Behandling
Rotspissoperasjon av tenner
Rotspissbetennelser kjem av at det av og til blir att bakteriar frå munnhola inne i rotkanalen og rotspissen etter at tanna er rotfyllt.
Desse bakteriane kan føre til ein kronisk betennelse i beinet rundt rotspissen. Av og til blussar betennelsen opp slik at ein får smerter, heving eller ”tannbyll” ut for tanna, som både kan kjennast litt ”lang” og laus.
Behandlinga av rotspissbetennelser er anten å forsøke ein rotspissoperasjon eller å trekke tanna dersom ikkje tannlegen din vil forsøke å lage ei ny rotfylling. Ofte kan han ikkje gjere det på grunn av at det står ein sementert rotstift i vegen, som kan vere vanskeleg å fjerne.
Under
Rotspissoperasjonen går ut på bore vekk litt av rotspissen, deretter blir det prøvd alltid å legge ei fylling på rotspissen for å tette for bakteriane. Vi bruker vanleg tannlegebedøving, sjølve inngrepet tek oftast 30-45 minutt. Det blir sydd nokre sting, som kan fjernast hos eigen tannlege etter 7-10 dagar, dersom dei irriterer.
Etter
Pasienten kan ta smertestillande tablettar av typen Paracet eller Ibux. Ein blir synleg hoven dei første 3–5 dagane etterpå. Sjukemelding i to til tre dagar får ein dersom ein treng det.
Vanlegvis får ein vekk rotspissbetennelsen på 7 av 10 opererte tenner.Pasienten sin faste tannlege kan gjerne ta eit kontrollrøntgenbilete av tanna eitt år etter operasjonen.
Kontakt
Sentralblokka
Kjevekirurgisk avdeling
Oppmøtestad
Kjevekirurgisk poliklinikk, i 2 etg. Sentralblokken, (Nordenden)Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen