Operasjoner i beina for barn og unge med CP og andre nevroortopediske tilstander
CP er den vanlegaste årsaka til fysiske funksjonsnedsetjingar i barnealder. Cerebral parese (CP) er ei utviklingsforstyrring som kjem av ein skade i hjernen som har oppstått før fødsel, i samband med fødsel eller innan 2 års alder.
Hos CP forandrar ikkje hjerneskaden seg, men konsekvensane av han kan forandre seg over tid. Ved andre nevrologiske tilstander kan endringar oppstå underveis. Dette gjer at det kan bli behov for ortopedisk operasjon. Målet med operasjonen kan vere å betre eller halde ved like funksjon, hindre ytterlegare feilstillingar eller smertetilstandar.
Utredning
Vurderinga går føre seg ved ein tverrfagleg poliklinikk der ein møter barneortoped, barnelege, fysioterapeut og ortopediingeniør.
Les om
Behandling
Det finst fleire moglege operasjonar. Kva operasjon som er aktuell for barnet ditt, blir vurdert individuelt. Det kan hende barnet/ungdommen får fleire operasjonar.
Oppfølging
Det vil vere behov for ulik type opptrening etter operasjonen, avhengig av kva operasjon som er gjort. Opptrening kan skje i heimen, med lokal fysioterapiteneste eller i spesialisthelsetenesta.
Kontakt
Glasblokkene
Nevroortopedisk poliklinikk
Oppmøtestad
1. etasje i Blokk 2, Glasblokkene, nord for Sentralblokka på Haukelandsområdet.Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen