Behandling
Robotassistert fjerning av prostata
Prostatakreftoperasjonar blir gjort med kikholskirurgi ved hjelp av operasjonsrobot. Metoden er meir skånsam og gjer at du kan reise heim raskt etter inngrepet. Kirurgisk fjerning av prostatakjertelen blir brukt for å kurere kreftsjukdommen.
Kirurgen styrer kikholsinstrumenta frå ein konsoll, med ein optikk opptil ti gongar forstørring. Fordelen i forhold til vanleg kikholskirurgi ligg i dei ekstra handledda i enden av instrumenta, samt 3D-syn. Handledda gir kirurgen meir bevegelsesfridom i handtering av vevet. Dette hjelper i dei utfordrande delane av operasjonen.
Før
Dagen før operasjonen
- Det er rutine å ta blodprøvar, urinprøve og EKG (hjartekardio gram). I nokre tilfelle blir det også tatt eit røntgenbilete av lungene (dette blir vurdert etter individuelt behov).
- Du blir også undersøkt av turnuslege, dette er særleg med tanke på å oppdage andre tilstandar som kan påverke den planlagde operasjonen, og ein sjukepleiar vil informere deg om førebuing til operasjonen. Du vil òg kunne få informasjon av fysioterapeut om mobilisering, trening av bekkenmusklande for å kontrollere lekkasje, og ev. pusteøvingar for å redusere risiko for lungebetennelse, etter operasjonen.
- Du vil i løpet av denne dagen bli vurdert av anestesilege ift. inngrepet du skal gjennom og narkosen du skal få, samt kva av dine faste medisiner du skal/ikkje skal ta før og etter operasjonen.
- Dersom turnuslege eller anestesilege ser at du er forkjøla eller ein oppdage underliggjande sjukdom som ikkje var kjend frå før og som må klarerast, blir operasjonen sannsynlegvis utsatt ev. avlyst.
- Til slutt skal du snakke med kirurgen som skal operere deg. Dette blir i stor grad ei ny gjennomgang av det som blei skissert på Prostatasenteret då du blei informert om prostatakreftdiagnosen og planlagt behandling basert på konklusjonen frå MDT-møte (multi-disiplinært team).
- På kvelden skal du ta eit klyster slik at du får tømt deg for avføring før operasjonen. Ved utslag på urinprøven skal du også få førebyggjande antibiotika i form Baktrim 2 tablettar kvelden før og på morgonkvisten før operasjonen.
Operasjonsdagen
Du skal faste frå midnatt dagen før operasjonen og møter fastande på sengeposten (Kirurgisk post 2, 4 etg.). Etter avtale med anestesilege skal du ta dei faste medsinene du får beskjed om å ta, og ev. antibiotika, med litt vatn om morgonen før du kjem til sjukehuset. Ein sjukepleiar fylgje deg til operasjonsavdelinga, der du blir imotteken av ein anestesisjukepleiar, som fylgje deg vidare inn på sjølve operasjonsstova.Under
Operasjonen blir gjort med robotassisstert kikkholskirurgi (laparoskopi). Du får seks små snitt på magen der det eine i høgre sida blir forlengja for å fjerne prostata og ev. lymfeknutar dersom dette også skal gjerast. Operasjonen tek om lag 2-3 timar og blir gjort i full narkose. For at vi skal få god tilgang til bekkenet og god oversikt, blir du tippa med overkroppen ned til 38 grader. Dette gjer at ein får litt trykk på skuldrene undervegs, men også at trykket i kraniet og augene auker. Vi må difor få beskjed om du har grønn stær slik at vi kan gi ekstra medisiner på augene for å unngå skade på netthinna.
Etter
Etter operasjonen
Du vaknar opp på oppvakningsavdelinga. Her blir du observert nokre timar før du blir henta tilbake til sengeposten. Det er her vanleg å vakne med verk i skuldre og magen, irritasjon frå kateteret og kanskje noko svakheit i armane. Når du vaknar vil du også merke at du er kobla til ein del utstyr og har seks plaster på magen:
- Arteriekran: På venstre (som regel) handledd vil du ha ein tilgang i ei arterie for å gi kontinuerlig måling av blodtrykk og puls under og etter operasjonen. Denne blir fjerna før du forlèt oppvakningsavdelinga.
- Venflon: Det vil være ein tilgang på kvar av handryggane som du har fått for å gi medisiner og veske under og etter operasjonen. Disse blir fjerna dagen etter operasjonen når du forlèt avdelinga.
- Kateter: Du får lagt inn eit urinkateter under operasjonen som du skal ha i 14 dagar, for at skøyten mellom urinrøyret og urinblæra skal få fred til å gro og hindre urinlekkasje ut i bukhola. Det er vanleg med svie pga dette då det ligg i sårområdet, men dersom du har sterke smerter kan det tyde på at det er tett og du må gi beskjed så vi kan gjere ultralyd av blæra di for å sikre at det fungere slik det skal. Kateteret skal du reise heim med og blir fjerna enten i 5.etg der du blei motteken dagen før operasjon om du bur i Bergen og omegn, eller der du blei tilvist frå (Volda, Førde eller Haugesund -området).
- Sting: Huda blir lukka med vanlege sting (suturar) og disse skal du ha i 14 dagar også. Det styrste såret ytterst til høgre er det lengste (4-6) og her vil ein nok ha litt meir verk enn dei øvrige som er ~1cm lange. Dersom disse er gjennomtrukne med blod må dei forsterkast og etter kvart byttast på.
