Ergoterapi ved Revmatoid artritt
Leddgikt - trening av hender
Handtreningsøvingane i dette heftet er tilrådd for personar med leddgikt (revmatoid artritt). Forsking viser at jamleg handtrening kan ha effekt på stivleik, smerter og handkraft, i tillegg til utføring og meistring av daglege aktivitetar. Vi tilrår at du trener hendene minimum tre gonger i veka. Hugs at det å bruke hendene i daglege aktivitetar også er trening.
Dersom du har betennelse i handledd og fingrar anbefaler vi likevel at du trener. Du bør då ha spesielt fokus på bevegelse. Om du ønskjer å trene styrke kan du ha færre repetisjonar og mindre motstand.
Før
Når du trener er det viktig at du sit godt og slappar av i skuldrene. Sit gjerne inntil eit bord slik at underarmane kviler på bordet. For å få god kvalitet på øvingane skal du trene i eit roleg tempo. Tel sakte til 5 i kvar ytterstilling. Av utstyr treng du handkrem, treningsball og treningsstrikk. Det bør vere ein viss motstand på utstyret for å få effekt av øvingane. Gjenta kvar øving 10 gonger på kvar hand. På styrkeøvingane skal du vere sliten i handa når du er ferdig med 10 repetisjonar.
Under
OPPVARMING
1. BEVEGELEGHEIT UNDERARM
2. BEVEGELEGHEIT HANDLEDD
3. BEVEGELEGHEIT FINGRAR
4. FINMOTORIKK
5. STYRKE MED BALL
5. STYRKE MED STRIKK
7. UTTØYING
Alternativ B:
Strekk ut olbogane og plasser hendene på knea. Dra hendene sakte oppover låret til du kjem opp mot hoftene. Tøy nokre sekundar på fingrane, men pass på at dei ikkje blir overstrekt. Fingrane og handflata skal ha kontakt med låret heile tida
Etter
Det er normalt å kjenne litt smerter under og etter trening. Dersom du får vedvarande og aukande smerter i løpet av 24 timar, prøv færre repetisjonar eller mindre motstand neste gang du trener. Ta kontakt med ein ergoterapeut for individuell rettleiing dersom smertene varer ved eller du har andre spørsmål som gjeld trening.