Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Polysomnografi (PSG)

Under PSG vert det utgreidd årsaker til unormal søvn eller unormale hendingar i samband med søvnen. Ein vellukka PSG undersøking gir informasjon om tidspunkt for søvn, søvndjupn, oppvakningar og forstyrringar av nattesøvn som muskelaktivitet og hendingar til pustefunksjon.

PSG måler fleire variablar under søvn. Prøven omfattar elektroencefalografi (EEG), elektrooculografi (EOG), elektromyografi (EMG), respirasjon, hjertefrekvens, oksygenmetning i perifert blod og leggbevegingar. I nokre tilfelle blir det utført også parallell videoregistrering. 

Før

Førebuingar:

  • Et og ta dei og ta dei vanlege medisiner du pleier å ta dersom ikkje andre beskjeder er gitt. Ver likevel merksam på at nokon medikament som påverkar vakenheitsgraden (beroligande- eller sentralstimulerande medisin) bør klarerast med lege på søvnsenteret, i så fall minst 2 veker før undersøkinga.
  • Møt opp med reint hår og ikkje bruk hudlotion den dagen du skal på undersøking. Dette er eit godt utgangspunkt for at det blir teknisk god kvalitet på testen.
  • Ikkje drikk, kaffi / te / cola eller energidrikk (koffein) etter kl. 18.00 den dagen du skal på undersøking.
  • Røyk, snus (nikotin) må ikkje nyttast etter kl. 18.00.

Under

Korleis går sjølve undersøkinga føre seg?

Før PSG registrering plasserer sjukepleiar ved søvnsenteret aktuelle elektrodar på huda ulike stader på kroppen. Det er svært viktig med god hudkontakt så huda må vaskast godt. Elektrodane vert deretter festa med plaster og hovudet dekt med netting. Påkobling av utstyr tek ca. 1,5 -2 timer.

  • Legg-elektrodar registrerer muskelaktivitet i leggane.
  • Brystelektrodar fangar opp hjerteaktivitet.
  • 2 elastiske belte rundt mage/ bryst registrerer pusteaktiviteten.     
  • Elektrode på hals registrerer eventuell snorking.
  • Elektrodar under hake registrerer muskelspenning/-avslapping.
  • Ein elektrode i ytterkant av kvart auga registrerer augeaktiviteten.
  • Elektrodar bak begge øyrene.
  • Elektrodar i hovudbotn fangar opp hjerneaktivitet og søvnfasar.
  • 1-2 sensorar vert plassert i-/ under nase og registrerer luftstraumen gjennom nase/munn (Vert montert på til natta).
  • Sensor blir plassert på ein finger eller ei tå til natta. Denne registrerer surstoffet i blodet.

Sjølve apparatet som registrerer alle data ligg i ei lita veske som vert festa med eit belte rundt magen. Registreringa vert gjort om natta og ein overnattar på sjukehuset, på Haukeland hotell eller heima etter nærmare avtale.

Sist faglig oppdatert 30.04.2024

Kontakt

Gamle hovedbygg KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Ventetid: 34 - 90 uker

Ventetid: 34 - 90 uker

Kontakt KNF - Klinisk Nevrofysiologi

Oppmøtestad

Du finn oss i Gamle Hovudbygg på Haukeland universitetssjukehus.

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Ventetid

34 uker til utredning

52 uker til innleggelse (86 totalt)

56 uker til dagbehandling (90 totalt)

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Dersom du ønsker å avbestille eller endre ein time ved KNF, kan du logge deg inn på Helsenorge.no, eller ringe oss alle kvardagar. Treng du å avbestille mindre enn to kvardagar før avtalt time, må du kontakt oss per telefon. 

Polysomnografi (PSG) og Multippel søvnlatens test (MSLT) er tidkrevjande undersøkingar. Dersom du ikkje kan møte til avtalt time, ber vi deg avbestille seinast 14 dagar  før. 

Dersom du ikkje kjem til timen du har fått, og du ikkje har gitt beskjed seinast 24 timar i forvegen, må du betale eit gebyr etter gjeldande takstar. Har du time på ein mandag, må du gi beskjed seinast fredagen før. 

 

Telefontid mellom kl. 08.00-15.00.  Telefon: 55 97 51 20. 

 

På Helsenorge.no kan du

  • finne timeavtalane dine
  • sende ei melding til avdelinga dersom du treng å endre time eller gi andre opplysningar.

 

Innsyn for pårørande 

Har du barn under 12 år som bur på same folkeregistrerte adresse som deg, har du innsyn i timane deira.

 

Treng du hjelp med å logga inn?

Hjelp og rettleiing

Elektronisk ID

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

 

Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.

I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar

Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.