjevebrot. Vidare er det vanleg å ha avgrensa gapeevne. Av og til er nerven(e) i kjeven(e) skadd, og du kan då oppleve nomenheit og nedsett kjensle i ansiktet. Dette kan vere forbigåande eller varig, avhengig av skaden.
Det er viktig å unngå belastning på kjevane medan brotet gror, og mjuk mat blir tilrådd i den næraste tida etter skaden. Ved store skadar kan restitusjonsperioden vere stor, og det kan vere behov for fleire behandlingar for rehabilitering av til dømes tenner, arrkorreksjonar og så vidare.
Her er meir informasjon
Til deg som er operert i kjeven
Til deg som blir behandla med samanlåste kjevar
Ver merksam
Infeksjon finst relativt hyppig etter kjevebrot. Du blir derfor regelmessig kalla inn til kontroll etter behandling.
Ved samanlåste kjevar må du alltid ha med ei saks for å kunne klippe låsen i nødstilfelle. Denne får du utlevert på sjukehuset i samband med behandlinga. Du får samtidig råd om kosthald og hygiene.
Kontakt
Sentralblokka
Kjevekirurgisk avdeling
Oppmøtestad
Poliklinikk i 2. etasje i Sentralblokka. Alle forundersøkelser gjøres her. Etter operasjonen vil pasienten ligge på Øre-nese-hals II sengepost i 5. etasje. Kontroller etter operasjon skjer vanligvis i Kjevekirurgisk poliklinikk eller ved sykehus på hjemsted.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen