Somatosensorisk fremkalte responser (SER)
Ved SER undersøker ein kor raskt nerveimpulsar frå huda vert transportert til ryggmarg og hjerne. Ved å stimulere ulike nervar i huda, kan ein få opplysningar om det perifere og det sentrale nervesystemet.
Det mest vanlege er å stimulera store nervar i armar eller føter ved undersøkinga. Kva nervar som vert undersøkt, kjem an på problemstillinga og symptoma personen har.
Før
Førebuing:
- Et og ta dei vanlege medisinane du pleier å ta den dagen du skal på undersøking, dersom ikkje anna er avtalt.
- For at undersøkinga skal bli teknisk god bør håret vera nyvaska og tørt. (ikkje bruk andre hårprodukt enn nøytral shampo) Kroppen bør også vera rein og utan hudlotion.
- Barn kan ha med eigne leikar, smokk, tåteflaske etc.
Under
Korleis går sjølve undersøkinga føre seg?
- Personen som vert undersøkt ligg på benk eller i seng.
- Barn kan sitja på fanget til ein av foreldra eller liggja i barnevogn.
- Det er viktig å sitja / liggja roleg, og slappe godt av under testen. Uro kan gi forstyrring i registreringsresultata.
- Huda bør halda normal temperatur. Dersom ein er kald / kjøleg på hender eller føter, pakkar ein dei gjerne inn med pledd / varmepute.
- Elektrodar vert festa på hovudet, nakke, kragebein, armar, evt. også rygg, mage og bein.
- Sjukepleiar stimulerar dei aktuelle nervane med svak straum ved å plassere ein stimuluselektrode på huda.
- Einskilte kan oppleva dette som noko ubehageleg, men ikkje smertefullt. Grad av ubehag heng ofte saman med grad av generelle spenningar i kroppen.
- Undersøkinga vert alltid gjort alltid i begge armane, evt. også i begge beina.
- Undersøkinga tar ca.1- 2 timer, men kan vare lenger.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarKontakt
Gamle hovedbygg
KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Gamle hovedbygg
KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Kontakt KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Oppmøtestad
Du finn oss i Gamle Hovudbygg på Haukeland Universitetssjukehus.Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen