Temperaturterskelmåling
Temperaturterskelmåling er ei undersøking av dei tynne og uisolerte nervefibrane i huda, som leiar impulsar for varme og kulde.
Undersøkinga er aktuell ved utgreiing av nevrogene smertetilstander, ved mistanke om forstyrring i dei tynne nervefibrane og nokre gonger som ei tilleggsundersøking ved generell skade i mange nervar (polynevropati).
Før
Førebuing:
- For at prøven skal bli teknisk god bør huda vera rein og utan hudlotion.
- Et og ta dei vanlige medisinane du pleier også den dagen du skal på undersøking, dersom ikkje andre beskjeder er gitt.
- Bruk klede / bukse som er lett å ta av under undersøkinga. Personer som ikkje klarar å kle av seg sjølv, bør ikkje ha strømpebukse på.
- Prøv å holde hender og føter varme.
Under
Korleis går sjølve undersøkinga føre seg?
- Personen ligger på ein benk eller i ei seng.
- Det er ein føresetnad at personen er vaken og kan samarbeida. Nedsett merksemd kan gi feil resultat.
- Ein stimulator, som kan veksle i temperatur, vert plassert og flyttast på ulike stader på huda.
- Personen skal trykke på ein knapp når ho/han kjenner kulde eller varme, ubehageleg kulde og ubehagelig varme.
- Desse fire tersklane vert registrert kvar for seg og det vert utført flere stimuleringar på kvar av testane.
- Det er lagt inn sperre for sikkerheit i stimulatoren slik at temperaturen aldri vil overstige 50 grader C eller bli lågare enn 0 grader C.
- Undersøkinga tek ca. en time.
Kontakt
Gamle hovedbygg
KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Gamle hovedbygg
KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Kontakt KNF - Klinisk Nevrofysiologi
Oppmøtestad
Du finn oss i Gamle Hovudbygg på Haukeland universitetssjukehus.Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen