Denne teksten omhandlar både behandling med halvprotese (uniprotese) og heilprotese (totalprotese).
Du kan vere kandidat for kneproteseoperasjon dersom du har smerter, stivleik, ustabilt kne eller funksjonstap som påverkar aktivitetsnivået og livskvaliteten din i alvorleg grad. Du skal i tillegg ha prøvd andre ikkje-kirurgiske tiltak utan tilfredsstillande effekt før ein vurderer operasjon.
Treng eg ein kneprotese?
Kneprotesekirurgi er ein stor operasjon og blir berre tilrådd dersom du har store smerteplager og redusert aktivitetsnivå og dersom du ikkje har blitt bedre av annan type behandling.
- Operasjonen har best resultat hos pasientar med heilt nedsliten brusk (bein-mot-bein artrose).
- Dersom du framleis kan leve med plagene og har god effekt av smertestillande medisinar, er det tilrådd å venta med operasjon. Du bør prøve å gå ned nokre kilo i vekt dersom du er overvektig, og du bør ta kontakt med ein fysioterapeut dersom du ikkje allereie har starta trening med ein.
- Ortopeden din kan rettleie deg om kirurgiske behandlingsval og moglege fordelar og ulemper med kirurgi.
- Dei fleste som får kneprotese er over 60 år. Jo yngre ein er på operasjonstidspunktet, desto større er sjansen for å trenge ein reoperasjon seinare. På den andre sida er det ikkje gunstig å vente til kneet blir svært stivt og deformert.
- Uheldigvis kan ikkje alle tilrådast kneprotese trass i uttalt artrose:
- Det gjeld når helsetilstanden generelt er for dårleg og risikoen ved operasjon blir for stor.
- Det gjeld når ein har sårproblematikk omkring kneet, noko som aukar risikoen for infeksjon.
Kva er moglege fordelar med ein eventuell kneprotese?
Mest sannsynleg vil du oppleve:
- Betring av smertene
- Større aktivitetsnivå
- Betre livskvalitet
Kva er moglege ulemper ved ein kneprotese?
Moglege ulemper etter operasjonen kan vere:
- Stivleikskjensle og noko redusert baud i kneet
- Ubehag ved kneståande
- Risiko for komplikasjonar ved kirurgi inkludert vedvarande smerter
Kva bør eg spørja om på sjukehuset før eg vurderer operasjon?
- Er kneet mitt dårleg nok til å vurdera operasjon?
- Kva kan eg forvente etter operasjonen?
- Kva kan eg forvente viss eg ikkje blir operert?
- Finst det andre alternativ til behandling?
- Kva er risiko ved operasjon?
- Kor lenge må eg ligge på sjukehuset?
- Korleis vil eg klare meg heime etter operasjonen?
- Når vil eg føle at eg er tilbake for fullt?
- Kva gjer eg dersom eg får problem etter at eg kjem heim?
Kva er ein kneprotese og korleis verkar han? Heilprotese (totalprotese)
I eit friskt kne har leggbeinet og lårbeinet eit dekke av frisk heil brusk, som gjer at leddet glir lett. Artrose gjer at brusken blir gradvis tynna ut og til slutt kan ein få bein-mot-bein. Under operasjonen blir dei slitne endene fjerna av dårleg brusk og bein (opptil 1 cm) og erstattar dei med metall og hard plast.
Metalldelane blir sementerte fast på lår- og leggbeinet og plasten sit mellom desse. Dette gjer at ledda igjen kan bevege seg fritt og blir meir stabilt.
Det blir nytta ein støypt (sementert) totalprotese med godt dokumentert langtidsresultat. Det er eit kunstig ledd av metall og plast. Metall-delane blir sementerte fast på lår og leggbeinet, og mellom desse er det ein plast-menisk. Du vil få eit arr som går midt over kneet i lengderetninga. Ein fjernar så lite bein som mogleg, og dette blir erstatta av protesen. Nokre gonger (5%) blir det sett inn ein protesedel på baksida av kneskjelet (patella) òg, men dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle. Ifølgje nasjonalt register for leddprotesar er det 95% av kneprotesene som framleis ikkje er reoperert etter 10 år.
Halvprotese (uniprotese) For nokre pasientar kan det vera aktuelt å bli operert med uniprotese (halvprotese) i staden for heilprotese.
Det finst 3 kompartments (leddkammer) i kneet; indre (mediale), ytre(laterale) og kneskjelet (pattellofemorale). Dersom du har artrose i berre ei av desse ledd-sidene, vanlegast på innsida, kan det vera mogleg å få ein uniprotese. Ein nyttar eit kortare snitt i huda enn ved totalprotese, og opptreningsperioden blir derfor også ofte kortare.
Uniprotesar passar ikkje for alle pasientar, ca 20 % kan vera eigna. Ein må ha heilt stabile leddband og ingen artrose elles i kneet. Det er ikkje alltid dette kan bestemmast 100 % før operasjonen så ein må ha eit atterhald om at det kan bli bestemt å sette inn ein totalprotese undervegs i operasjonen når ein har opna opp og kikket inn i kneet.
Uniprotesar har lågare risiko for komplikasjonar enn totalprotesar, men det er høgare risiko for reoperasjon enn for totalprotesane. 80% av uniprotesane har ikkje ikkje vorte reoperert etter 10 år.
Kompleks kneprotese eller revisjonsoperasjon
Nokre pasientar treng ein litt meir komplisert kneprotese enn standard. Dei vanlegaste årsakene til det er:
- Beintap etter tidlegare beinbrot eller alvorleg artrose
- Store deformitetar/skeivstillingar i kneet
- Svake/skadde leddband
Desse kneprotesene har ofte lange stammar i både legg og lårbeinet for å få betre fiksasjon og dei har også ulike former for stabilisering av kneet. Ein kan også byta ut kneet der det mangla bein med anten plast eller metall-delar.
Komplekse kneproteser er også ofte nødvendig viss ein må byte ut ein totalprotese pga løysing eller andre årsaker.
- Me tilrår at du går inn på Samvalg - tjenester.helsenorge.no der du kan finna videointervju av pasientar, fysioterapeut og ortoped som gir ytterlegare informasjon og hjelper deg i samval rundt behandlinga av kneet ditt.
- Du kan også lesa om artrose her: Artrose (slitasjegikt) - helsenoreg.no
- Du kan også lesa meir om protesar på nettsida til Nasjonal kompetanseteneste for Leddproteser og Hoftebrudd
Tilvising og vurdering
Fastlege kan visa til vurdering i spesialisthelsetenesta.