Undersøking
Røntgen av øvre del av fordøyelsessystemet - barn og unge
Røntgen av øvre del av fordøyelsessystemet er ofte forkorta til "røntgen ØVD". Ø står for spiserør (øsofagus), V for magesekk (ventrikkel) og D for tolvfingertarm (duodenum). Dette er ei undersøking som kartlegger funksjonen til øvre del av fordøyelsessystemet.
Foreldre/foresatte bør snakke med barn og unge om undersøkinga, slik at dei blir gjort kjent med informasjonen de får her. Informasjon og samtale bidrar til at barnet/ ungdommen kjenner seg trygg.
Før
Du skal faste 4 timar før timeavtale.
Det vil seie at du kan ikkje ete, drikke eller tygge tyggegummi/ pastillar i dette tidsrommet
Under
Du blir henta på venterommet av ein radiograf. Når du kjem inn på røntgenrommet, må du ta av deg på overkroppen. Dersom du har ei t-skjorte eller undertrøye uten metall eller pynt, kan denne som regel vere på.
Vi brukar ikkje lenger blyforkle på pasientar som kjem til røntgen, då det har vist seg at dette kan komme i vegen for ei god undersøking.
For at bildene skal bli gode, må du drikke litt røntgenkontrast.
Etter
Etter undersøkinga og resten av dagen er det viktig å drikke litt ekstra for å skylle ut restar av kontrastvæska.
Undersøkinga krever ingen spesiell oppfølging. Bildene blir beskrivne av ein røntgenlege og svaret blir
sendt henvisande lege.
Dersom det er noko du lurer på i samband med undersøkinga, ta kontakt på telefon 55 97 52 20 kvardagar mellom kl. 09.00-11.00 og 12.00-13.30.