Behandling, Endobronkial brakyterapi

Strålebehandling av luftvegane, innvendig stråling

Endobronkial brakyterapi er ei planlagd innvendig, lokal strålebehandling av luftvegane der ein plasserer strålekjelda ved hjelp av bronkoskopi.

Behandlinga er aktuell der svulstvev veks i veggen / slimhinna i sentrale luftvegar.
Målet er vanlegvis å krympe svulstvevet for å føregyggje at det blir tronge forhold i dei store luftvegane, og unngå forverring av tung pust. Ved små slimhinneforandringar kan ein oppnå ein meir varig effekt.

Nasjonal behandlingsteneste

Nasjonal behandlingsteneste for endobronkial brakyterapi er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Tenesta har blitt utført som eit samarbeid mellom Lungeavdelinga og Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk sidan 2000, og har fått status som nasjonal behandlingsteneste frå 2018.

Vi behandlar både primær lungekreft og metastasar (spreiing) frå andre kreftformer der svulsten er antatt å vere strålefølsam. Granulasjonsvev (arrvevsdanning) og plagsam hemoptyse (blodig oppspytt) kan også ha nytte av denne behandlinga. Behandlinga blir gitt poliklinisk, det vil seie at ein treng ikkje å vere innlagt på sjukehus under behandlinga.

Kva går behandlinga ut på?

Ved endobronkial brakyterapi blir det gitt innvendig strålebehandling i sentrale luftvegar. Strålinga verkar lokalt og treng berre 1 cm ned i djupet av vevet. Derfor er denne behandlinga best eigna for pasientar med lokal tumorvekst i bronkialvegg og -slimhinne.

Behandlinga gir lite sidestråling til friskt vev, og kan bli gitt sjølv om pasienten tidlegare har fått maksimal dose utvendig stråling. Behandlinga blir utført ved bronkoskopi på stråleterapirom. Pasienten er vaken, men får bedøving lokalt i luftvegane samt beroligande og hostedempande medikament. Prosedyra blir utført 3 ganger med ca. 1 dag i mellom.

Tilvising og vurdering

Pasientane blir vanlegvis tilvist frå spesialisthelsetenesta der dei er under oppfølging for kreftsjukdommen sin, og der det er sett svulstvev i sentral luftveg ved CT-undersøking av bryst (thorax) og / eller ved bronkoskopi.

Det er lungelege ved behandlingstenesta som vurderer tilvisinga og avgjer om pasienten er eigna for behandling.

Ved behov for råd og drøfting forut for tilvising, svarar behandlingsteneste gjerne på telefon ev. anonymisert e-post. 

Strålebehandlinga vil ikkje ha umiddelbar effekt, slik at pasienten bør ha ei forventa levetid på meir enn 3 månadar. Pasientar med svært tronge forhold og stridor bør utan opphald diskuterast for anna behandling som stentnedlegging eller rekanalisering med laser / kryoprobe. 

I prinsippet er det ikkje ventetid på behandlinga, men logistikk forut for behandlinga tar erfaringsmessig eit par veker. 

Tilvisinga bør innehelde:

  • Oppdatert CT thorax (bilder må overførast)
  • Bronkoskopiskildring, aller helst også bilde/videoopptak 
  • Aktuell og tidlegare sjukehistorie
  • Info om tidlegare strålebehandling
  • Symptom, funksjonsnivå, lungefunksjon
  • Medikamentliste
  • Ev. behov for tolk

Behandlinga krev 3 bronkoskopiprosedyrar i løpet av ca. 1 veke der pasienten etter oppmåling av feltet må kunne ligge heilt i ro og relativt flatt i ca. 20 minutt. 

Vanlegvis bur tilreisande pasientar på pasienthotellet mellom prosedyrane, men dersom tilvising inneheld opplysningar om at pasienten må vere innlagt, kan vi planlegge for dette. Lokale pasientar bur heime.
 

Før

Pasienten møter i Lungeavdelinga sin dagpost for blodprøvar og innskrivingssamtale med sjukepleiar og lege. Medikamentliste må medbringast. Om behandlinga skal starte same dag, skal pasienten vere fastande i 4 timar, men kan ta faste medisinar med litt vatn. Ved bruk av blodfortynnande medisinar utover Albyl E, vil vi avtale individuelt om desse skal stoppast nokre dagar.

Etterpå vil pasienten bli følgt til behandlingsrommet.

Under

Behandlinga blir innleia med bronkoskopi på stråleterapirom. Under behandlinga vil det vere legar og sjukepleiarar frå Lungeavdelinga til stades saman med strålefysikarar, onkolog og radiografar som samarbeidar om prosedyren.

Pasienten vil bli kopla opp med overvakingsutstyr som følgjer med blodtrykk, puls og oksygenmetning, og det blir lagt inn venflon på armen.

Bronkoskopi blir gjennomført med lokalbedøvande spray i svelg og luftveg, samt beroligande medikament intravenøst. Området som skal strålebehandlast blir identifisert og markert under røntgengjennomlysing med 2 metalltrådar utanpå huda på brystkassa. Deretter førast ein applikator (2 mm tynt plastrøyr) gjennom bronkoskopet, og denne blir liggande igjen når bronkoskopet trekkast opp. Frå her er det veldig viktig at pasienten ligg heilt stille på bordet, og ikkje snakkar eller hostar før strålinga er ferdig.

Det tar vanlegvis 10-15 minutt for fysikar å teikne opp strålefeltet på datamaskinen. Det kan derfor bli litt venting, men personalet vil vere i rommet og kan fylle på med bedøving og ev. suge bort spytt / slim i svelget ved behov.

Applikator koplast på strålemaskinen og strålekjelda vandrar kortvarig ned til det området som skal strålast. Sjølve strålinga tar vanlegvis rundt 5 minutt. Dørane er lukka i denne tida og pasienten er aleine i rommet under video og lydovervaking. Etter strålinga blir applikator fjerna frå luftvegane og markørane tatt av brystkassa.

Behandlinga blir gjentatt til saman 3 ganger, vanlegvis med 1 dags intervall, for eksempel måndag - onsdag - fredag.

Etter

Etter behandlinga blir pasienten køyrd tilbake i seng til Lungeavdelingas dagpost for observasjon og kvile. Pasienten må fortsatt faste. Etter 2 timar blir det servert litt mat og drikke, og det blir gjort avtale for neste behandlingsdag før retur tilbake til pasienthotellet / heimstaden. Ein skal ikkje køyre bil sjølv same dag etter behandlinga. 

Etter 3 behandlingar blir pasienten følgt opp på lokalt sjukehus som før. Vi anbefaler CT-undersøking og / eller bronkoskopikontroll etter ca. 6 veker, og vil gjerne ha tilbakemelding om resultatet.

Ver merksam

Om lag halvparten av pasientane som har vore til bronkoskopi kan få ein uspesifikk feberreaksjon på kvelden. Då kan ein ta paracet / febernedsettande. Dersom ein fortsatt har feber neste dag, bør ein ta kontakt med behandlar. Det same gjeld dersom ein er meir tungpusta, hostar blod eller føler seg dårleg.

Kontakt

Sentralblokka Lungeavdelinga

Kontakt Lungeavdelinga

Oppmøtestad

  • Poliklinikk - Underetasjen i Sentralblokka
  • Søvnpoliklinikken - Gamle hovedbygg 2. etg.
  • Sengepostar - 5. etasje, Sentralblokka 
     
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

Les meir om Vardesenteret

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.