Kontrollar etterpå
- Du vil få ein kontroll hos uroterapeut for opplæring i seksuelle hjelpemiddel om dette trengs, i tillegg til ei oppfølging av vannlating omlag 2 månader etter operasjonen. Dei som ikkje tilhøyre Haukelandsregionen må få denne oppfølginga lokalt der ein blei tilvist frå då vi har ikkje kapasitet til å ta alle her hos oss, uheldigvis.
- Du vil bli innkalla til kontroll hos urolog etter 2 månader på Prostatasenteret på Haukeland. Du må sjølv få målt PSA (blodprøve) ei veke før denne kontrolltimen, enten hos fastlegen eller ved Biokjemisk laboratorium på Haukeland universitetssjukehus, eller der du blei tilvist frå. På kontrolltimen vil du få svar på denne prøven og på den mikroskopiske/histologiske analysen av prostata og ev. lymfeknutar som blei fjerna under operasjonen. PSA og histologisvar vil bestemme kva som skal skje vidare ift. tilleggsbehandling.
- Neste kontroll hos urolog vil vere eit år etter operasjonen der ein vil kunne vurdere det endelege resultatet med tanke på urinlekkasje og potens. Dei som har lang reiseveg og som blir fulgt opp av lokalsjukehus eller privaturolog kan få disse kontrollane telefonisk og treng ikkje møte på Haukeland.
- Du vil få eit elektronisk skjema (EPIC-CP) på SMS før operasjonen, før 2-mnd. kontrollen og 12-mnd kontrollen som vi ynskjer at du svare på før du kjem.
- Du må sjølv gå til fasllegen og få målt PSA kvar 6. månad dei neste 5 åra etter operasjonen, deretter årleg i fem år til. Hvis denne stig til >0,2 med minst fire vekers intervall må du eller fastlegen gi beskjed til oss fordi dette vil tyde på tilbakefall med behov for tilleggsbehandling i form av strålebehandling eller hormonbehandling.
Ver merksam
Moglege komplikasjonar like etter operasjonen
- Du kan oppleve luftsmerter og smerter i skuldrane. Dette skuldast gassen vi bruker for å blåse opp magen slik at vi får plass til å operere, og i tillegg måten du ligg på under operasjonen. Luftsmertene går stort sett over etter nokre dagar, og let seg som regel godt behandle med paracet og ibux eller voltaren. Ein skal ikkje ha behov for opiatbasert smertelindring etter dette inngrepet.
- Blodtap kan også skje etter at operasjonen er avslutta. Ved større blodtap må ein gi blodoverføring, eventuelt operere på nytt. Sistnemde er heldigvis svært sjeldan.
- Det er ein generell fare for blodpropp til lunge eller hjarte ved alle større operasjonar, men faren for blodpropp er redusert ved robotassistert kikkholskirurgi fordi ein kjem seg som regel fort på beina etterpå. Du får likevel førebyggjande medisin ved og etter operasjonen. Dersom det også blir fjerna lymfeknutar ved operasjonen, skal du bruke blodfortynnande medisin og bruke støttestrømper i fire veker etter. Støttestrømpene kan tas av medan ein søv.
Komplikasjonar etter utreise
Komplikasjonar kan skje lenge etter operasjonar også.- Lymfødem: Dei som har fått fjerna lymfekjertlane rundt prostata i tillegg til sjølve prostata har auka risiko for at lymfebanane er skada med påfyljande redusert drenasje av vevet over penis, sjølve penis, skrotum og begge beina. Dette blir som regel behandla med fysioterapi og støttestrømper og kompresjonsunderbukse, men det kan ta lang tid før det kjem seg og hos nokre er det permanent.
- Infeksjon: Det er risiko for infeksjon etter utskriving, ennen i eit hematom eller får veske som ligg igjen i ein lomme inne i bukhola. Dersom ein får feber samtidig med eller uten smerte i bekkenet, bør ein oppsøke lege (fastlege eller legevakt). Det er oftast berre ein reaksjon på sjølve operasjonen og narkosen, men dersom det hender meir enn fire dagar etter operasjonen er det fare for at ein har blodforgiftning med behov for antibiotika og ev. drenajse av det infiserte lokulamentet. Dette kan gjerast ultralydrettleia men krevje naturligvis innlegging på ditt lokalsjukehus, ev. med overføring til Haukeland.
- Svikt i skøyten mellom blæra og urinrøyret: Ein sjeldan gong blir det lekkasje av urin pga svik i skøyten mellom urinblæra og urinrøyret. Dette kan oppdagast fyrst etter kateteret er fjerna og vil som regel føre til infeksjon. Dette kan som regel behandlast med antibiotika og ein lengre antibiotikakur, men uheldigvis betyr dette også større sjanse for langvarig problem med urinlekkasje.
- Sårinfeksjon og Urinvegsinfeksjon: Av og til kan såra bli infiserte, og som regel treng ein ikkje gjere noko i det heile, men nokre vil ha behov for antibiotika. Ein kan også få ein urinvegsinfeksjon, også etter at kateteret er fjerna.
- Ikkje anderkjend skade på rektum: Svært sjeldan blir rektumskade ikkje oppdaga under operasjonen og handtert direkte. Dette føre til lekkasje av avføring inn i bukhola og ein risikere å bli svært sjuk. Ein får då høg feber og smerte i bekkenet og det er også mogleg at ein blør frå endetarmen. Slik skade medføre alltid behov for reoperasjon.
- Blodpropp, lungeinfeksjon eller hjarteinfarkt: Dette er moglege komplikasjonar, men svært sjeldan, om ein fyljer instruksjonane ein får.
Kontakt
Sentralblokka
Urologi
Oppmøtestad
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen