Diagnose
Snorking og søvnapné
Ved søvnapné oppstår det korte pustepausar når ein søv. Det er ikkje unormalt å pusta litt uregelmessig under søvn, men er pustepausane langvarige (minst 10 sekund) og hender hyppig (over 5 gonger per time) har dette helsemessige konsekvensar og blir definerte som sjukdom dersom tilstanden gir nedsett søvnkvalitet eller søvnighet på dagtid. Ved meir enn 15 pustestoppar per time blir diagnosen stilt uavhengig av symptom.
Utgreiing
Diagnosen søvnapné blir stilt etter måling av pustemønsteret om natta. Søvnregistreringsutstyret består av ein liten boks som er tilkopla forskjellige leidningar som måler luftstraumdraga gjennom nase og munn, snorkelyd, pustebevegelsane i brystkasse og mage, surstoffinnhaldet i kroppen, pulsrytmen og kroppsposisjonen. Eit slikt polygrafi-utstyr kan koplast på om ettermiddagen og ein kan deretter sove med utstyret på, gjerne i heimen eller på sjukehotell.
Av og til ønsker ein ei fullverdig søvnregistrering – polysomnografi (PSG). I tillegg til dei same målingane som ved polygrafi, undersøker ein òg søvnstadium ved hjelp av leidningar festet til hovudet, i tillegg til leidning til beina for å måla uroleg søvn på grunn av hyppige beinbevegelsar.
Behandling
Generelle råd/ livsstilsendring
Alle med OSA bør gå ned i vekt og/eller auke aktivitetsnivået dersom dei er overvektige. Sovemedisinar, alkohol og røyking forverrar sjukdommen og bør derfor unngås. Mange med OSA har størst tendens til snorking og pustestopp når dei ligg på ryggen. I slike tilfelle kan tiltak som forhindrar ryggleige gi mindre plager. Å endre sovestilling er svært vanskeleg utan mekaniske tiltak som hindrer ryggleie.
Anna behandling
Oppfølging
Det fins i dag ingen nasjonale retningslinjer for behandling av OSA. Som eit generelt prinsipp bør spesialist som stiller diagnosen kontrollere effekt av behandlinga som er sett i verk opp mot symptom på dagtid. Pasientar med moderat til alvorlig søvnapné som opplever påtrengande trøttleik vert omfatta av førerkortforskrifta sine helsekrav, §24.
Kontakt
Gamle hovedbygg
Søvnpoliklinikken
Oppmøtestad
Ekspedisjonen vår finn du i 2. etasje i Gamle Hovudbygg på Haukeland universitetssjukehus.Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen