Dersom du har psoriasisartritt, vil du i dei fleste tilfelle starte med medisinar. Når det er igangverande betennelse i ledda, er det viktig å komme i gang med behandlinga raskt. Du blir tatt med på råd om kva behandling som er best for deg. Om du startar med medisinar vil du få informasjon om medisinen og om det er behov for blodprøvekontrollar hos fastlege under behandlinga.
Medikamentell behandling
Behandlinga kan delast inn i symptomlindrande medikamentell behandling og sjukdomsreduserande antirevmatiske legemiddel (DMARD).
Symptomlindrande behandling kan vere smertestillande (Paracet) og betennelsesdempande medisinar (NSAIDs som for eksempel Naproxen og Ibux).
Dei sjukdomsreduserande medisinane dempar overaktiviteten i immunsystemet og dermed betennelsesprosessen. Dette er viktig for å hindre utvikling av leddskade. Ofte er kortison (Prednisolon) aktuelt i begynninga for å få rask effekt, enten i tablettform eller som injeksjon i ledd.
Det mest aktuelle sjukdomsreduserande legemiddelet er methotrexate (Methotrexate tablettar eller Metex injeksjonar). Andre alternativ er sulfasalzin (Salazopyrin) og leflunomid (Arava). Det tar ofte 3–4 månader før desse medikamenta har effekt. Kortison er viktig for å dempe betennelsen i ledda i denne tida før DMARDS har effekt. Av og til vil kortisoninjeksjonar i ledda vere nødvendige og effektive.
Dersom ein ikkje får tilstrekkeleg effekt av desse tradisjonelle DMARD aleine eller i kombinasjon, kan det bli aktuelt med biologiske legemiddel. Dette er medisinar som er laga for å verke på spesifikke delar av betennelsesprosessen. Dei biologiske medikamenta har best effekt når dei blir kombinerte med methotrexate. Dei biologiske legemidla blir gitt direkte i blodet (intravenøs infusjon) eller som sprøyte/penn som blir sett under huda.
Leddpunksjon
Biologisk behandling ved revmatisk sykdom
Anna behandling
Trening og øvingar kan gjere at du blir mindre stiv, får betre funksjon og kan halde rørsle ved like i tillegg til å gi allmenne helseeffektar. Mange med psoriasisartritt får rettleiing frå fysioterapeut om dette i starten av diagnosen. I periodar kan det også vere nyttig med behandling hos fysioterapeut. Ergoterapeut kan gi råd og rettleiing, særleg ved funksjonstap i hender.
Leddgikt - trening av hender
Svangerskap
Ein kan få barn sjølv om ein har psoriasisartritt, men det er ønskeleg at svangerskapa blir planlagde til ein periode der psoriasisartritten er lite aktiv.
For kvinner er det viktig å ta opp ønske om barn på kontrollar fordi det kan vere behov for å endre behandling. For eksempel må metotreksat avsluttast 1 månad før du prøver å bli gravid. I mange tilfelle vil vi erstatte metotreksat med annan medisin før svangerskap, så det er lurt å ha ein kontrolltime 3–6 månader før du planlegg svangerskap.
Det er trygt for menn som planlegg svangerskap å bruke medisinar mot psoriasisartritt, men metotreksat og salazopyrin kan gi forbigåande lågare sædtal, så det kan vere aktuelt å ta pause i behandlinga om du har vanskar med å gjere partnaren gravid.