Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nervetransferering

Målet med operasjonen er gjenvinning bevegelse i hand eller fingre ved å kople ei frisk nerve til nerva som høyrer til ein lamma muskel.

Et par hender der fingrene såvidt tar på hverandre

Foto: Helse Bergen

 

Nervetransferering er eit kirurgisk inngrep for å betre hand- og fingerfunksjon hos personar med tetraplegi. Dei nervetransfereringane som blir gjort oftast er S-PIN, for å få betre fingerstrekk, og B-AIN, som kan gi betre evne til fingerbøy. For at inngrepet skal vere mogleg, må det finnast ei donornerve frå ei muskel der nerven kan flyttast utan at det fører til funksjonstap. Den skada nervegreina vil på sikt få dårlegare funksjon, og difor er det ein fordel at operasjonen blir gjennomført innan det første året etter skaden.

Tilvising og vurdering

Nasjonal behandlingstjeneste for funksjonsforbedrende kirurgi på overekstremiteter ved tetraplegi - Helse Bergen HF

Før

Du får innkallingsbrev om tid og stad for innlegging. 

Før innlegging

Før du blir lagt inn på sjukehuset vil helsepersonell frå Ortopedisk klinikk ta kontakt med deg for ein samtale om dine hjelpebehov før, under og etter operasjonen.

Restriksjonane etter operasjonen kan føre til eit auka hjelpebehov dei
første vekene, og enkelte daglege aktivitetar kan bli meir utfordrande. Derfor er det viktig å tenke gjennom om det kan være aktuelt å auke assistansebehovet, samt om det er behov for andre hjelpemiddel, til dømes forflyttningsbrett, personløftar eller elektrisk rullestol.  
 
Derfor er det viktig at du vurderer om det kan være aktuelt å auke bruken av assistent for ein periode, og om du vil ha behov for andre hjelpemiddel til forflytting.

Dagen før operasjon

Dagen før operasjon blir du undersøkt og har samtale med anestesilege, kirurg og ergoterapeut og/eller fysioterapeut.

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om. 

Eksempel på program for operasjonsveka

Søndag/måndag: Innlegging og preoperativ undersøking
Tirsdag: Operasjon
Onsdag: Fjerning av gips og tilpassing av ortose. Informasjon. 
Torsdag/fredag: Informasjon og sjekk av ortose. Heimreise.

Under

Ved rekonstruksjonen blir ei motorisk nervegrein tilhøyrande ein fungerande muskel flytta til ei motorisk nervegrein som går til ein muskel utan funksjon, kalla «nervetransferering». 

Nervegreina veks omtrent 1mm pr døgn, slik at ein etter cirka 4-8 månadar kan du forvente å begynne å sjå resultat av operasjonen. Nervegreina fortsett å vekse, og etter omtrent 2 år, har ein sannsynlegvis fått fullt potensiale etter nervetransfereringa.

Etter

Dagen etter operasjon blir gipsen fjerna. Du vil få informasjon om restriksjonar og vidare oppfølging. Ein blir vanlegvis utskriven frå sjukehuset etter 2-3 dagar. Det skal ikkje fjernast sting i etterkant. 

Operasjonsområdet

Dekk alltid til operasjonsområdet på arm og fot når du dusjar. Bruk et vanntett plaster, plastpose eller dusjbeskytter til arm/fot som kan kjøper så apoteket. Dersom bandasjen blir våt må du skifte bandasje. Dette gjeld heilt til strips er fjerna og huda på operasjonsområdet er grodd.

Restriksjonar

Du skal ikkje belaste armen tungt dei to første vekene, men du kan bruke manuell rullestol. Etter to veker er det slutt på restriksjonane. I nokre tilfelle er det behov for ortose for olbogen, noko som vi vurderer under operasjonen. 

Trening

Du startar med tilpassa treningsøvingar allereie frå dag 1 etter operasjonen. Under opphaldet på sjukehuset vil du få eit informasjonsskriv som viser dei ulike øvingane i kvar fase av treningsprogrammet. Etter 4–8 månader vil du ofte begynne å sjå små bevegelsar (twitch) i muskulaturen. Når dette skjer, kan du gå vidare til neste steg i treningsprogrammet.

Infeksjon

Dersom det er teikn på infeksjon i såret ta straks kontakt med avdeling, fastlege eller legevakt for vurdering og eventuelle tiltak. Ta med Epikrise. Aukande smerter, spasmer og symptomer på autonomdysrefleksi kan også være et tegn på infeksjon som krev akutt behandling.

 

Kontroll

Du blir innkalla til poliklinisk kontroll ved din regionale spinaleining cirka 4 månader etter operasjonen. Videre oppfølging avtales med regional spinaleining.

Dersom du har spørsmål etter utskriving frå Haukeland universitetssjukehus, kan du ta kontakt med terapeutane på di spinaleining.

Ver merksam

Infeksjon

Dersom det er teikn på infeksjon i såret og du ikkje er innlagd ved den regionale spinaleininga di, ta straks kontakt med ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus (55 97 37 70), fastlege eller legevakt for vurdering og eventuelle tiltak. Ta med epikrise.  

•    Raude
•    Smertar
•    Varme
•    Hevelse
•    Puss, gul/grøn væske frå såret
•    Feber/nedsett allmenntilstand
•    Aukande smerter
•    Aukande spasmer
•    symptom på autonomdysrefleksi

 

Sist faglig oppdatert 14.01.2026

Kontakt

Sentralblokka Nasjonal behandlingstjeneste for funksjonsforbedrende kirurgi på overekstremiteter ved tetraplegi

Kontakt Nasjonal behandlingstjeneste for funksjonsforbedrende kirurgi på overekstremiteter ved tetraplegi

Oppmøtestad

Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus

 

Kontakt:

Anett Myhre Kallevik
Spesialfysioterapeut
Fysioterapiavdelinga
Telefon 55 97 29 09

Møyfrid Kalvenes
Ergoterapeut
Ergoterapiavdelinga
Telefon 55 97 60 52

Bodil Stokke
Spesialergoterapeut
Ergoterapiavdelinga
Telefon 55 97 50 08

Tetra-teamet
Professor Leiv Hove, Ortopedisk avdeling
Overlege Rakel Sif Gudmundsdottir, Ortopedisk avdeling
Overlege Eivind Strandenes, Avdeling for plastikkirurgi
Lege i spesialisering, Truls Rokne Hanestad, Ortopedisk avdeling
Spesialfysioterapeut Anett Myhre Kallevik, Fysioterapiavdelinga
Ergoterapeut Møyfrid Kalvenes, Ergoterapiavdelinga
Spesialergoterapeut Bodil Stokke, Ergoterapiavdelinga

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.