Tetrakirurgi, nervetransferering
Funksjonsforbedrande kirurgi i form av nervetransferering kan tilbys pasientar med ryggmargsskade, vanlegvis innan eitt år etter skade.
Mål med nervetransferering (S-PIN-prosedyren) er å oppnå aktiv strekk i fingrane. Ved nervetransferering flyttast ei nervegrein frå ein fungerande muskel over til ei nervegrein som går til ein muskel utan funksjon.
Nervegreina veks ca. 1mm per døgn, slik at ein etter ca. 6 - 8 månader kan forventa å sjå begynnande resultat av operasjonen. Nervegreina fortset å vekse og etter ca. 1,5 år har ein sannsynlegvis oppnådd fullt potensial etter nervetransfereringa. Ein grepsrekonstruksjon kan bli forenkla ved å ha gjennomført nervetransferering først, men er ikkje ein føresetnad for å rekonstruere grep.
Tilvising og vurdering
På primæroppholdet ved regional spinaleining blir det vurdert om du er aktuell for funksjonsforbedrande kirurgi, og du blir informert om tilbodet. Dersom du er aktuell, får du treffe tetra-teamet som besøker spinaleiningane 2-3 gonger per år. På dette besøket blir du klinisk vurdert og får førespegla operasjonsdato.
Ein viktig del av vurderinga for om du er aktuell for nervetransferering er å undersøke aktiviteten i nerve / muskel med EMG / nevrografi. Du blir tilvist til denne undersøkinga av lege.
Før
Før innlegging på Haukeland universitetssjukehus vert du kontakta av sjukepleiar ved Ortopedisk avdeling for blant anna informasjon vedrørande blære- og tarmfunksjon, generelt hjelpebehov, behov for spesialmadrass samt behov for følgje / personleg assistent.
Under
Opphaldet på Ortopedisk avd. varer i ca. 5-6 dagar avhengig av reiseveg og behov for oppfølging etter operasjon.
- Søndag - Innlegging (måndag dersom du har kort reiseveg)
- Måndag - Prepoliklinikk
- Tysdag - Operasjon
- Onsdag - Bytte fra gipslaske til dynamisk skinne, informasjon om restriksjonar
- Torsdag / fredag - Heimreise
Etter operasjonen får du ei dynamisk skinne på albogen som skal nyttast i 3 veker. Skinna hindrar full strekk av olbogen, du kan fritt bøye albogen og bruke armen utover det skinna tillet. Etter tre veker har du ingen restriksjonar å forholda seg til.
Etter
Grunna restriksjonar etter operasjon er det deler av det personlige stellet som kan bli utfordrande, spesielt om du har operert både høgre og venstre side samstundes. Dette kan føre til eit auka hjelpebehov dei første vekene etter operasjonen. Derfor er det viktig å tenke gjennom om det er behov for auka assistanse og andre hjelpemiddel enn du bruker til vanleg.
Etter ca. eit halvt år ser mange små bevegelsar i fingermuskulaturen. Ein kan då jobbe aktivt med å utføre dei bevegelsene ein har, og det er vanleg at du lett blir trøytt i muskulaturen. Det tar som regel noko lenger tid før nerven får kontakt med tommelmuskelen. Etter kvart får du treffe tetra-teamet på nytt for å vurdere grepsrekonstruksjon.
Kontakt
Sentralblokka
Nasjonal behandlingstjeneste for funksjonsforbedrende kirurgi på overekstremiteter ved tetraplegi
Oppmøtestad
Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus
Kontakt:
Anett Myhre Kallevik
Spesialfysioterapeut
Fysioterapiavdelinga
Telefon 55 97 29 09
Møyfrid Kalvenes
Ergoterapeut
Ergoterapiavdelinga
Telefon 55 97 60 52
Bodil Stokke
Spesialergoterapeut
Ergoterapiavdelinga
Telefon 55 97 50 08
Tetra-teamet
Professor Leiv Hove, Ortopedisk avdeling
Overlege Rakel Sif Gudmundsdottir, Ortopedisk avdeling
Overlege Eivind Strandenes, Avdeling for plastikkirurgi
Lege i spesialisering, Truls Rokne Hanestad, Ortopedisk avdeling
Spesialfysioterapeut Anett Myhre Kallevik, Fysioterapiavdelinga
Ergoterapeut Møyfrid Kalvenes, Ergoterapiavdelinga
Spesialergoterapeut Bodil Stokke, Ergoterapiavdelinga
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen