Avbod/endring av operasjonstidspunkt
Om du blir forhindra frå å komme til det avtalte tidspunktet eller om du blir sjuk (feber, naseforkjølt, halsvonde/hoste etc.) ber vi deg kontakte oss.
Slik førebur du deg heime før operasjonen
På operasjonsdagen kan du ta dei vanlege medisinane dine bortsett frå om du bruker medisinar mot diabetes, det vi kallar Ace-hemmar, A2-blokkere og vassdrivande. Desse medisinane skal du IKKJE ta. Om du er usikker på om nokon av dei medisinane du bruker tilhøyrer nokre av desse medikamentgruppene så la vere å ta medisinane. Ta dei heller med deg til sjukehuset, så tar du dei rette medisinane i samråd med oss.
Du kan ete og drikke som vanleg fram til midnatt. Etter midnatt skal du ikkje ete meir, men du kan røyke, snuse og drikke vatn, saft, jus, brus, te og svart kaffi fram til 1 time før oppmøtetidspunktet ditt.
Ta på deg tøy som er lett å få av og på etter at du er operert, og skotøy som er stødig og enkelt å få av og på.
Når du kjem til sjukehuset vil du få snakke med ein sjukepleiar og få utlevert sjukehustøy som du skal ta på deg. Sidan det kan bli litt ventetid denne dagen anbefaler vi at du tar med deg lesestoff, musikk eller anna underhaldning.
-
Om du skal opererast ved innlegging på sjukehuset: Ei stund før du skal opererast vil du ofte bli køyrd til eit mottaksareal og der blir du liggande fram til operasjonsstua er klar. I mottaksarealet vil du få lagt inn ein venekanyle og om du skal opererast i blokade vil også denne leggast der.
-
Om du skal opererast dagkirurgisk ventar du i same område som du blir køyrd tilbake til etter inngrepet.
Kontaktinformasjon
Hvis du blir forhindret fra å komme til det avtalte tidspunktet eller hvis du blir syk (feber, neseforkjølet, halsonde/hoste etc) ber vi deg kontakte oss på:
- 55972837 (for de som møter på Sengepost 1 Øst/operasjon i Sentraloperasjonen)
- 55970452 (for de som møter og opereres på Dagkirurgen i 2.etg).