Parasomniar
Les meir om behandling av parasomniar på sovno.no.
Parasomniar er uvanlege eller uønskte rørsler, handlingar eller opplevingar som skjer i samband med søvn – anten når ein sovnar, under sjølve søvnen, eller når ein vaknar. Det kan vere ting som å gå i søvne, skrike om natta eller ha vonde draumar. Den som opplever dette er som oftast ikkje medviten under hendingane, og det kan vere vanskeleg å hugse dei i ettertid. Parasomniar blir hovudsakleg delt inn i to grupper, avhengig av kva del av søvnen dei skjer i: NREM-parasomniar og REM-parasomniar. Det finst òg andre parasomniar som ikkje er knytte til spesifikke søvnstadium.
Desse oppstår ofte hos barn, men kan òg skje hos vaksne. Dei skjer vanlegvis i løpet av den første tida etter at du har sovna, og du hugsar som regel ikkje det som skjedde.
Mange har gått i søvne minst ein gong. Det kan vere vanskeleg å vekkje nokon som går i søvne. Personen kan vere i fare for å skade seg, så det er viktig å sikre dører og vindauge. Det er ikkje farleg, og dei fleste veks det av seg når dei blir eldre. Stress og lite søvn kan gjere det meir sannsynleg.
Nokre barn (og vaksne) kan plutseleg vakne og skrike i søvne, ofte med eit skremt uttrykk. Dei kan vere vanskelege å roe ned og hugsar lite dagen etterpå. Dette er ikkje farleg, og dei fleste veks det av seg.
Desse skjer vanlegvis mot slutten av natta, og du hugsar som regel hendingane.
Dette er skumle draumar som mange opplever. Ein hugsar mareritta godt når ein vaknar. Mareritt er vanlegast hos barn og kan skuldast stress eller vanskelege opplevingar. Det finst øvingar som kan hjelpe deg å få færre mareritt.
Nokre menneske, ofte eldre menn, kan røre mykje på seg og handle ut draumane sine, av og til på ein voldsom måte. Dette skjer fordi musklane ikkje slappar av som dei skal i denne søvnfasen. Det kan føre til at ein skadar seg sjølv eller andre. REM-søvnatferdsforstyrring kan førekomme ved enkelte nevrologiske sjukdomar, som Parkinsons sjukdom. Det finst medisinar som kan hjelpe.
Dersom du opplever noko av dette og det plagar deg, kan det vere lurt å snakke med ein lege. Ofte er det ufårleg, men av og til kan ein få hjelp til å bli betre.
Tilvising til sjukehus er vanlegvis berre aktuelt når det er nødvendig med utgreiing med objektive søvnregistreringar. Det kan òg vere aktuelt å tilvise til nevrolog ved mistanke om at søvnforstyrringane er ein del av ein nevrodegenerativ sjukdom.
Ved alvorlege søvnplager bør ein vurdere nærare utgreiing av søvn med søvnregistrering. Ved mistanke om REM-søvnatferdsforstyrring som del av ein nevrodegenerativ sjukdom, bør ein snakke med og bli undersøkt av nevrolog. Nokre gonger er det nødvendig med fleire undersøkingar, som EEG, for å undersøkje om episodane kan vere noko anna enn parasomni.
Behandling av parasomniar avheng av type, alvorlegheitsgrad og om ein har underliggjande medisinske tilstandar. For mange går parasomniar over av seg sjølve, spesielt når ein blir eldre. Generelt fokuserer behandlinga på å betre søvnkvaliteten og å redusere risikoen for skadar.
Les meir om behandling av parasomniar på sovno.no.
Oppfølginga blir tilpassa kor mykje tilstanden påverkar deg. Mange av parasomnine er vanlegast hos barn og dei fleste veks plagene av seg.
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen