Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tetraplegi olboge

Målet med operasjonen er å oppnå strekkefunksjon og stabilitet i olboga

Rekonstruksjonen har som mål å betre funksjonen i armen, ved å auke bevegelse og styrke i olbogeleddet. Operasjonen blir utført av ortoped og plastikkirurg i fellesskap. For å vurdere kva rekonstruktiv metode som kan være aktuell, må problemet være godt kartlagt i forkant av operasjonen. Etter operasjonen er det nødvendig å følge treningsprogrammet for å få best mogleg resultat, under rettleiing av fysioterapeut og ergoterapeut.   

En person som sitter i rullestol og bruker hendene til å støtte seg med for å reise seg.

Foto: Helse Bergen

Mål med operasjonen er å oppnå strekkefunksjon og stabilitet i olbogen.

 

Tilvising og vurdering

Nasjonal behandlingsteneste for funksjonsforbetrande kirurgi på overekstremitetar ved tetraplegi - Helse Bergen HF

Før

Før innlegging

Du får innkallingsbrev om tid og stad for innlegging.

Før du blir lagt inn på sjukehuset vil helsepersonell frå Ortopedisk klinikk ta kontakt med deg for ein samtale om dine hjelpebehov før, under og etter operasjonen.

Endra hjelpebehov

Restriksjonane etter operasjonen fører til eit auka hjelpebehov dei

første 7-9 vekene etter operasjonen. Det er nødvendig med støtte av to personar under all  forflytting i desse vekene, der den eine passar på stillinga til den opererte armen. I same periode er du avhengig av ulike hjelpemiddel for å overhalde nødvendige restriksjonar.

Derfor er det viktig å vurdere om det kan være aktuelt å auke behovet for assistanse. Det kan også være behov for andre hjelpemiddel, til dømes forflyttingsbrett, personløftar eller elektrisk rullestol.

Vi anbefaler at du prøver ut følgande hjelpemiddel i god tid før operasjonen:

  • Elektrisk rullestol med montert køyrekonsoll på motsett side av den opererte armen
  • Elektrisk rullestol bør ha elektriske funksjoner for stillingsendring og trykkavlastning
  • På elektrisk rullestol må det være montert eit spesial-armlene på operert side. Spesial-armlenet blir bestilt av ergo-/fysioterapeut ved regional spinaleining før operasjonen, og montert på av Hjelpemiddelsentralen eller firmaet der du bur. Du vil og trenge forflytningssegl med kort rygg for å ivareta stillinga på armen.

Dagen før operasjon

Dagen før operasjon blir du undersøkt og har samtale med anestesilege, kirurg og ergoterapeut og/eller fysioterapeut.

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om. 

Eksempel på program for operasjonsveka

  • Søndag/mandag: Innlegging og preoperativ undersøking
  • Tirsdag: Operasjon
  • Onsdag: Gipsfjerning/sårstell. Førebyggande ødembehandling. Testing av nye funksjonar. Tilpassing av albueortose. Informasjon om restriksjoner og treningsrutinar
  • Torsdag: Informasjon og sjekk av ortose. gjennomgang av treningsprogram.
  • Fredag: Informasjon, Trening. Heimreise

Under

Ved rekonstruksjon av triceps er det bakre del av deltamuskel (m. posterior deltoid) i skuldra som blir tatt i bruk som donormuskel. Under operasjonen blir den flytta til triceps-sena saman med eit transplantat frå sena i leggen (tibialis anterior). Alternativt kan vi bruke eit transplantat frå sena i låret.

Etter

Dagen etter operasjonen blir gipsen fjerna og du får ei ortose på armen (sjå bilete) Du vil få informasjon om restriksjonar, trening og vidare oppfølging.

Ortosen skal du bruke heile døgnet. Den gir deg moglegheit til å trene på å aktivere strekk av olboga, samtidig som den hindrar bøy utover det som er anbefalt, vanlegvis 20 grader i starten. Etter 3 veker justerer vi på kor mange grader ortosen kan bli bøygd. På ortosen blir vinkelen gradvis justert dei følgande vekene til ein oppnår 90 grader aktiv bøy/fleksjon av olbogen. Det er vanleg å oppnå 90 grader aktiv bøy/fleksjon etter 7-9 veker og er det slutt på alle restriksjonane. Du får rettleiing av ergo-/fysioterapeut i denne fasen.

En person med gul og svart ortose på armen

Foto: Helse Bergen

 

En svart og gul ortose

Foto: Helse Bergen

Følgande restriksjonar gjeld i 7-9 veker etter operasjonen:

  • Bruk ortosen heile døgnet
  • Armen skal alltid vere minimum 20 grader ut frå kroppen (abduksjon i skulder), men kan løftast vidare ut til 90 grader abduksjon under kontrollerte forhold.
  • Armen skal ikkje løftast meir enn 45 grader framover (fleksjon i skulder).
  • Du skal ikkje belaste den opererte armen eller trene styrke med den.

  • Når du kler på deg er det enklaste å starte med den opererte armen. Bruk romslege klede på overkroppen for å få tredd kleda over ortosen på armen.
  • Planlegg kor du vil plassere den opererte armen når du skal dusje eller på toalettet for å overhalde restriksjonane for bevegelse.
  • Beskytt ortosen og operasjonssåret med ein plastpose eller liknande over armen når du dusjar. Dekk alltid til operasjonsområdet på arm og fot ved dusj så lenge du har strips fram til operasjonsområdet er grodd. Bruk et vanntett plaster, plastpose eller dusjbeskyttar til arm/fot som du kan kjøper så apoteket. Dersom bandasjen blir våt må den byttes.

  • Ved forflytting skal personløftar og kort segl brukast, slik at armen er plassert utanfor seglet. Det er viktig at seglet er riktig størrelse og ikkje pressar opp i armhola. Så lenge restriksjonane gjeld, skal alltid to personar delta ved all forflytting, der den eine personen har hovudansvar for stillinga til den opererte armen.
  • I sittande stilling skal du ha armen plassert i spesial-armlene på den elektriske rullestolen. Sørg for at armen ligg stødig.

 

En person i en personløfter med grønt seil

Foto: Helse Bergen

Personløfter og kort seil
En person i rullestol

Når du ligg i senga skal du ha ei pute mellom kroppen og armen for å vareta minimum 20 grader skulderabduksjon. For å motverke hevelse kan du bruke pute under armen i tillegg. Dersom det er fare for spasme som kan gi drag i armen, vel nokre å feste armen på natta, for eksempel til sengegrinda.

Du skal ikkje ligge på den opererte sida, men du kan ligge på motsett side. Da bruker du puter til å bygge opp under den opererte armen, for å ivareta minimum 20 grader skulderabduksjon. Når du ligg på sida må de sikre at dersom armen fell ned, så vil den felle bakover.

 

En person i en sykehusseng med ortose i 20 grader

Foto: Helse Bergen

En person som ligger på en seng med sikring av armen

Foto: Helse Bergen

En person som ligger på en sykehusseng

Foto: Helse Bergen

Ikke sånn
En person som ligger på siden på en sykehusseng

Foto: Helse Bergen

Ikke sånn

Dagen etter operasjonen startar du med trening for å få kontakt med den nye funksjonen. Aktiv albuestrekk innafor det skinnen tillet, minimum 10 repetisjonar x 4 pr dag, i dei første 3 vekene.

Du får opplæring av ergo-/fysioterapeut på sjukehuset, og er sjølv ansvarleg for å gjennomføre treningsprogrammet. Ved opphald på lokal spinaleining får du rettleiing og oppfølging av trening. Dersom du har ein assistent vil vedkomande også få opplæring.

En person som strekker seg bort til en lysbryter

Foto: Helse Bergen

Målet er at du etter triceps rekonstruksjon og opptrening skal ha en bedre stabilitet i albuen, slik at du kan strekke ut armen mot et bestemt mål.

Etter

Ved utskriving får du med deg treningsprogram og informasjonsskriv om kva restriksjonar du har. Fysioterapeut og ergoterapeut på din regionale spinaleining vil få informasjon om  operasjonen din, restriksjonane du har fått og treningsprogrammet. Andre involverte instansar (eksempelvis heimetenesta) vil også få same informasjon.


Ved teikn til infeksjon i operasjonssår etter heimreise, ta direkte kontakt med Ortopedisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus på telefon 55 97 37 70.

Kontroll

Vidare rehabilitering av tricepsoperasjon blir ivaretatt ved di regionale spinaleining. Det vanlege er tre veker innlegging direkte etter operasjon og deretter oppfølging etter 9 veker og kontroll etter 6 månader og 12 månader. Dersom du reiser heim direkte etter operasjonen, er det fast oppfølging  etter 3 veker og 9 veker, samt kontroll etter 6 og 12 månader. 

Har spørsmål etter utskriving frå Haukeland universitetssjukehus, kan du ta kontakt med terapeutane på di spinaleining.

Ver merksam

Ved teikn til infeksjon i operasjonssåret etter heimreise ta direkte kontakt med ortopedisk avdeling eller fastlege.

Infeksjon 

Dersom det er teikn på infeksjon i såret og du ikkje er innlagd ved den regionale spinaleininga di, ta straks kontakt med ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus (55 97 37 70), fastlege eller legevakt for vurdering og eventuelle tiltak. Ta med epikrise. 
Infeksjonsteikn: 
•    Raude 
•    Smertar 
•    Varme 
•    Hevelse 
•    Puss, gul/grøn væske frå såret 
•    Feber/sett ned allmenntilstand 
•    Aukande spasmar 
•    Symptom på autonom dysrefleksi

 

Sist faglig oppdatert 16.01.2026

Kontakt

Sentralblokka Nasjonal behandlingstjeneste for funksjonsforbedrende kirurgi på overekstremiteter ved tetraplegi

Kontakt Nasjonal behandlingstjeneste for funksjonsforbedrende kirurgi på overekstremiteter ved tetraplegi

Oppmøtestad

Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus

 

Kontakt:

Anett Myhre Kallevik
Spesialfysioterapeut
Fysioterapiavdelinga
Telefon 55 97 29 09

Møyfrid Kalvenes
Ergoterapeut
Ergoterapiavdelinga
Telefon 55 97 60 52

Bodil Stokke
Spesialergoterapeut
Ergoterapiavdelinga
Telefon 55 97 50 08

Tetra-teamet
Professor Leiv Hove, Ortopedisk avdeling
Overlege Rakel Sif Gudmundsdottir, Ortopedisk avdeling
Overlege Eivind Strandenes, Avdeling for plastikkirurgi
Lege i spesialisering, Truls Rokne Hanestad, Ortopedisk avdeling
Spesialfysioterapeut Anett Myhre Kallevik, Fysioterapiavdelinga
Ergoterapeut Møyfrid Kalvenes, Ergoterapiavdelinga
Spesialergoterapeut Bodil Stokke, Ergoterapiavdelinga

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.